Ikkje fullt så gale
Ja, det er gale, det Statoil gjorde i USA. Men tapa har vore kjende lenge, og det er framleis von.
Helge Lund utvikla hybris i tida si som konsernsjef i Statoil. Men hybris var ei utbreidd sjuke i oljebransjen i dei åra oljeprisen steig til himmels.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Helge Lund utvikla hybris i tida si som konsernsjef i Statoil. Men hybris var ei utbreidd sjuke i oljebransjen i dei åra oljeprisen steig til himmels.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Det må ha vore to underlege veker for leiinga i Equinor. Her har dei kvart einaste år sendt ut oppdateringar om kva dei har investert i USA, og kor mykje dei etter oljeprisfallet i 2014 har tapt i USA. Men fyrst etter at Dagens Næringsliv for to veker sidan kom med det dei kalla ei avsløring, har det vorte debatt i Noreg om kvifor Statoil, som selskapet heitte, investerte så mykje i USA, og kvifor dei har tapt så mykje i USA. Reportasjen i Dagens Næringsliv var særs underhaldande, og lesarane fekk vita mykje om ukultur i USA-delen av Statoil, men avsløringa om dei samla tapa, ja, dei hadde journalistane frå årsrapportane til nett Statoil og seinare Equinor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.