JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Energiåret 2022

Straumprisen vert høg minst fram til 2026. Noreg har vedteke å ikkje leita etter gass i nye område. I Irland brenn dei torv. Og i Tyskland har feiarane stadig meir å gjera, samstundes som regjeringa vil importera CO2-intensiv LNG.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunstverk av arkeologen Gunnar Creutz til ei utstilling om den om lag tre tusen år gamle «Hallonflickan» i Falköping. Verket syner korleis kraniet blir grave fram ved torvbryting i Rogestorpamossen 20. mai 1943.

13746
20221223

Bakgrunn

EU reduserte gassbruken med 50 milliardar kubikk i 2022 samanlikna med 2021.

Likevel vantar dei 27 milliardar kubikk i 2023, seier Det internasjonale energibyrået IEA.

IEA trur at EU fyrst i 2023 får tak i så mykje gass at straumprisen kjem ned på meir normale nivå.

Energi

jon@dagogtid.no

Det har vore litt av eit energiår. Men før vi summerer opp, lat oss byrja i det groteske. Om du har eit ynske om ikkje å etterlata deg eit CO2-avtrykk når du går ut av tida, særleg om du er litt god og rund, skal du be dei etterlatne om å gravleggja deg i ei myr. Myr inneheld så lite oksygen, og nedbrytinga går så sakte at du knapt slepper ut noko som helst CO2 i atmosfæren.

Til slutt, etter nokre hundre eller tusen år, har du vorte til torv. Frå torv er du komen, til torv skal du verta.

Torv er nordområdas regnskog. Ein kvadratkilometer torv kan innehalda så mykje som 250.000 tonn CO2. Å øydeleggja eller drenera myr er enkelt og greitt noko av det verste vi kan gjera om vi er opptekne av å verna klimaet. Torva og myra bør få vera i fred.

Mykje energi

Det er likevel ikkje til å koma forbi at torva inneheld store mengder energi. Om du dreg rundt på kysten av Noreg, til dømes til øyane ytst på Sunnmøre, ser du framleis her og der at det står att noko vi kan kalla torvløer, relativt opne og enkle konstruksjonar med anten torv- eller bylgjeblekktak.

Sidan kysten før ikkje hadde skog, på grunn av beiting, vind og snauhogst, tydde bøndene og fiskarane til torv i staden for ved. Torva vart stabla i torvløene, der vinden bles ho turr. Torv som er turka til å innehalda berre 25 prosent vatn, har like høg brennverdi som tilsvarande mengd turr bjørkeved.

Den siste torva i Noreg vart truleg turka på 1950-talet. Straumen gjorde denne arbeidsintensive energiproduksjonen som ikkje kan samanliknast med den mykje enklare vedinga, overflødig. No kjem poenget!

Irland

I ein fascinerande reportasje fortalde The Guardian den 12. desember om kva som no går føre seg i Irland, som elles har mykje det same klimaet og den same floraen som sunnmørsøyane. Hugs også at torv som er brend, i praksis er tapt for alltid, medan bjørk veks opp att og bind CO2 til seg i prosessen. Tittelen i The Guardian er eit sitat frå ein som vert intervjua: «Torv er som å ha ein oljebrunn i hagen».

I 2018 vart i det i Irland på grunn av ureining og store CO2-utslepp forbode å produsera torv kommersielt, noko få klaga på, sidan både straum og gass var billig då. I tillegg vart det i oktober i år forbode for vanlege folk å selja torv til andre. Men regjeringa tillèt folk som bur på landsbygda og nær myrar, å halda fram med å grava og turka, mest for å hegna litt om gamle, men utdøyande tradisjonar.

Regjering tok feil. No har den svarte marknaden eksplodert, fortel The Guardian. Eit hushald treng ti til tolv tonn med «råtorv» per år om dei berre varmar husa med det. Likevel vert kostnaden berre om lag 5000 kroner i året, hevdar The Guardian, om du kjøper svart, og ingenting om du grev for eige forbruk.

Forståeleg

Som ein ordførar seier det til The Guardian: «Det er massivt med prov der ute på at folk sel torv på døra. Eg forstår det fullt ut, sett i lys av økonomien.» Irland er på ingen måte unik i å ha utvikla ein svart marknad for gamaldagse energikjelder, og det sjølv om EU trugar både Irland og fleire andre EU-landa med store bøter for å øydeleggja karbonlager.

I Tyskland, til dømes, har hogstfirma byrja å utstyra stabla tømmer som ligg i skogen i påvente av henting, med GPS. I ly av natta køyrer lastebil etter lastebil illegalt inn i skogar over heile EU. Steling og ulovleg hogst breier om seg. Tyske feiarar seier på si side at oppdragsmengda deira mange stader har auka med 400 prosent. Pipene må klargjerast for brenning.

Når ein ser på kor mykje EU og EØS-landa nyttar på subsidiar til energiforbrukarar, skulle ein ikkje tru at all denne illegale aktiviteten var naudsynt. Tala er til å verta svimmel av. Hugs også at EU er laga for å skapa ein felles konkurransemarknad der reglane skal vera like for alle. Det regelverket har brote saman i møte med energikrisa. No er det hauk over hauk. Eller den tyske ørna mot småfuglane, for å strekkja metaforane vel langt.

Kjetil Lund

I haust skreiv Kjetil Lund, direktøren for Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ein kronikk i Aftenposten om energistoda i Noreg. «I møte med krisen har norske myndigheter etablert Europas mest omfattende støtteordning for å skjerme husholdningene», skreiv han mellom anna der.

Det er ikkje sikkert at Lund har heilt rett. Franske forbrukar har gjennom 2022 betalt klart mindre enn norske forbrukarar for ein stor del av straumforbruket. Og om vi tek med at Noreg er den nasjonen i Europa som nyttar mest straum til oppvarming, men ikkje gass og olje, til dømes, er påstanden endå meir underleg.

Den kanskje beste kjelda til samanliknande tal om EU og ved dette høvet også Noreg, er den uavhengige forskingsinstitusjonen Bruegel, som held til i Brussel. Dei har nyss gjeve ut datasettet National fiscal policy responses to the energy crisis, som viser vedteken subsidiebruk mellom 1. september 2021 og 29. november 2022 i EU og Noreg.

Mykje pengar

Samla har EU og Noreg nytta eller vedteke å nytta 600 milliardar euro, eller 6300 milliardar norske kroner i energisubsidiar. Tyskland åleine har nytta og skal nytta 2764 milliardar kroner til og med vinteren 2024. Noreg på si side har nytta og skal nytta til saman 84 milliardar kroner, og med det kjem vi langt ned på lista, målt både BNP per innbyggjar og i kjøpekraft.

Noreg ligg på nett 2 prosent av BNP i 2021 i vedtekne energisubsidiar, Danmark på 2,1 prosent, medan land som Nederland og Italia nyttar 5,1 prosent på energisubsidiar. Men ingen slår Tyskland, både i relative og absolutte tal: Dei har vedteke å nytta 7,4 prosent av BNP. Og sidan Tyskland i praksis er mykje rikare enn i det minste land lenger sør og aust, har den tyske praksisen skapt raseri.

For no får tysk næringsliv høve til å stela marknadsdelar frå mindre rike EU-land, som ikkje har økonomiske musklar til å subsidiera næringslivet sitt med på langt nær så mykje som det Tyskland gjer.

Unnatakslandet Noreg

I denne samanhengen er det rike Noreg faktisk noko av eit unnataksland, sidan vi, sett vekk frå bøndene som berre utgjer promillar av norsk BNP, knapt subsidierer næringslivet i det heile. Vi held for ein gongs skuld att i pengebruken. Regjeringa gjev næringslivet berre 2,8 milliardar kroner, ei støtte så lita at dei fleste som kunne ha falle inn under ordninga, har late vera å søkja.

Dessutan gjev vi null støtte til bilistar som nyttar diesel eller bensin, noko svært mange europeiske land, mellom anna Tyskland og Sverige, gjer. I Noreg får berre elbilistar, som har suverent best økonomi av dei som køyrer bil her til lands, energisubsidiar.

Tyskland subsidierer alle og alle former, anten forbrukarane eller verksemdene nyttar ved, gass, straum eller fjernvarme, alle får. Og i tillegg kjem altså bilistane. Den tyske regjeringa har alt gjeve ut store subsidiar, men frå 1. januar 2023 og fram til minst april 2024 vert spotprisen på 1 kWh uavhengig av energikjelde 120 øre for hushalda og 70 øre for næringslivet.

Rett nok vert det sett grenser. Hushalda får den subsidierte prisen på energi svarande til 80 prosent av forbruket i 2022, over dette vert det full marknadspris. Næringslivet får subsidiar opp til 70 prosent av forbruket i 2022.

Kan selja vidare

På toppen av det heile kan verksemder som får fordelt gass etter denne formelen, velja å selja den subsidierte gassen dei får, vidare ut i marknaden til full pris, men då under føresetnad av dei ikkje flyttar arbeidsplassar ut av landet.

Dette regimet får sjølvsagt konsekvensar for alle dei andre EU-landa, men kanskje særleg for norsk næringsliv i Sør-Noreg, som er direkte knytt til Tyskland gjennom den nye tysk-norske kabelen som kom i fjor.

For same kor høg prisen vert på straum, ja, så kjem verksemdene i Nord-Tyskland til å vera viljuge til å betala meir for norsk straum enn det norsk næringsliv er. Det gjeld sjølvsagt ikkje berre norsk næringsliv, men næringslivet i alle grannelanda til Tyskland som ikkje får like høge subsidiar som det tyske. Men vi lyt hugsa at norske verksemder er meir avhengige av energi i form av straum enn så godt som alt anna næringsliv i Europa, sett vekk frå det svenske.

Energikostnaden for norsk næringsliv som ikkje har langtidskontraktar med fastpris, vert i lang tid framover dimed høgre enn for tysk næringsliv. Så mykje for like konkurransevilkår i heile EØS.

Det tyske navet

Men det er ikkje til å koma forbi at Tyskland er navet, både i EU og i EØS-området. Vi krinsar alle omkring Tyskland. Så kva gjer tyskarane no? Dei støvsyg verda for LNG, flytande nedfrosen gass. Lenge nekta dei å gå inn lange kontraktar, sidan dei har vedteke å verta fossilfrie, men no har dei gjeve opp all motstand.

Samstundes som det tyske landslaget protesterte mot å verta knebla i Qatar, gjekk Tyskland inn ein kontrakt på 15 år om leveransar av LNG frå, og her kan vi leggja inn trommekvervlar, Qatar. Den tyske regjeringa har vidare sagt at ho no er viljug til å gå inn kontraktar på minst 20 år.

Også her speler Noreg ei sentral rolle. No laurdag vart den fyrste tyske flytande LNG- og regassifiseringseininga opna i Wilhelmshaven. I praksis er eininga eit spesialskip for mottak av LNG, som så vert konvertert attende til vanleg gass, såkalla regassifisering. Leveringa av spesialskipet og mottakshamna er ein av fem slike kontraktar reiarlaget Höegh LNG AS har skrive med ulike EU-land om å få på plass.

Reiarlaget vert kontrollert av den norske Høegh-familien, og LNG-skipa deira seglar under norsk flagg. At den norske styreformannen bur i London, skal vi lata liggja i desse skatteflukttidene. Til saman kjem Tyskland, som ikkje hadde importkapasitet for LNG før, til å kunne importera 30 milliardar kubikkmeter gass årleg innan utgangen av 2023. Til samanlikning er Noregs gasseksport på 122 milliardar kubikkmeter i år, svarande til om lag 1300 TWh.

Ikkje nok

Vil denne importkapasiteten vera nok til å få ned straumprisen? Nei. Det finst ikkje nok LNG i verda på fleire år til å dekkja gasstrongen til Tyskland og EU. Om Russland heilt sluttar med røyreksporten i 2023, sjølv om EU i 2022 kutta forbruket sitt med heile 50 milliardar kubikkmeter i 2022 samanlikna med 2021, seier Det internasjonale energibyrået IEA, ligg EU an til å vanta 27 milliardar kubikkmeter i 2023.

Denne mangelen kan berre dekkjast gjennom høgre prisar slik at forbruket går ned. Men som vi har sett, har EU og særleg Tyskland vanskar med å lata prismekanismen verka fritt. Noko eller nokon må gje etter. At EU no har vedteke eit pristak på gass dei importerer, er ikkje noko anna enn eit slag i tomme lufta.

Fyrst i 2026 trur IEA at gassprisane kan koma ned til meir normale nivå. USA og Qatar har sagt at dei vil byggja ut ekstra LNG-kapasitet til eksport, men slikt tek tid, og sidan EU-landa lenge har nekta å gå inn lange kontraktar, har ikkje bygginga av denne ekstrakapasiteten til LNG-eksport kome verkeleg i gang. Men no byrjar nok bygginga, sidan Tyskland endeleg seier at dei vil tilby lange kontraktar, som gjev USA og Qatar ein sikker profitt i mange år framover.

Harde år

Men åra fram til 2026 vert harde. Japan, som er verdas største importør av LNG, vurderer no å etablera strategiske lager der regjeringa går inn og subsidierer innkjøp av LNG. Tryggingssituasjonen er ikkje det han var, sett i lys av Kina og problema med Taiwan. Dessutan har Kina no sleppt laus koronaviruset, for slik å få fart på økonomien att. Då treng dei LNG, som dei under koronaen har fått frå Russland og delvis selt vidare til EU.

Eller sagt på ein annan måte: Noreg skal betala dyrt for straumen lenge enno. Men eitt er straumprisen, noko anna er klimautsleppa. Norsk røyrgass har halvparten av utsleppa av vanlege brenselkol per kilowattime produsert, og ein tredjedel av utsleppa frå tysk brunkol, som Tyskland no brenn stadig meir av.

CO2-LNG

Reknestykket er eit heilt anna for LNG. Naturgass er ikkje noko anna enn metan, som er ein særs potent klimagass. Norske røyrleidningar lek ikkje. Det er det enkelt og greitt forbod mot. Men russisk røyrgass lek, Qatars røyrgass lek, og det gjer også store delar av amerikansk røyrgass. Det er dyrt å vedlikehalda infrastruktur. Mykje av LNG-en som vert importert og kjem til å verta importert til EU, har vorte transportert fram til anlegga der gassen vert omdanna til LNG, via røyr som lek. Det i seg sjølv er ikkje bra.

I tillegg kjem forbruket av gass og utsleppa av gass for å henta opp, ja, gass, og så har vi sjølve omdanningsprosessen, som er energiintensiv. Melkøya omdannar 6,5 milliardar kubikkmeter til LNG. Straumen på Melkøya vert laga av gass, og kraftverket der produserer 3,5 TWh, men slepper diverre i prosessen ut 850.000 tonn med CO2. LNG-en frå Melkøya er truleg verdas reinaste. Men LNG frå Qatar og Russland og i det minste frå einskilde anlegg i USA har truleg samla utslepp som er minst 70 prosent høgre enn norsk røyrgass som vert eksportert direkte til EU.

EU bryr seg ikkje

Men det ser ikkje EU ut til å bry seg så mykje om. Dei vil at vi ikkje skal leita og byggja meir i arktiske område. LNG-en som vert produsert i Qatar, får elles produksjonsutsleppa der og ikkje i EU. Noreg på si side avslutta energiåret 2022 med eit vedtak om ikkje å leita etter røyrgass i nye område på minst tre år. Det vert nok brent meir torv og LNG i Irland i dei komande tiåra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis