JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Grønvaska og forførande skitprat

MDG er eit uavgjort parti som slit med å finna ein farbar veg i hundremeterskogen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arild Hermstad (i midten) vann hårfint over Kristoffer Robin Haug i røystinga om å bli ny leiar i MDG. Lan Marie Nguyen Berg vart vald til nestleiar på det ekstraordinære landsmøtet førre laurdag.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

5561
20221202
5561
20221202

hompland@online.no

Honnørord og omgrep kan festa seg, få regenerativt gjennomslag og bli berekraftige. Men når dei så blir tatt i bruk for å legitimera kva som helst, fell realverdien. Moteorda blir overforbrukte og like tilslørande som innhaldslause. Dei forvirrar og seier alt og ingenting. Orda blir offer for meiningsinflasjon.

«Det grøne skiftet» er eit slikt orwellsk omgrep, og det drar grønfargen ned i gjørma. Når ei vare eller teneste eller eit politisk tiltak blir marknadsført som bidrag til det grøne skiftet, er tida inne til å spenna hanen på sin revolver. Då ligg det som oftast noko vikarierande og spekulativt bak, for vellukka kapitalistar veit sitt eige beste. På den andre ytterfløya veks det fram klimaekstremistar som forkastar trua på den demokratiske endringsvegen.

NOKO SPIRANDE, håpefullt og positivt blir borte i grønvasking og forførande forkledningar. Grønt blir ei blanding av blått og gult, også når det vil kle seg som raudt og radikalt. Det grøne skiftet blir eit ordskifte, eit byte av ham, ikkje i hug og hått.

Det er alt lenge sidan eg blei ramma av grøn intoleranse. Med utslepp av bannord slengde eg brukte badehandklede i skitentøyet på eit uvaska bad i protest mot meldinga på hotellromma til den grøne lurifaksen og privatflygaren Petter Stordalen (60): «Hjelp oss å redde miljøet.»

For etterplaprarane er det ikkje så lett å grønvaska, for Stordalen gaper over mykje, er smart og var tidleg ute. Mellom dei siste dagars heilage som køyrer Tesla, kan han måla seg med den elektriske Twitter-oligarken Elon Musk. Han fekk stor åtgaum og blei hylla då han poserte som grøn noregsvenn på den omdøypte oljemessa i Stavanger.

MILJØPARTIET DEI GRØNE var nær ved å bli skylt inn i styre og stell av ei ungdommeleg klimabølgje. Dei drøymde om å få makt på vippen, men blei liggande udetonerte og vaka under den parlamentariske sperregrensa. I Oslo og nokre andre kommunar har dei vore rimeleg vellykka som resultatorientert styringsparti heller enn som rank og rein grøn herold. Utan særleg truverd held dei fast på at dei er blokkuavhengige og kan gå i seng med det konservasjonistiske høgre.

HAVARIKOMMISJONEN etter førre val, som blei leia av Arild Hermstad, slo fast at partiet var for smalt og einspora, absolutistisk og bombastisk. Dei måtte vida seg ut, og samstundes finna tilbake til røtene.

Dei to leiarkandidatane, Arild og Kristoffer Robin, er knapt til å skilja frå kvarandre i innhald: lytta meir til veljarane, løfta fram sosiale saker, vida MDG ut til eit breitt og grønt folkeparti, dempa det dystopiske. Kristoffer Robin vil bygga ein positiv utopi som folk flest kan tru på og vil engasjera seg i.

I form og bakgrunn er dei ulike. Mens Arild har levd sitt liv i grøne organisasjonar, har Kristoffer Robin vore strategisk kaospilot i offentleg administrasjon og privat næringsliv. Men begge seier som Ole Brumm: Ja takk, begge delar.

MDG ER IKKJE STORT, men rommar mykje ulikt og sterke meiningar. Somme er klimafrelste og andre naturfrelste, og det går ikkje alltid saman, som med vindmøller på land. Klimatiltak kan vera negative for naturmiljø og biologisk mangfald. Også i Hundremeterskogen er det trugsmål.

Iherdig og thunbergsk ungdom er firkanta og ein­spora. EU-medlemskap er deira kampsak, og det er ei politisk og kulturell aksjonssfære som har stått norsk natur- og miljørørsle fjernt. Den er det andre tigergutar som har fronta.

Frå Erik Dammanns rørsle har MDG ein arv som ikkje er til å gløyma: nullvekst eller grøn nedvekst for samfunnet og ein enklare livsstil for den enkelte. Endra samfunnsstrukturar og individuell moral hand i hand.

ARILD HERMSTAD går ikkje på som leiar i MDG med eit sterkt mandat i ryggen og framtida i sine hender. Han hadde ei samrøystes valnemnd og partieigarane bak seg, men på eit digitalt landsmøte utan korridorar og samrådingspausar blir slikt nulla ut.

Hermstad vann over Kristoffer Robin Haug med 102 mot 101 røyster, og éin aktivt avhaldande – truleg Nasse Nøff eller Tussi. Om den blanke røysta hadde gått til Haug og ikkje til Hermstad, hadde det enda med loddtrekking, og det hadde kanskje vore like klargjerande om vegen vidare: Dei visste ikkje kvar dei skulle, og så gjekk dei dit.

****

RETTINGAR. For to veker sidan siterte Spaltisten Jan P. Syse (1930–1997): «Vi må henge sammen, ellers blir vi hengt hver for oss.»

I den norske politiske og mediale andedammen er det galgenhumoristiske uttrykket eit høgdepunkt i Syses elegante retorikk og verksame ord. Då enke og son i 2003 samla hans tankar og talar, var det under den ironiske tittelen Ta ikke den ironiske tonen.

Jan P. Syse var statsminister (1989–1990) mellom Gro Harlem Brundtlands andre og tredje regjering. Han prøvde å bera staur i ei borgarleg mindretalsregjering som hadde ein innebygd sjølvmordskontrakt. Den blei utløyst då Senterpartiet lukta at EU-saka tok til å bli aktuell.

EIN VELORIENTERT LESAR har gjort merksam på at Syse ikkje var original. Han parafraserte ein større vitskapsmann, lynavleiar, diplomat og endå større statsmann, sjølvaste Benjamin Franklin (1706–1790). Då han hadde sett sitt namn under den amerikanske sjølvstendefråsegna 4. juli 1776, mens dei engelske raudjakkene ikkje var langt unna, sa han til dei andre underteiknarane: «Gentlemen, we must now all hang together, or we shall most assuredly hang separately

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei visste ikkje kvar dei skulle, og så gjekk dei dit.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis