Equinor og kampen om Tampen
Den siste av dei fem turbinane til Hywind Scotland på veg frå Stord i august 2017.
Foto: Øyvind Gravås / Equinor
Den siste av dei fem turbinane til Hywind Scotland på veg frå Stord i august 2017.
Foto: Øyvind Gravås / Equinor
Equinor er involvert i ei rekkje havvindprosjekt med botnfaste installasjonar, mellom anna i Storbritannia og Tyskland. Men den verkelege nyskapinga til selskapet er Hywind-prosjektet for å utvikle flytande vindkraft, som opphavleg vart starta av Norsk Hydro. Den første Hywind-turbinen vart sjøsett som eit pilotprosjekt utanfor Karmøy i 2009. I 2017 opna Equinor det første flytande kommersielle havvindprosjektet i verda utanfor Peterhead i Skottland. Dei fem turbinane er 253 meter høge og har ein rotordiameter på 154 meter. Hywind Scotland er framleis den einaste flytande vindparken i kommersiell drift. Turbinane er ankra opp på kring 100 meters djup, men Equinor meiner konseptet kan brukast på djup ned til 800 meter.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.