Eit anlegg med langt rulleblad
Brannen i september var den verste av ei lang rekkje uønskte hendingar ved Melkøya-anlegget.
Storbrannen på Melkøya 28. september blir framleis granska av Petroleumstilsynet, politiet og Equinor, og det er inga offisiell forklaring på brannårsaka. Men i november la Bellona fram sin eigen rapport om brannen, basert på kjelder ved anlegget. Der vart det hevda at ein lekkasje av varmeoverføringsolje var årsaka. Oljen skal ha teke fyr i luftinntaket til ein turbin på anlegget. Bellona hevdar òg at det har vore ei rekkje slike oljelekkasjar ved turbinane tidlegare, utan at Petroleumstilsynet har blitt varsla. Equinor har på si side sagt at Bellona ikkje har grunnlag for konklusjonen sin, og vil ikkje seie noko om årsaka før granskinga er avslutta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.