Gjeld utan verdi
Verdas rike statar vert stadig meir nedsylta i gjeld, men det ser ikkje ut til å ha noko å seia.
I grunnen burde dollaren vera verdilaus, sidan han ikkje gjev renter, men så lenge verdas kriminelle insisterer på at det er pengeeininga framfor nokon, vert verdien nok halden oppe. Her har ukrainsk politi kverrsett nokre korrupsjonsdollar.
Foto: Reuters / NTB scanpix

Statsgjeld pla vera enkelt: Ein kunne ikkje ha for mykje av det. Noreg var eit like godt døme som noko anna land. Trygve Bratteli, som vel vert rekna som vår fremste finansminister gjennom tidene, og som styrte statsfinansane gjennom 1950-åra, var livredd for å låna, særleg i utlandet. Han ville ha overskot, både på betalingsbalansen med utlandet og på statsbudsjettet. Det skulle nyttast så lite pengar over offentlege budsjett som råd var. Den offentlege utgiftsdelen av verdiskapinga, brutto nasjonalproduktet, BNP, gjekk ned frå 33 prosent i 1945 til 26 prosent i 1960. Sparinga var særs høg, både på offentleg og privat hand. Eksportnæringane, særleg den kraftkrevjande industrien og via han magasinkraft, vart prioritert, og privatkonsumet halde nede.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.