JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Koronarapport utan djupn

Rapporten frå Koronautvalet drøftar ikkje godt nok dei vanskelege spørsmåla som handteringa av pandemien reiser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Koronautvalsleiar Øystein Olsen overleverte rapporten til statsminister Jonas Gahr Støre fredag 2. juni.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

10183
20230609
10183
20230609

Rapporten frå Koronautvalet stempla styresmaktene handtering av pandemien som godkjend. I samandraget av rapporten skriv utvalet at etter deira vurdering handterte norske styresmakter covid-19-pandemien på ein «god måte», og at «Norge kommer godt ut på sentrale utfallskriterier sammenlignet med resten av Europa og verden».

Styresmaktenes hovudgrep med å «møte pandemien med tidlig respons og kraftfulle tiltak, av hensyn til liv og helse og for å unngå at helsetjenestene ble overbelastet», vert vurdert som «riktig».

Kritikk på gummisolar

Korleis utvalet tenkjer, går fram av prioriteringa i sluttkapittelet som listar opp «overordnede vurderinger og anbefalinger». Her kjem det fyrst sterk ros av regjeringane Solberg og Støre, som synte naudsynt «politisk lederskap og handlekraft» i «en nasjonal krise som krever inngripende tiltak overfor befolkningen».

Som eit tillegg til rosen vert det sagt at styresmaktene «i enkelte tilfeller var for tilbakeholden med å lette på smitteverntiltak selv om smittesituasjonen og ny kunnskap viste at det var mulig». Utvalet tenkjer då på breiddeidrett og utandørsaktivitetar.

Vidare i oppsummeringa er det avsnitt om tilhøvet mellom regjering og storting, om regelverk som lyt endrast for å gje betre handlingsrom i kriser, om betring av kapasitet og omstillingsevne i helsetenesta, om samarbeid mellom kommunar, kommunikasjon med publikum, økonomisk kompensasjon og liknande – og om korleis ein kan gjere det rette ein gjorde, «enda bedre», som det heiter to gonger i rapporten.

Fyrst heilt på slutten av oppsummeringa kjem utvalet til dei to områda der det vert reist ein verkeleg kritikk mot styresmaktene, som etter utvalets meining etter kvart kunne ha gjeve tiltaka «bedre treffsikkerhet gjennom økt differensiering» for å «lette tiltaksbyrden for de mest utsatte og sårbare». Det gjeld for det meste dårleg informasjon til innvandrarbefolkninga, besøksforbodet for pårørande til bebuarar på sjukeheimar og for harde tiltak for born og unge.

Oppfatninga av at barn og unge vart hardare råka av tiltaka enn naudsynt, ligg òg i påpeikinga til utvalet av at regjeringa under omikronperioden innførte strengare tiltak for barnehagar, ungdomsskular og vidaregåande skular enn kva fagetatane tilrådde.

Men dette er unnatak, for Koronautvalet «vurderer at regjeringens håndtering av pandemien i all hovedsak var kunnskapsbasert, og de politiske beslutningene bygde på faglige anbefalinger, styringsinformasjon og annen relevant kunnskap».

Forenklinga

Men ein kan undra seg over at konklusjonane i rapporten om kor godt styresmaktene takla pandemien, er så enkle og klåre. For pandemien er enno ikkje avklara korkje når det gjeld årsak, forløp eller etterverknader.

Til dømes meinte den førre store rapporten, frå Koronakommisjonen 14. april 2021, at viruset «trolig kommer opprinnelig fra flaggermus som har smittet andre dyr som igjen har overført viruset til mennesket», medan ein alt månaden etter kunne lesa ein artikkel av vitskapsjournalisten Nicholas Wade, tidlegare tilsett i New York Times, om at viruset truleg stamma frå ein lekkasje frå eit forskingslaboratorium i Wuhan, noko også ein offisiell amerikansk forskingsrapport fann sannsynleg.

Ein reportasje i Aftenposten 5. desember 2020 hadde tittelen «Kina har vunnet i kampen mot pandemien», og årsakene til at «Kinas kamp mot koronaviruset har vært en suksesshistorie», som det stod i avisa, skulle ha vore isoleringa og nedstenginga av provinsen Hubei og byen Wuhan. Men i mai i år går prognosane for Kina ut på at 65 millionar vil verta smitta kvar veke gjennom sommaren. I USA vert det framleis diskutert kvifor California med strenge tiltak kom ut av pandemien med om lag same resultat som Florida med liberale tiltak.

Det synest såleis å kunna vera mange grunnar for usemja om kva som er den beste handteringa av pandemiar.

Modelleringa

Utvalet vert i mandatet bede om å vurdera «scenarier/modelleringer som beslutningsverktøy i krise». Dette blir gjort i kapittelet «Matematisk infeksjonsmodellering». Her kunne ein ha venta seg eit kritisk blikk frå utvalet, som syner til at innstramminga av koronatiltaka 13. desember 2021 i høg grad baserte seg på modelleringsresultat frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Desse modelleringane gjekk ut på at det framover i 2022 kunne verta opptil 300.000 smitta dagleg, opptil 200 sjukehusinnleggingar dagleg, og nye scenario auka tala til opptil 400 innleggingar dagleg og 2500 sjukehuspasientar på same tid.

Det var denne modelleringa som førte til dei skjerpa og forlengde tiltaka under omikronvarianten i 2021–22, altså nett det som utvalet kritiserer styresmaktene sterkast for. Men utvalet finn likevel ikkje grunn til å kritisera bruken av modellering som avgjerdsgrunnlag: «Utvalget mener at slike fremskrivninger har klar nytteverdi som beslutningsgrunnlag, og derfor også bør brukes i fremtidige kriser.»

Kastar vi blikket ut over Noregs grenser, vert vi her minte om at modelleringa frå Imperial Collage i 2020 med åtvaringa om at ukontrollert speiing av viruset kunne føra til 510.000 døde i England og 2,2 millionar døde i USA, hadde avgjerande innverknad på innføringa av strenge tiltak i begge landa. Sentralt i desse modelleringane stod epidemiologen og professoren i matematisk biologi Neil Ferguson, som tolka funna i éi einaste lei, nemleg at «det er verkeleg ikkje noko anna alternativ enn å fylgja i Kinas fotefar og undertrykkja» (New York Times 17. mars 2020), det vil seia fylgja strategien med å «slå ned» viruset.

Men var det rett strategi?

Paradigmeskiftet

Det er vanskeleg å kritisera Solberg-regjeringa for heilt i byrjinga av pandemien å ha teke høgd for at viruset kunne råka mykje breiare enn det etter kvart synte seg at det gjorde. Det var vel knapt nokon som protesterte dei første dagane og vekene. Heller ikkje eg, som var for nedstenging i den tidlegaste fasen. Men sjølv om det var rett då, ut frå det vi visste, kan det ut frå det vi no veit, likevel ha vore ein feilaktig strategi? Noka inngåande undersøking av hovudstrategien, om denne i ettersynet står fram som rett eller ikkje, får vi ikkje i rapporten.

Den fyrste Koronarapporten kallar nedstengingsstrategien for eit «paradigmeskifte i synet på håndtering av pandemi». Men det var eit paradigmeskifte som gjekk attende i tida. «Det var en politisk vilje til å ta i bruk på et vis historiske, alderdommelige og middelalderpregete tiltak verden ikke har sett i nyere tid», sa FHI-direktøren Camilla Stoltenberg til kommisjonen, som skreiv at det i denne pandemien vart brukt «tiltak for å slå ned smitte som ingen vestlige land eller WHO hadde planlagt for».

Heile den vestlege verda snudde i denne saka i løpet av dagar, så å seie, inspirert av sterke bilete frå Kina som synte både døyande menneske på gata og resolutte tiltak ein kunne forventa av eit autoritært regime i ein totalitær stat, men som ingen trudde var mogelege i vestlege land, ikkje eingong i mild versjon.

I ettertid lyt ein spørja seg om det ikkje var nett kombinasjonen av bileta av sjuke og døyande i Nord-Italia i februar 2020, dei uhyggelege modelleringane frå Ferguson i mars 2020 og bileta av dei resolutte tiltaka i Kina som opna for paradigmeskiftet i vestlege demokrati.

Dette paradigmeskiftet står fram som eit brot med strategiane mot pandemiar som bygde på historiske røynsler frå pandemiane på 1900-talet: spanskesjuka i 1918–19, asiasjuka i 1957–58 og Hong Kong-sjuka i 1968–70. Det braut vel òg med den rådande tenkinga i helsefaglege eller epidemiologiske miljø, som gjekk ut på at «inngripende smitteverntiltak først skulle setjast inn i en fase med utbredt spredning», som det heiter i Koronakommisjonens rapport frå 2021, ettersom få trudde at denne typen pandemi kunne overvinnast på anna vis enn gjennom flokkimmunitet.

Var det tradisjonelle paradigmet meir rett enn det nye, i lyset av det som skjedde etter paradigmeskiftet? Dette spørsmålet kunne ein nærma seg svaret på ved å sjå på utviklinga i Sverige, som i byrjinga ikkje var med på paradigmeskiftet, men fylgde den inntil då rådande vitskapen.

Rapporten til Koronautvalet har mange samanlikningar mellom Noreg og Sverige, men inga djupare drøfting av skilnaden i paradigme. Det vert berre synt til dei høgare svenske dødstala i starten av pandemien, og til den svenske koronakommisjonen som kritiserer den svenske Folkhälsomyndighetens vurderingar.

Gjorde svenskane rett?

Om paradigmeskiftet når det gjeld handtering av pandemiar hadde vore vel grunngjeve, ville vi i dag ikkje ha diskutert skilnadene på Sverige og Noreg. Då ville den svenske handteringa framleis ha vore ein katastrofe, slik ho gjerne vart oppfatta enno i 2020. Men slik er det ikkje.

Den svenske epidemiologen Anders Tegnell valde ein annan strategi enn Noreg. Her frå ein pressekonferanse tysdag 9. juni 2020.

Foto: Fredrik Sandberg / TT / AP / NTB

På grunnlag av tal for overdødelegheit over tid, som har vore rekna som det einaste pålitelege rekneviset for dødstal under pandemiar, er dødstala for covid-19 i Noreg og Sverige nesten like. Ifylgje Svenska Dagbladet 4. mars i år er Sveriges samla overdødelegheit for pandemiåra 2020–22 lågast i Europa. Det vil seia at pandemien kravde høvesvis fleire dødsoffer i Noreg enn i Sverige.

Sverige valde å byggja på den historiske røynda frå tidlegare pandemiar. Det vil seia at svenskane bygde på empiri og handla rasjonelt og vitskapleg. I Noreg – og i resten av Vesten – mista vi hovudet. Vi leit ikkje lenger på røynsle og vitskap, men bygde meir på politiske vurderingar og avgjersler, som igjen var bygde på bilete frå skrekkreportasjane frå Kina og Italia.

Redsla slo ned i folkesetnaden som overtyding om at vi stod midt i noko som likna ein global pest som kunne råka friske og sjuke, gamle og unge med dødeleg utfall. Politikarane lytta til folkeskrekken.

Slik kom paradigmeskiftet i stand. Det var ikkje uforståeleg. Men det var heller ikkje eit vitskapleg skifte. Det var eit val av matematisk modellering i staden for historisk røynsle, av politikken og framfor vitskapen, av redsla framfor fornufta, og av underkastinga under kollektivet framfor fasthaldinga av fridomen og verdet til einskildindividet.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis