JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

«From Albania with love»

Sjølv når eg er utanlands og gjestar nokon, er det første eg automatisk ser etter, kor tjukke dei ytre og indre veggene er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barbar-skrift på veggen i Novosibirsk: «Du skal ikkje slå i hel.»

Foto: Twitter

10614
20230526
10614
20230526

Utan at medvitet mitt styrer, sjekkar hjernen på eiga hand graden av tryggleik kvar stad. Eg legg planar i tilfelle åtak med russiske missil eller iranske dronar.

Eg er redd denne automatiserte vanen vil vere med meg lenge. Denne krigen har gjort oss vande med fare og at ein heile tida må vere budd på kva som helst, også ein kjernefysisk eksplosjon. Men å vere budd gjev ingen garanti for å overleve.

Faktisk er det slik at når ein person konstant bur seg på ytre trugsmål, blir dei indre trugsmåla gløymde – dei som gjeld helsa. Og no har talet på ukrainarar som døyr av hjartesjukdomar og andre sjukdomar, auka dramatisk. Årsaka til dette er både stress og tanken om at helsestellet no bør ha all merksemd på skadde soldatar, og ikkje sivile. Mange finn det upassande å gå til legen med problema sine når problema til landet er tusen gonger verre.

Desse folka som døyr av sjukdomar som kunne vore behandla, men som ikkje blir det, og som ikkje kjem av kuler og granatar, er òg offer for den russiske aggresjonen.

I tre veker har menneska i Kyiv sove i gangar og på bad. Dei mest utrøyttelege kyivbuarane pakkar tinga sine på førehand, og sit eller ligg natta igjennom i bomberom eller djupt nede i ein av metrostasjonane i Kyiv. Kvar forstyrra natt inneber at nattevakaren dagen etter vil vere utilpass, ha vondt i bein, rygg og hovud, ha vanskar med å konsentrere seg på jobben eller i heimlege gjeremål, og det kan vere vrient å hanskast med små, daglegdagse oppgåver – den emosjonelle temperaturen er høg.

Og likevel søv fleirtalet av innbyggjarane i Kyiv i gangar og følgjer «toveggs-regelen», som skal verne mot flygande vindaugsglas og metallbitar i tilfelle ein eksplosjon. Nokre av venene mine skryter av at dei alt har lært seg å sovne til lyden av eksplosjonar over hovudet, eller dei har lært seg å ikkje vakne når det ukrainske luftvernet skyt ned enda eit russisk missil rett i nærleiken.

Og sanneleg, morgonen kjem, kafear opnar og folk går på arbeid som om det ikkje var nokon krig. Kor lenge kan dette halde fram? Og korleis påverkar det den menneskelege psyken? For folk som er blitt verande i Ukraina, må sinne og hat mot Russland og alt russisk ha hopa seg opp.

Samstundes er det ein liten del av russarane som framleis er mot krigen. Ikkje offentleg, og oftast om natta når alle søv. Slik det til dømes hende i Novosibirsk ei natt i byrjinga av mai, da ukjende skreiv på muren rundt ei ortodoks kyrkje som heidra dei nye russiske martyrane: «Du skal ikkje slå i hel», frå dei ti bodorda til Herren.

I dei russiske nyhendesendingane vart innskrifta kalla «provoserande», og representantar for den ortodokse kyrkja i Novosibirsk sa at det som hadde skjedd, var «ei barbarisk og lovlaus handling».

Politiet og russisk etterretningsteneste jaktar på den som står bak graffitien, men resultatet av jakta er ikkje kjent enno.

På same tid, i midten av mai, dømde ein kyrkjerett i Moskva presten Joann Koval til å miste kappe og krage. Han tente i St. Andreas-kyrkja i Ljublino-distriktet i Moskva. I «bøna for det heilage Rus», som er godkjend av patriarken Kirill og har vore lesen i alle kyrkjene i Russland heilt sidan den russiske aggresjonen byrja, bytte presten ut ordet «siger» med ordet «fred». På grunn av dette vart presten sparka ut av kyrkja, og truleg endar ikkje problema hans med det.

Sant å seie var mai månad rik på nyhende om Russlands åndelege liv. I byrjinga av månaden leverte Putin to identiske ikonbilete til to viktige militære grupper som kjempar i Ukraina: Dnipro-gruppa i sør og den austlege gruppa.

Kvart ikon er følgt av ein prest, som saman med ikonet må gjeste alle stadene der det russiske militæret held til, inkludert skyttargravene langs frontlina. Kvar einaste russisk soldat, med mindre han er muslim eller buddhist, vil kunne røre det heilage biletet med leppene og med det få auka trua på russisk siger frå ikonet.

Fader Vjakeslav, som følgjer ikonet i dei ukrainske områda som er okkuperte av «Dnipro»-styrkane, meiner at det vil ta over ein månad før ikonet har vore rundt til alle dei russiske troppane.

«Sjølvsagt», seier han, «er det ei stor ære og glede for soldatane i skyttargravene å sjå dette biletet, overlevert frå presidentens eigne hender.»

Etter planen skal både ikon og følgjesveinar møtast ein stad på frontlina. Ganske sikkert vil prestane sjå etter ei uskadd kyrkje der dei kan halde ei høgtidsam gudsteneste. Under den er det ingen som vil våge å erstatte ordet «siger» med «fred» i nokon av bønene.

Men etter det eg veit, er det ingen kyrkjer ved fronten som har overlevd dei grufulle øydeleggingane. Kan hende må prestane og det russiske militæret nøye seg med ein religiøs prosesjon langs dei triste gatene i eit eller anna sundbomba nabolag.

Eller meir truleg må gudstenesta haldast i ein bunker av eit slag. Når alt kjem til alt, er heile frontlina eit område der artillerigranatar har hagla. Titusenvis av granatar eksploderer kvar dag der krigen rasar.

Somme av prosjektila som er skotne frå ukrainske kanonar, ber òg ein bodskap til fienden, men dei er vanlegvis ikkje henta frå dei ti bodorda. Desse orda er skrivne på granathylsene. Ingen i Ukraina vil seie at desse tekstene er prov på «barbari og lovløyse». Tvert om, slike inskripsjonar på granatar og rakettar hjelper ukrainske skyttarar til å få utløp for oppsamla kjensler.

Oftast skriv dei namna til døde kameratar på hylsene, eller namna på byar og landsbyar som er øydelagde av den russiske militærmakta: «For bror Kolja», «For Bakhmut», «For Irpen». Russiske skyttarar skriv òg bodskapane og trugsmåla sine på granatar.

Granat-telegram frå familien Gubianuri til okkupasjonssoldatane.

Foto: signmyrocket.com

Desse slagmarks-«telegramma» har floge begge vegar ei stund, men nyleg vart denne tradisjonen endra til ei internasjonal rørsle som kan gje monaleg hjelp til det ukrainske militæret. Same kvar ein er – i Argentina eller Japan – kan ein no finne fleire internettsider der ein kan bestille sin eigen inskripsjon på eit prosjektil som skal flyge mot russiske posisjonar. Ein må betale for tenesta, men ikkje så mykje: i gjennomsnitt frå 40 til 250 amerikanske dollar. «Kunden» får eit bilete som syner inskripsjonen som er vald, på sjølve prosjektilet, og nokre gonger kan ein til og med få ein video som er teken i same augeblink som missilet vert skote mot fienden. Sjølvsagt går pengane som er mottekne for inskripsjonen, til å hjelpe det ukrainske militæret.

Denne måten å slå fleire «fluger» med eitt missil på, vart skapt av den ukrainske studenten Anton Sokolenko frå Tsjerkasy. Den 22 år gamle studenten oppdaga brått at mange av venene hans no er i militæret, også i dei ukrainske artilleristyrkane. Han la inn fleire testannonsar på internett om å kunne «gratulere» okkupantane med ein vald bodskap, og han vart overraska over kor mange som likte ideen.

Det synte seg å vere nokså enkelt å bli samd med dei ukrainske soldatane, og dei lågare offiserane hadde ikkje noko mot det – sant nok var høgare offiserar ikkje informerte om ideen. Men sjølvsagt vart dei fort klar over kva som gjekk føre seg, og det verkar ikkje som dei heller er negative til praksisen. Offisielt har ingen gjeve løyve til denne måten å samle inn pengar på, men ingen har forbode tiltaket heller.

Anton er no registrert frivillig og arbeider for organisasjonen «Senter for hjelp til militæret, veteranane og familiane deira».

Med pengar frå «granattelegramma» har Anton Sokolenko alt kjøpt to Starlink-system, ein jeep og ei innretning som gjev nattsyn til det ukrainske militæret.

Inskripsjonane på granatane blir stadig meir varierte. Somme er minneverdige, som «From Albania with Love» og «Gledeleg farsdag!».

Nokre, til dømes den frå direktøren for Mikail Bulgakov-museet, Ludmila Gubianuri, er meir tradisjonelle: «Frå familien Gubianuri».

Russarane held seg sjølvsagt ikkje passive. I tillegg til å sende mirakelikon til fronten held dei fram med å sende profesjonelle kriminelle til Ukraina – kriminelle som òg er svært kreative.

For kort tid sidan vart ein russisk mann med kriminell bakgrunn arrestert i Kyiv. Han kom illegalt inn i Ukraina etter februar 2022. Vel framme i landet starta han eit «selskap» som utferda falske internasjonale reiseløyve for ukrainske menn som ikkje ønskte å slåst, og som var redde for å bli mobiliserte. Han fekk hjelp til «prosjektet» av ein korrupt embetsmann i administrasjonen til borgarmeisteren i Kyiv.

Uærlege forretningsfolk og korrupte offentlege funksjonærar har lenge vore ein del av livet i Ukraina, men å finne ein person blant dei som kom illegalt frå Russland under dei rådande tilhøva, reiser temmeleg mange spørsmål, og tyder på at føremålet hans ikkje berre var å tene pengar på å sende ukrainarar illegalt til utlandet.

Medan denne skandalen vart avdekt, eksploderte det ei svært kraftig «bombe» i Ukraina – ikkje det slaget bombe som kan drepe eller skade nokon, men som verkeleg kan øydeleggje eller i det minste gå ut over folks tillit til landet. Det var ei informasjons-«bombe» om fengslinga av Vsevolod Kniaziev, leiaren for den nyss reformerte høgsteretten. Han vart teken på fersk gjerning da han tok imot ei muting på om lag 3 millionar dollar. Kniaziev er no sparka frå stillinga som leiar av høgsterett, og etterforsking har byrja.

Korleis det vil ende, er ikkje godt å seie. Det er mange døme på at ukrainske embetsfolk er tekne for korrupsjon, men det er overraskande sjeldan dei hamnar i fengsel.

I Folkets tenar, fjernsynsserien som hjelpte Volodymyr Zelenskyj til å bli president, er det ein scene der den ukrainske presidenten, spela av Zelenskyj, blir så indignert over korrupsjonen at han bryt seg inn i den ukrainske nasjonalforsamlinga og byrjar skyte med ein maskinpistol. Mange vanlege ukrainarar krev òg strengare straffer for prova korrupsjon i krigstid, inkludert dødsstraff.

I det minste krev ukrainarane at embetsfolk som blir tekne i å ta imot muting, skal få eigedomane sine konfiskerte og selde på auksjon, og at pengane skal gå til militæret. Ukraina krev jo at dei russiske pengane som er sperra i Vesten, skal gå til Ukraina som vederlag for krigsskadar. Det same kan gjerast med pengane til korrupte ukrainske embetsfolk.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Presten bytte ut ordet «siger» med «fred». På grunn av dette vart han sparka ut av den russiske ortodokse kyrkja.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis