JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kjenner du GPS-koordinatane til soverommet ditt? Det gjer dei!

Da eg for mange år sidan las at internettet var laga for militære føremål, trudde eg ikkje på det. Men eg studerte jo humaniora og hadde ikkje særleg forstand på dei eksakte vitskapane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein russisk rakett drap Oleksij Vadaturskyj, den største kornhandlaren i Ukraina, og kona hans, Rajsa, i soverommet deira.

10037
20220805

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Det er berre det som kan forklare kvifor eg var så naiv den gongen. Først seinare kom eg i hug at atombomba kom mykje tidlegare enn dei første kjernekraftverka.

No når «det militære internettet» er vel så mykje brukt i Ukraina som «det fredelege internettet», tvilar eg ikkje lenger på at militær vitskapleg utvikling er prioritert.

Dessutan skjønar eg at frå eit militært synspunkt er alt i verda, inkludert kvar einaste innbyggjar på planeten, eit mogleg mål, og at alt som finst, har faste eller vekslande GPS-koordinatar som gjer det råd for destruktive krefter å treffe det valde målet med stor presisjon. Dei same GPS-koordinatane som hjelper meg å finne ei forhistorisk hòle på Kreta, kan leggjast inn i ein rakett skoten opp frå ein russisk undervassbåt i Svartehavet for å øydeleggje, eller, på moderne russisk, «denazifisere» denne hola.

Det verkar som ein av dei førti rakettane som vart sende for å blåse den ukrainske byen Mykolajiv i lufta den 31. juli, var programmert til å treffe soverommet i eit bustadhus. Det var den raketten som drap eigaren av Nibulon, det største ukrainske selskapet for kornhandel. Offera var Oleksij Vadaturskyj og kona hans, Rajsa.

Sjefsredaktøren for den russiske TV-kanalen Russia Today, Margarita Simonjan, reagerte straks på dette drapet med ei erklæring om at Oleksij Vadaturskyj stod på den russiske sanksjonslista over dei som er mistenkte for å finansiere «hemnoppdrag». Det er ikkje heilt klart kva slags «hemnoppdrag» ho snakka om, men i alle fall, som Simonjan skreiv i twittermeldinga si: «Han kan no fjernast frå lista.»

Eg er så godt som viss på at Vadaturskyj – som den 15. rikaste mannen i Ukraina, ifølgje Forbes Magazine – hjelpte landet sitt og den ukrainske hæren. Han må ha kjent seg trygg på ukrainsk siger, elles ville han ha forlate Mykolajiv – der det er daglege rakettåtak – og reist til ein sikrare stad. Den franske journalisten Olivier Truc (Le Monde), som møtte Vadaturskyj få dagar før han døydde, skreiv at millionæren visste han var eit mål. Som nøkkelperson i ukrainsk korneksport var Vadaturskyj med på førebuinga av skipsruter for korneksporten under avtalen som vart forhandla fram av Tyrkia og FN. Det første «test»-skipet med 26.000 tonn kveite under Sierra Leone-flagg forlét hamna i Odesa søndag utan hans velsigning.

Kornkorridoren frå Odesa gjennom Bosporos og vidare er eit faktum, og Ukraina har teke opp att eksporten av landbruksprodukt medan landet er i full krig med Russland. Det er nok ufatteleg dyrt å forsikre desse skipa, men i denne situasjonen er berre det at eksportrutene er opna att, eit særs verdfullt nyhende. Ukraina treng å tene pengar, som i hovudsak vil gå til hæren, medan Russland kan skaffe seg pengar til aggresjonen sin nesten overalt, inkludert i Europa, så lenge dei framleis kan selje gass og olje der.

I Kyiv har det ikkje vore problem med gassen så langt. Der var det berre problem med bensin og salt, men dei er alt løyste. Problemet no er det konstante behovet for blod. Folket i Kyiv, til liks med andre ukrainarar, er vande med å gje blod. Ingen blir overraska over køane ved blodbanken til Okhmadet barnesjukehus, der dei har behandla skadde soldatar sidan krigen tok til.

Men at også munkane ved Kyiv–Petsjersk-klosteret og teologistudentar knytte til Moskva-patriarkatet nyleg bestemte seg for å gje blod til dei skadde ukrainske soldatane, det overraska mange. For ikkje lenge sidan nekta leiarane for Den ukrainske ortodokse kyrkja under Moskva-patriarkatet å vere med på å heidre minnet om drepne ukrainske soldatar. No gjev munkane i den same Moskva-kontrollerte kyrkja blod til dei såra ukrainarane! Kan hende er årsaka at dei ønskjer å syne lojalitet til Kyiv, ikkje til Moskva. Eller kanskje gjer dei det til minne om munkane og nonnene i Svjatohirsk-klosteret under Moskva-patriarkatet i Donbas som døydde i eit russisk rakettåtak? Same kva årsaka til dette haldningsskiftet er, hovudsaka er resultatet: velfylte blodbankar.

Det som no vantar i Kyiv, er oppslaga med valutakursar utanfor vekslekontora og bankane. Etter den russiske invasjonen endra vekslingskursen seg lite, og desse kursoppslaga var eit trøystefullt syn i store og små ukrainske byar. Men etter kraftige fall i verdien av hrivna, den ukrainske valutaen, har sentralbanken no forbode offentleggjering av valutakursar. For å finne vekslingsverdien til den nasjonale valutaen i høve til euro lyt ein gå inn i ein bank eller på eit vekslekontor, setje på seg brillene, stire opp på eit dokument som er hengt opp bak glas i nærleiken av luka til kasseraren, og som med lita skrift gjev opp kursane for kjøp og sal. Fontane som er nytta i desse dokumenta, er ofte så små at ein gjerne treng lupe for lese det som står der. Sjølvsagt er det enklaste å spørje kasseraren, og om han er ei venleg sjel og ikkje har noko imot å svare på det same spørsmålet hundre gonger, kan ein klare seg utan forstørring.

Trass i daglege tragiske nyhende har ikkje ukrainarane mista sansen for humor. Vitsar er truleg den billigaste måten å berge ein viss optimisme på. I seinare tid handlar tallause anekdotar, vitsar og teikneseriestriper om sentralbankens pålegg om å gjere vekslingskursane halvt hemmelege. Den mest populære vitsen er at i framtida vil dei ukrainske styresmaktene forby prislappar i supermarknadene. Kundane vil ikkje få greie på totalprisen før dei kjem i kassen.

Med humor – av og til med skikkeleg sint humor – har ukrainarane teke imot andre nye tiltak frå lokale eller sentrale styresmakter. I førre veke innførte mange byar ein regel om at all offentleg transport må stogge når det er flyalarm, og passasjerane må visast til næraste bomberom. Denne regelen er alt sett i verk i Kyiv og Vinnytsia. Sant nok er han berre delvis teken omsyn til. Bussar og trikkar stoggar når sirena lyder, og førarane ber passasjerane om å stige av og gå til ein trygg stad, men vanlegvis vert passasjerane ståande ved trikken eller bussen dei forlét, og vente på at flyalarmen tek slutt, så dei kan halde fram med reisa. På det viset har nokre rørlege mål blitt stasjonære og mykje lettare å treffe.

Ein kan diskutere lenge om logikken i somme avgjerder, men det er to ting som ligg bak nesten alle: omsynet til tryggleik og den vanskelege finansielle stoda til landet. På grunn av mangelen på pengar til våpen diskuterer regjeringa no innføringa av ein ny skatt på ti prosent på alle importerte varer. Det vil bety ti prosent prisauke på alt som er importert, på toppen av den inflasjonen Ukraina opplever nett no. I fredstid kunne ein slik skatt stimulere heimleg produksjon av varer. Men den ukrainske økonomien, som president Zelenskyj sa for nokre dagar sidan, er i koma. Mange fabrikkar er øydelagde, og delar av industrien er stengd og fungerer ikkje. Somme fabrikkar og andre verksemder er i ferd med å flytte til Vest-Ukraina. Det inneber at det i hovudsak er importerte varer som vert selde, og dei vil utan tvil stige i pris.

Samstundes må det seiast at det dukkar opp nokre nye verksemder, for det meste slike som leverer til krigsinnsatsen. Dei produserer klede og utstyr til militært personell, lagar skotsikre vestar og solide sko til soldatane. Desse lokalt produserte varene blir kjøpte av friviljuge og grupper av friviljuge med pengar som er samla inn blant innbyggjarane og utanlandske vener av Ukraina.

Krig skaper også andre uvanlege jobbar. Til dømes har det dukka opp firma som tilbyr førebuande tiltak før fjerning av miner frå jordbruksland. Sjølve mineryddinga kan berre utførast av sertifiserte mineryddarar frå private eller offentlege verksemder. I Ukraina er det berre tre private selskap som har løyve til å rydde miner, men for to av dei er løyvet i ferd med å gå ut på dato. Kvart selskap sysselset 10–15 mineryddarar – det er svært få. Rekkja av bønder som ventar på å få markene eller hagane reinska, er lang. Nokre vert utolmodige og vender seg til uoffisielle – og dermed illegale – mineryddarar for å få hjelp. Uoffisielle mineryddarar er ofte tidlegare militære og folk som leitar etter skattar med eigen metalldetektor. Desse uoffisielle mineryddarane krev mykje pengar for å gjere jobben kjapt, men gjev ingen garantiar.

Dei offisielle priskrava frå eit privat selskap med løyve er temmeleg høge, frå tre dollar per kvadratmeter for inspeksjon. I dag tener ein godkjend mineryddar i Ukraina om lag 700 euro i månaden. Kor mykje uoffisielle mineryddarar tener, er ikkje kjent. Men etter det bønder fortel, krev uoffisielle mineryddarar tusen dollar for å fjerne miner frå eit jorde på eitt hektar.

Ifølgje organisasjonen for mineryddarar i Ukraina er minst 4,8 millionar hektar minelagde i landet, og da er ikkje Tsjernobyl-sona, som ei tid var okkupert av den russiske hæren, rekna med. Nokre strok i Donbas har ikkje vore rydda for miner sidan 2015.

Det er synd at Google Maps enno ikkje har utvikla eit system for å åtvare når ein nærmar seg eit minelagt område. Men Google Maps opplyser at ein framleis kan køyre frå Kyiv til det okkuperte Donetsk på under elleve timar. Freistar dei òg vere morosame?

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At også munkar og teologistudentar knytte til Moskva-patriarkatet nyleg bestemte seg for å gje blod til dei skadde ukrainske soldatane,
det overraska mange.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis