Ei kritisk røyst
Førre veke døydde fire personar av covid-19 i Noreg. Charlotte Haug meiner det er på tide å letta på restriksjonane.
Over heile verda vert millionar av menneske testa for covid-19 kvar dag.
Foto: Hannah McKay / NTB
Samtalen
Charlotte Haug
forskar og epidemiolog
Aktuelt
Restriksjonar i samband med covid-19
Samtalen
Charlotte Haug
forskar og epidemiolog
Aktuelt
Restriksjonar i samband med covid-19
jon@dagogtid.no
Charlotte Haug har underteikna det såkalla Great Barrington-oppropet, som er eit initiativ frå verdsleiande forskarar og epidemiologiar. Haug er tidlegare redaktør av Tidsskrift for Den norske legeforening og har doktorgrad i immunologi. Dei som har skrive under oppropet, går inn for å verna eldre og sjuke, men meiner at covid-19 ikkje bør føra til restriksjonar for folk som er unge og friske. Dei meiner òg at tiltaka kjem til å føra til auka mortalitet på sikt, sidan økonomien vert skadd og andre sjukdomar ikkje kan prioriterast godt nok under ei nedstenging.
– Førre veke døydde rekordfå av covid-19 i Noreg, og ingen har døydd på sjukehus i Oslo sidan desember. Likevel får vi stadig strengare tiltak. Kvifor er det slik?
– Eg forstår det ikkje. Men eg går ut ifrå at styresmaktene tolkar tal annleis enn eg. Eg veit heller ikkje kva som er nytt denne gongen. Ja, WHO seier at strenge restriksjonar kan fungera ei kort tid, ved starten av eit virusutbrot, slik at ein kan skaffa seg oversyn over sjukdomsbiletet. Men dei har ikkje tilrådd restriksjonar så lenge og over så store område som til dømes norske styresmakter har stått for. Og kvifor gjev ikkje WHO råd om så restriktive tiltak? Av di slike tiltak har så store negative konsekvensar for samfunna, økonomisk og sosialt. Menneske er avhengige av å møtast.
– Men i Noreg har vi vel råd til slikt?
– Ja, det kan vera ei forklaring på kvifor styresmaktene er så restriktive. Men du må hugsa at vi aldri har tydd til noko liknande før. Vi har ein pandemiplan frå 2014. Vi fekk sars i 2003, fugleinfluensa i 2005 og svineinfluensa i 2009. Dei fleste land innsåg at dei ikkje hadde ein god nok beredskap mot virus frå Asia, og laga nye planar, inkludert Noreg. Men det står ingenting i den norske pandemiplanen om slike restriksjonar som vi har levd med no i eitt år. Styresmaktene har endra meining, men vi veit ikkje kvifor. Eg ser fram til at evalueringane kjem. Kvifor heldt vi oss ikkje til det som var planen? For vi visste at det kom til å koma eit nytt luftvegsvirus frå Kina. Det hadde vi planlagt for. Kva skjedde, er mitt spørsmål. Eg rydda her om dagen kontoret mitt og fann eit gamalt oppslag frå sumaren 2009. Då var det snakk om at Norway Cup skulle få restriksjonar på grunn av svineinfluensaen. Svaret frå styresmaktene var heilt klart: Noko slikt kom ikkje på tale.
– Eg såg ein ny dokumentar om måneferda. Då var det ein skikkeleg epidemi på gang i Florida. Nokre som var til stades, vart spurde om kva slags restriksjonar det la på måneferda. Svaret var ingen. Det hadde dei ikkje eingong tenkt på.
– Nei, og det sjølv om dei fleste influensavirusa kan vera dødelege. I januar i fjor døydde to heilt friske ungdomar som gjekk på vidaregåande i Vestfold av influensa. Spørsmålet no er kva desse tiltaka gjer med etikken. Til hausten kjem influensa igjen. Eg trur det vert vanskeleg ikkje å innføra restriksjonar når styresmaktene har lagt opp til ein nullvisjon for dødsfall av virus. Eg vonar sjølvsagt at vi kjem ut av desse tankebanene, men eg er redd vi ikkje gjer det.
– Denne vinteren har vi for fyrste gong i soga ikkje hatt influensa, sidan alt har vore stengt ned. Dei fleste menneske får virusinfeksjonar gjennom eit år. Kva gjer dei manglande virusa med immunforsvaret vårt?
– Det er det mange som lurer på, og det kjem til å verta forska på. Men med eit immunologisk utgangspunkt vil eg seia at vi lever i eit tett og livsviktig samspel med mikrobar. Eg vonar at immunforsvara ikkje har vorte svekte på berre eitt år, men eg veit ikkje. Dei fleste av oss skal vera småforkjølte om hausten, og ofte er vi det på grunn av koronavirus. Det er ein ganske villeiande tanke at vi skal leva utan smitte. Vi treng faktisk smitte heile tida for å ha god helse.
– Ein del hevdar at restriksjonane fører til at farlegare mutasjonar får utvikla seg, har den teorien noko føre seg?
– Virus muterer heile tida, og dei skal normalt spreia seg fort over heile jordkloten. Det vi prøver no, er å gripa inn i naturlege prosessar. Når vi slår ned virus som no, vert fleire mottakelege på sikt. Vi kjenner ikkje konsekvensane enno, men vi kjem til å finna ut av det. Rett nok er eg no mest uroleg for den trege vaksineringa. Vaksinar bør setjast fort og på veldig mange. Den trege vaksineringa skaper eit nytt seleksjonspress. Nye og kanskje farlegare variantar får dimed høve til å utvikla seg. Det kan òg vera slik at viruset etter kvart muterer til eit vanleg forkjølingsvirus. Men eg skulle verkeleg ynskja at dei fekk opp tempoet på vaksineringa, særleg av di styresmaktene ikkje ser ut til å vera villige til å lempa på restriksjonane.
– Kva meiner du om debatten som har vore om restriksjonane?
– Det har aldri vore mindre debatt. Dei som arbeider ved sjukhusa, har kjent seg bundne av styresmaktene. Dei tilsette har oppfatta at dei må vera lojale, noko eg meiner er farleg. Men samstundes forstår eg at dei som er kritiske, har halde munn. Eg var ute på ein runde i oktober i fjor. Då var det ein stor hær på sosiale medium, inkludert kollegaer, om gav meg melding om at eg ynskte at folk skulle døy. Ein vert hersa med om ein seier noko kritisk. Å vera kritisk har ein høg sosial kostnad.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vaksinar bør setjast fort og på veldig mange.
Fleire artiklar
Foto: NTB
«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»
Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.
Foto: Lars Tore Mubalegh-Håvardsholm
Julefuglen i augustnatta
Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.
Angela Merkel vart forbundskanslar i 2005.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB
Angela Merkel har mykje å læra oss om korleis politikk vert hamra ut – med fornuft.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.