Jole-CO2
No måndag hadde vi inn sauene på garden, rettare sagt, det var ikkje «vi», sjølv dreiv eg og hengde opp spekekjøt etter saltinga. Nei, det var broderen og kona hans som hadde inn sauene. Det er sjeldan sauene er ute i november, men sidan hausten har vore lang og mild, har vel bror min nytta høvet til å spara litt på vinterfôret, som det er lite av etter turkesumaren.
For min del tykkjer eg at det var for tidleg å ha inn sauene. Det er framleis mildt på Vestlandet, og dessutan sovnar eg mykje lettare til bjølleklangen deira. Så ja, eg vedgår det ope. Liv Finstad hadde meir enn rett: Sauer er ålreite dyr. Men det er det mange år sidan både Raudt og dei fleste andre partia har hevda. Sauer er ikkje lenger ålreite dyr. Sauer er nemleg den store klimasatan sjølv. For, som vi veit: Sauer er drøvtyggarar, og drøvtyggarar lagar metan og bla-bla.
Men no skal du få eit godt argument for sau og kyr og bønder og distrikt: Knapt 20 prosent av folket i Noreg bur i distrikta, altså utanfor byar og store tettstadar. Alle sauene bur utanfor tettstadane. Kvar nordmann slepper i snitt ut om lag 9 tonn CO2. Det vert 9 millionar tonn for distriktsnordmannen. Så kan du leggja til landbruket og all aktiviteten og utsleppa det generer, då er vi oppe i 13–14 millionar tonn. Vidare kan du seia at dei som bur i distrikta, slepper ut litt meir av di dei har større hus og køyrer litt meir. Vi seier at distrikta, sauene, ja, alt i hop, generer eit utslepp på 15 millionar tonn.
Kvart år bind norsk skog opp halvparten av norske klimautslepp. Vi snakkar om 25 millionar tonn. Nettoutsleppa frå Distrikts-Noreg og norsk sau er i kraftig minus. Men før du gjer framlegg om å leggja ned oljenæringa i staden, norsk gass reduserer europeiske kolutslepp svarande til 300 millionar tonn, seks gonger Noregs samla utslepp. Et pinnekjøtet ditt med godt samvit.
JH
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement