JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kommunar i den norske modulen

Det heilage generalistprinsippet kan falla med ein mislykka regionreform som ingen elskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidlegare kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) og KS-leiar Gunn Marit Helgesen (H) drikk i takt, men departementet er lite villig til å gje frå seg makt.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

5412
20180831
5412
20180831

hompland@online.no

Det er mykje pragmatikk og mange kompromiss og praktiske løysingar i norsk politikk og forvaltning på alle nivå. Det får det til å gå rundt. Men i festtalar til Den Norske Modellen er to truvedkjenningar like heilage som trepartssamarbeidet: universalitet og generalistprinsippet.

Universelle velferdsrettar er ein grunnstein i den skandinaviske modellen. Utan at behovet skal prøvast, har alle borgarar same krav på og rett til offentleg velferd, uavhengig av kva dei har ytt i skatt, avgift eller forsikringspremie. Sosial status og økonomi skal ikkje stenga nokon ute frå å nyta godt av offentlege velferdsgode. Det skal sikra omfordeling og utjamning av levekår, så lenge alle har tillit til systemet – både fattige og rike og alle oss i mellom.

VERTINNA liker ikkje universalitetsprinsippet. Ho synest det er merkeleg at dei som ikkje har bruk for pengane, skal få det same i barnetrygd som dei som verkeleg treng dette tilskotet. Dersom staten ikkje ausa ut pengar over dei rike, ville det vera meir til dei fattige.

Men Vertinna held det også for rettvist at dei som er høgt på strå og betaler mest i skatt, har mange føremonar. Ho veit at ein ikkje skal tala høgt om det, men veit jo at det er slik det er.

MEIR MAKT og pengar og fleire oppgåver til kommunane er første til tredje bod for Gunn Marit Helgesen og KS, men størst av alt er generalistkommunen. Alle kommunar skal ha same rettar, plikter og ansvar – uansett om dei er store eller små, robuste eller rådville, så lenge dei ikkje kjem på Robek-lista og blir sette under ein høgare administrasjon.

Byråsjefen kan når om helst greia ut om det gode, tenlege, ansvarlege og nærdemokratiske i generalistprinsippet, for han kan kommunelova og talemåtane på rams. Men i sitt stille sinn tenker han at det er mykje sjølvbedrag ute på høyring. På bakrommet i forvaltninga er dei samde om at det er mest behageleg å halda fast på A4-ordningar som tvingar alle kommunar ned i ei prokrustesseng.

GENERALSPRINSIPPET gjeld også for fylkeskommunane. Derfor vil det minste fylket definera kva for oppgåver som kan overførast frå staten til mellomnivået. Unntaket er varige særordningar for Oslo, som er både ein kommune og eit inneklemt fylke, omgitt av fiendar – bortsett frå i statens auge, for Valgerd Svarstad Haugland skal dra til Moss og vera felles fylkesmann for Oslo og Viken-bastarden.

Dersom finnmarkingane ikkje skjøner sitt eige beste, men slepp fri frå tvang og tyranni, kan også smålenene, sognamenn og forherda hallingar henga seg på tilbaketoget og yta aktiv dødshjelp til regionreforma. Då er det ikkje berre Vestland og Viken frå Hallingskarvet via Galleri Oslo til Halden som er på vikande front, men heile ideen om meir makt til større fylkeskommunar. La oss derfor koma i hug at dei to store regjeringspartia er mot eit folkevalt mellomnivå, men at dei hestehandla bort prinsippet for ein linsevelling mot at Kristeleg Folkeparti lova å frelsa kommunesaneringa med tvang.

Med ein absurd fylkesreform og ein tafatt kommunereform med for få større og robuste kommunar, slepp statsforvaltninga, etatane og direktorata å gje frå seg særleg mykje makt. Dei regionale politikarane vil halda fram som bleik pynt på eit visna juletre. I sin byråkratiske visdom meiner Byråsjefen at dette vil vera det beste for land og folk.

BYRÅSJEFEN har høg roskompetanse, men har aldri rosa Spaltisten. Tvert imot, og slett ikkje når Spaltisten leikar seg med scenario, for det meiner Byråsjef er noko stort tull, for i forvaltninga held dei seg til prognosar og politiske realitetar. Men han gjer eitt unntak, for det er som om han skulle ha kome på det sjølv. Han ser heller ikkje bort frå at han kan ha gjort det, men halde kjeft i lojalitet til dei politisk føresette.

DET HADDE SEG slik at Spaltisten eingong, saman med kunnige folk, var med og laga scenario for KS om framtida til norske kommunar – i fall dei framleis lever i 2037.

Eitt scenario heitte «Kjøpesenteret». 100 store, ulike og avpolitiserte kommunar tenker mangfald og valfridom, kunde, marknad og «bestillerkompetanse». Dei produserer ikkje tenester i eigen regi, men kjøper dei frå private aktørar og fordeler dei etter minimumsstandard, med store innslag av brukarbetaling.

I «StatKom» er velferdstenester lovfesta, og staten kontrollerer og fører stramt tilsyn for å hindra ulikskap. Kommunane er store og effektuerer statlege ordningar utan slingringsmonn for lokalt sjølvstyre.

BYRÅSJEFEN FALL for «Den norske modulen» der generalistkommunen er død. Her er det fleire store kommunar enn i dag, men også mange fleire små. I dette differensierte systemet har dei store mange oppgåver, medan dei minste er som velforeiningar og historielag å rekna, og begge slaga er godt nøgde med stoda. Dei små kjøper tenester hos dei store eller private, med fylkeskommunen som hjelpeorgan.

Byråsjefen trur me kan hamna der, og han meiner at i dagens interkommunale realitet er me på god veg dit. Som fotballentusiast liker han at kommunane kan rykka opp og ned i divisjonane. Som sentralforvaltar veit han at det alltid vil vera bruk for tenlege modular og departemental gulrot og pisk.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Valgerd Svarstad Haugland skal dra til Moss og vera felles fylkesmann for Oslo og Viken-bastarden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis