JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Klimaaktivismen kan betre enn dette

Klimakampen treng kreativ motstand, men å gjere motstand er å skape, ikkje øydelegge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skulpturane vert vaska etter at aksjonistar frå Stopp oljeleitinga grisa til «Monolitten» og andre figurar i Vigelandsanlegget for to veker sidan.

Foto: Javad Parsa / NTB

5920
20221202
5920
20221202

Med det same skjønar eg ingenting. Har nokon limt seg fast til måleriet «Jente med perleøyredobb» av Alexandre Desplat for å protestere mot oljeboring? Kallar vedkomande seg klimaaktivist? Har nokon faktisk kasta suppe på Vincent van Goghs solsikker, og potetstappe på høystakkane til Claude Monet?

Kva skjedde med den klimamedvitne generasjonen, dei smarte aksjonistane som kunne retorikk og samla massane? Er det sant at Gustav Vigelands «Monolitten» er oransje fordi nokon er sinte på at vi framleis pumpar opp olje?

Aksjonane er lette å hisse seg opp over, og like lette å le vekk, og begge delar er nok aksjonistane klare over – på same måte som dei er klare over at om nokon skal le dei vekk, må dei ha fått med seg kva dei har gjort fyrst. Folk som ikkje fekk med seg at aktivistar knytte til dei same grupperingane – med namn som Just Stop Oil og Extinction Rebellion – stadig blokkerar vegar, eller at ein sveltestreikande 34 år gamal aktivist vart lagd inn på sjukehus midt i november, eller at over 2000 personar er arresterte etter klimaaksjonar i år berre i Storbritannia.

Lov mot å lime seg fast

Ja, klimaaktivistane har rota opp såpass mykje der borte at britane nyleg vedtok ei heilt ny lov, spesialdesigna for å stoppe dei: Ifølgje The Public Order Bill kan det å lime seg fast til noko eller sette seg i vegen for noko (blokade), straffast med opptil seks månaders fengsel, ei uavgrensa bot, eller begge delar.

Med eitt er det blitt lite å le av. Lat oss utforske i staden. Dei som limer seg fast til kunstverk, kjem jo frå ein stad, dei òg. Eg kjem på the Biotic Baking Brigade – kakekastarane – som byrja karrieren sin med å kaste ei blautkake i andletet på Bill Gates i 1998. «Åtaket på Bill Gates er symbolsk, det er mot sjølve den hierarkiske makta», sa kakekastaren i etterkant. I åra etterpå fekk ei rekke mektige menneske kake i andletet – frå økonomen Milton Friedman, via den svenske kongen til Kristin Halvorsen då ho var finansminister.

Kakekastarane såg seg sjølve som ein del av the Culture Jammers – aktivistar som ikkje fann seg til rette i etablerte organisasjonar, verken innanfor eller utanfor det parlamentariske systemet, som var kreative, kunnskapsrike og gjerne godt utdanna. Aktivismen deira var hardtslåande, men også humoristisk, ofte vrei og vrengde dei på røyndommen: Gruppa Adbusters, inspirert av Naomi Kleins definerande bok No Logo (1999), brukte storkonserna sine eigne påkosta reklamekampanjar til å gjere narr av dei.

Dei feite åra er forbi

Og så kjem eg på den tyske kultfilmen Die fetten Jahren sind vorbei frå 2004. Han handlar om tre tyske ungdommar som er forbanna på ulikskapane det kapitalistiske systemet skapar, og som syner det gjennom å bryte seg inn i luksusheimane til rike folk. Ikkje for å stele, nei då, dei tek ikkje med seg nokon ting, men dei flyttar rundt på alle møblane, lagar tårn av dei fine matstovestolane og set stereoanlegget i kjøleskåpet – og så legg dei att ein lapp. På lappen står det nettopp: Dei feite åra er over – altså Die fetten Jahren sind vorbei på tysk – eller Du hast zu viel Geld – du har for mange pengar. Dei skulle ikkje skade. Berre skake litt. Slik kakekastarane gjorde – og slik suppekastarane no gjer.

Eg hugsar kor den filmen snakka til meg i 2004, då eg var meir gateaktivist enn eg er no. Og med eitt skjøner eg at eg ikkje er så annleis enn desse suppekastarane – at eg lett kunne vore ein av dei, om eg ikkje hadde fått utløp for motstandstrongen min på andre måtar.

Det indre raseriet

Ja, og så ser eg dei sjølvsagt annleis, då, med eitt. Eg kjenner desperasjonen deira – etter å gjere eit eller anna, same kva, berre det rører ved noko, for det er jo så forbanna umogleg, dette her, denne verda og samfunnet som går heilt i feil retning, og kva kan vesle eg gjere? Eg trur kunstaktivistane mest av alt kjenner på ein desperasjon i livet – at dei er så langt frå den verda dei ynskjer seg. Og dei har ikkje nokon stad å dra.

Det finst ikkje nokon stad å dra for å sleppe unna klimaproblema. Det er det som er problemet. Vi kan ikkje tilby dei med ekstra strenge klimakjensler eit draumeland der dei kan redde verda. Vi kan heller ikkje låse dei inne og tru at dei forsvinn. Så mykje energi vert ikkje borte – han finn berre nye former.

Nye aksjonsformer

Verda treng nye former. Men dei må ikkje vere øydeleggande. Sjølv om ingen av aksjonsformene eg har nemnt så langt, er direkte valdelege (kakekastinga er nok nærast) eller gjer stor skade, skakar dei dei som vert utsette for det. Innbrot er eit overgrep, sjølv om ingenting vert stole. Kakekastinga gjorde tryggingstiltaka kring politikarar i Noreg strengare og avstanden til dei større. Og ikkje minst er grenser som er skubba på, lettare å flytte: Dei tre tyske filmungdommane endar til dømes med å kidnappe ein av huseigarane dei bryt seg inn hjå.

Filmen er fiksjon. Kanskje burde vi ikkje blande det inn i røyndommen. Men så lenge ei verd det går an å leve klimatrygt i, er like langt unna som den fjernaste draumen, må vi leve med at folk slepper ut frustrasjon. Menneske med makt må tole å verte utfordra, men skal ikkje vere redde når dei legg seg om kvelden.

Aksjonar mot institusjonar slår hardare enn mot enkeltpersonar: Å blokkere regjeringskontor, konsernhovudkvarter og boreplattformer på veg til nye oljefelt er ulovleg, men ikkje nødvendigvis urimeleg, så lenge det vert gjort ikkjevaldeleg og med omtanke.

Å blokkere vegar må tolererast som aksjonsform, tenkjer eg, men når lenger som ein fargerik gatefest enn ein mørk lenkjegjeng. For det å gjere motstand må òg vere skapande, ikkje øydeleggande. Kunst, kamp og kreativitet høyrer saman, og nettopp difor er det trist når det er kunsten som vert råka. Klimaaktivismen kan betre enn dette.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis