JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Ikkje alltid det som svarte seg best

Den sta og stridsglade Stein Tveite blei ein inspirerande gudfar for økonomiske historikarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stein Tveite (2. mai 1930–22. oktober 2022), oppvaksen mellom Kristiansand og  Vennesla, men av jord var han komen i all si gjerning. Han vart gravlagd frå Ullern kyrkje tysdag denne veka.

Foto: Privat

5877
20221104
5877
20221104

hompland@online.no

«Slag under beltestaden må ein berre bøye seg for». Denne steingrunnen frå Dag og Tid var teksten på T-trøya mi då eg kom inn i møterommet på Hotel Norge i Kristiansand.

«Slik ei vil eg òg ha», sa Stein Tveite. Eg svarte at eg hadde tuska henne til meg i bladstova, for ho har eigentleg vore premie til fortente vinnarar av quiz og kryssord. «Eg må vel vera fortent», meinte Tveite, «for eg har vore tingar sidan første nummer for 60 år sidan».

Eg kunne ikkje anna gjera enn vrenga av meg trøya og gje henne til Stein. Han bar henne sidan med byrgskap. Men eg tenkte mitt: Den mannen har aldri bøygd seg for slag, verken over eller under beltestaden, og han har slått tilbake på same vis.

SteiN Tveite levde eit fagleg liv i polemikkar som har drive fagfeltet framover. Få kontroversar var for små, men han gjekk helst laus på mastetrea i historikarskogen. Han hadde eit livslangt og produktivt fagleg uvennskap med Kåre Lunden. Men det han helst ville hogga ned, var Sverre Steens embetsmannsideal om bønder som skulle leva i naturalhushald og sjølvberging på eige bruk.

Bondefamiliane, det vil seia folk flest, var ikkje sjølvdyrkande av tradisjon, dokumenterte Tveite, men av naud, statlege pålegg og merkantilistisk tvang. Dei slo seg gjerne på nye kombinasjonar og utvegar til livberging når det var opning for det.

TVEITE var professor i landbrukshistorie med base på Noregs Landbrukshøgskole (NLH), seinare UMB («Ut Med Bønda») og nå med NMBU som curtform. Men mest tid brukte han i Riksarkivet, der han grov seg ned i historiske dommar, matriklar og protokollar av ymse slag. Han fann mykje originalt og forvitneleg frå seinmellomalderen, men kom ikkje alltid opp att med dei lange linene. Han skreiv tidleg langt og tjukt på samnorsk, men blei etter kvart ein mann for korte og spisse tidsskiftartiklar på malmtungt nynorsk.

Han fekk status som inspirerande gudfar for økonomiske historikarar. Då han fylte 60 år, gav miljøet ut festskriftet Det som svarte seg best (Ad Notam, 1990). Tittelen er kjernen i Tveites faglege ståstad, og hans gjerning har alltid vore nær jorda. Men sosialt og kollegialt gjorde han ikkje alltid det som svarte seg best.

VERTINNA KJEM I HUG denne spesielle karen frå salongen på pensjonatet; han kan vel ha vore på høgskulen som gjesteførelesar, sensor eller opponent. Han var ein lettleg gjest i kosten, for han ville ikkje ha «noko matsøl». Han ville riva kjeft og ha whisky og øl. Og han ville ikkje ha ei rekning som gjorde serveringa om til mat.

Dette er ein variant av ei vandresoge om Stein Tveite: Då rekneskapskontoret ikkje ville godkjenna diett med berre øl, tok den ertelyste ølhunden opp kampen og førte han fram til siger. Han argumenterte med at det var rekneskapskontoret uvedkomande på kva måte han inntok kaloriane sine, så lenge han heldt seg innanfor Statens satsar. Det må leggast til at ingen har dukka djupare ned i kjeldene for å halda styr på dei fiskale sidene av øl- og brennevinsimporten over Skagerrak i dansketida.

STEIN TVEITE VAR PREGA av engelsk historikartradisjon etter læreår ved London School of Economics, men han levde opp til eit tysk akademikarideal: Ein Professor ist ein Mann, der anderen Meinung ist.

Han var ein kranglefant – både i livshaldning og som fagleg ståstad. Han var uvørden og opposisjonell av lyst og legning. Han var ein preikar som ikkje tok omsyn til at alt har si tid. Han kunne bygga opp og riva ned samstundes. Dei som klarte å ta overhøv­lingane hans, hadde stort utbytte av den faglege sjenerøsiteten, for han var eit overflodshorn av kunnskap. Og han overlevde mykje meir enn nokon skulle tru. Harde kontroversar, ufred og faglege framsteg vil følgja hans minne.

PERSONLEG FOTNOTE. For snart 50 år sidan hadde eg Stein Tveite som fagleg rettleiar til magistergraden om to-kyrs industriarbeidarar. Han sa nok ja fordi det kunne vera eit høve til å låka ned på ein dagbladjournalist og bygdesosiolog som ville juksa i historiefaget.

Han las notata mine grundig, og han sylta dei ned. Margen fløymde over med «Berre tull!» og «Endå meir tull!!» med stadig fleire utropsteikn, pluss nokre ironiske «Sjølvsagt!» og «Tenk det!!!». Verst var det når eg prøvde meg med firefelts­tabellar og sveipande teoriar. Slikt kalla han godtkjøpstøv og modelltyranni.

Berre éin gong var han oppmuntrande – på spydig vis: «Burde konsentrera deg om det einaste interessante du er i nærleiken av. Tenk klarare så du får fram dei elementa som er relevante for ditt tema.» Det har eg bore med meg i ein mannsalder.

I festskriftet Det som svarte seg best skreiv eg eit personleg fagportrett av Stein, med tittelen «Ølstover i Christiania», for det var der me møttest og sløkte den norske tørsten. Han sparte seg ikkje i utskjelling, men heller ikkje i å dela eigne og andre sine funn, utan å prakka dei på meg. Når han hadde tømt seg og fylt seg opp att, var han rett og slett tolmodig og hjelpsam. Eg kom velberga i land etter fagleg til­søling og kjeldebad.

TIL GJENGJELD HAR EG i seinare år vore ein slags nemesis, for eg er med i nemnda for Agdersoga, der professor emeritus Tveite skulle skriva eit bind utanfor sin eigen periode. Det har vore ei glede å få vita detaljar om falkefangst, laks og kanalar, sager og grensesteinar, hor, drap og ymist anna. Men eg etterlyste stadig samanhengar ut over dei agrare og økonomiske, til dømes kva reformasjonen førte med seg. Maset irriterte Tveite, men så kom han oppglødd med ei forklaring på folketalsauken på Agder i andre halvdel av 1500-talet: Utan dei strenge katolske påboda om over hundre kjønnslause dagar og gifteforbod i mangfaldige slektsledd fekk folk rett og slett høve til å ha seg meir og med fleire.

Og takk for det.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis