JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein siger med bismak

Hellas har ikkje anka dommen frå Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg frå 7. juli i år. Dermed har båtflyktningane som gjekk til sak etter eit forlis, vunne fram.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Båtflyktningar som vart berga i land på øya Chios vinteren 2016.

Illustrasjonsfoto: Petros Giannakouris / AP / NTB

10401
20221028

Bakgrunn

I 2022 (fram til oktober) kom i alt 112.551 flyktningar og migrantar med båt til Italia, Hellas, Spania, Kypros og Malta. Talet på døde eller sakna under overfarten er 1579.

Tilsvarande tal for 2021: 133.318 kom fram, og 3231 døydde eller er sakna.

65 prosent av flyktningane og migrantane som har kryssa Middelhavet hittil i år, har kome til Italia.

Dei fleste som valde denne ruta, kom frå Tunis, Egypt og Bangladesh.

Båtflyktningane som tok saka si til Den europeiske menneskerettsdomstolen, har vunne fram etter ein lang prosess. I sommar fann domstolen den greske staten skuldig i brot på retten til liv og forbodet mot nedverdigande behandling. Hellas har ikkje anka, og dommen i saka Safi og andre v. Hellas er dermed rettskraftig.

Det er ein stor siger, erklærer støtteorganisasjonar for asylsøkjarar. Dette vil vere med på å berge livet til flyktningar i framtida. Andre meiner at vurderingane til domstolen kan oppmuntre nasjonale styresmakter til å tilbakevise asylsøkarar og flyktningar, anten det er over ei landegrense eller uttauing til sjøs. Begge har på eit vis rett, men sigersjubelen har til no overskugga uroa til kritikarane.

27 flyktningar

Det er over ni år sidan båten med 27 flyktningar frå Afghanistan, Syria og Palestina kantra utanfor den greske kysten. Det var eit av mange flyktningforlis i området. Denne gongen vart 16 menn berga, men tre kvinner og åtte barn drukna. Greske styresmakter etterforska om kystvakta var skuldig i at dei drukna, fann at det ikkje var tilfellet, og parkerte saka.

Greske styresmakter straffeforfølgde derimot den unge syriske båtføraren. Han vart dømd for menneskesmugling og tap av liv, fekk 145 års fengsel og ei saftig bot. Rettsorganisasjonar meinte det var å forveksle offer og overgripar – ein retta bakar for smed – og då saka vart teken opp att, vart båtføraren frikjend.

Kva skjedde?

I Strasbourg stilte partane med til dels sterkt ulike versjonar om kva som hadde skjedd på havet den januarnatta i 2014. Dommarane sirkla inn det dei kunne sjå på som fakta:

Ein fiskebåt med 27 personar frå Afghanistan, Syria og Palestina om bord er på veg til Hellas for å søkje om opphald i Europa. Utanfor den greske øya Farmakonisi får båten motorstopp. Han ligg og driv, klokka er nærare to om natta, det er dårleg vêr med vind og høge bølgjer. Båten vert oppdaga, og den greske kystvakta sender ut ein hurtigbåt. Mannskapet kastar over eit anker for å taue fiskebåten. Det ryk. Dei kastar over eit nytt, men det oppstår panikk om bord på fiskebåten og han kantrar.

Personane på dekk er alle menn. Nede i kabinen sit kvinner og born som alle omkjem då båten søkk.

Kor lenge tauingsoperasjonen går føre seg, er uklart. Mannskapet i hurtigbåten informerer ikkje hovudbergingssentralen før fiskebåten tek til å søkke. Då er klokka 02:13. Etter tre minutt har han sokke heilt. Ti minutt seinare sender hurtigbåten ut eit mayday, eit rop om hjelp, til andre fartøy i området.

Omtrent samstundes ber hovudbergingssentralen om at eit helikopter vert sendt ut. Det kjem ikkje fram før nærare klokka fire om morgonen. Fyrst klokka 02:45 – ein halvtime etter at fiskebåten har sokke – sender hovudbergingssentralen ut eit større kystvaktfartøy for å hjelpe hurtigbåten.

Dei overlevande vert førte til land og samla i eit utandørs handballstadion. Dei får ordre om å kle seg nakne og vert kroppsvisiterte medan alle ser på. Mellom tilskodarane er ei gruppe greske soldatar.

Etter påtrykk frå flyktningane og støttespelarane deira opna greske styresmakter rettsleg etterforsking. Retten som konkluderte med at kystvakta ikkje hadde ansvar for tap av liv, og la bort saka, var ein sjømilitær domstol. Etter at ein gresk sivil domstol stadfesta dommen, tok flyktningane saka til Strasbourg.

Dommen

Den europeiske menneskerettsdomstolen fann den greske rettsprosessen høgst mangelfull på nesten alle punkt. Flyktningane hadde ikkje fått høve til å delta på ein effektiv måte. Dei hadde avgrensa tilgang til informasjon. Dei fekk ikkje oppnemnt ein ekspert til å gå gjennom bevismaterialet. Tolkane gjorde ein dårleg jobb. Ein av dei snakka ikkje morsmålet til enkelte av flyktningane. Mistydingar og feil attgjeving av vitneutsegner vart ikkje retta opp i rettsdokumenta før heilt mot slutten, og det påverka konklusjonane til retten. Den greske etterforskinga var dessutan svært overflatisk. Ho la fram få fakta om den aktuelle hendingsgangen og synte vesentleg til offisielle utsegner om at gresk flyktningpolitikk ikkje avviste asylsøkjarar korkje til havs eller på land.

Domstolen konkluderte difor med at den greske staten hadde brote artikkel 2 i menneskerettskonvensjonen om retten til liv, men berre i den forstand at den greske rettsprosessen for å avklare ansvar for tap av liv ikkje hadde møtt naudsynte prosessuelle krav.

Så tyr dommarane til sterkare lut. Dei tek kraftig tak i måten kystvakta opptredde på i den første kritiske fasen utanfor Farmakonisi-øya. Hurtigbåten som kom til havaristen fyrst, var liten og hadde eit mannskap på berre fire mann. Dei skulle ha skjøna mykje tidlegare at dei var ute av stand til å handtere situasjonen, og bede om hjelp.

Dei skulle ha innsett at fiskebåten var sårbar, overfylt, og at det var fare for kantring. Dei skulle òg ha skjøna at flyktningane ville tru at dei skulle tauast ut på ope hav, tilbake mot Tyrkia der dei kom frå. Uttauing var ein kjend praksis i området. Difor skulle mannskapet ha skjøna at faren for uttauing midt på natta i dårleg vêr og med motorstopp, ville skape panikk og fare for kantring. Hovudbergingssentralen skulle dessutan ha reagert mykje raskare.

Den manglande forståinga av situasjonen og den seine reaksjonen til kystvakta gjorde at elleve liv gjekk tapt, konkluderte domstolen. Det utgjorde eit brot på artikkel 2 i konvensjonen, om retten til liv, og den greske staten måtte betale dei skadelidande 300.000 euro i kompensasjon.

Ei bergande hand

Den klare konklusjonen til domstolen om kva som er rimeleg handlingsplikt i ein krisesituasjon, er ei bergande hand for flyktningar i naud, anten til havs eller i grenseområde på land. Han stadfestar prinsippet om ei positiv handlingsplikt. Som dommarane skriv: «I ein situasjon der det er fare for alvorleg skade eller død, og i omstende der statleg ansvar er relevant og kan engasjerast, krev konvensjonen at staten garanterer at han, med alle middel han har til disposisjon, reagerer på ein eigna måte for å verne liv.»

Det er ikkje fyrste gong domstolen har stadfesta prinsippet. Dommen viser til eit halvt dusin tidlegare saker i det han kallar fast rettspraksis. Saka som båtflyktningane vann mot den greske staten, er likevel viktig av di retten fann at situasjonen på havet den januarnatta var så krystallklar. Statleg ansvar var relevant, og kystvakta var engasjert. Kystvakta kunne og skulle ha handla annleis og dermed berga liv. Å unnlate å hjelpe var difor brot på menneskerettane.

Støtteorganisasjonar for flyktningar og asylsøkjarar har grunn til å feire domstolens kraftige stadfesting av at staten har plikt til å handle for å berge liv. Det vil støtte arbeidet deira, både ute i felt og på politiske arenaer. Forsterka rettspraksis opnar dessutan for at flyktningar som tek saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg, oppnår rettvis behandling og får kompensasjon for skade.

Det dei ikkje sa

Blar ein seg gjennom den lange dommen, er likevel éin ting slåande. Dommarane vurderte ikkje spørsmålet om kva retning flyktningane vart taua i. Var det ein bergingsoperasjon eller det motsette? Hadde kystvakta teke til å taue båten mot land eller ut mot det opne havet – ut av gresk farvatn – då det gjekk gale?

I Strasbourg stod partane steilt mot kvarandre. Flyktningane sa at kystvakta hadde teke til å taue dei mot Tyrkia då båten kantra. Dei såg ingen teikn til berging, berre mangel på hjelp frå eit fiendtleg mannskap. Kystvakta sa det var ein bergingsaksjon. Dei hadde teke til å taue mot den greske kysten då panikk på dekk gjorde at fiskebåten kantra og kvinner og barn nede i kabinen drukna.

Dommarane sa dei mangla handfaste opplysningar for å vurdere om det var forsøk på ut- eller inntauing. Materialet var truleg tilgjengeleg frå gresk side, til dømes data frå hurtigbåten til kystvakta og kommunikasjon med hovudbergingssentralen, men kom ikkje fram i den nasjonale rettsprosessen. Flyktningane kunne berre skildre redselen og overtydinga om at dei var på veg tilbake til Tyrkia. Ord var ikkje sterke nok prov, sa domstolen og la spørsmålet om føremålet med operasjonen til side.

Denne vurderinga var ikkje ein del av dommen, men ein sidemerknad – eit juridisk knep som gjer det mogeleg å nedfelle ein tanke i margen til den formelle domsavgjerda. Men akkurat denne sidemerknaden kan faktisk skade flyktningar og asylsøkjarar i framtida, skriv den greske juristen Spyridoula Katsoni ved det tyske Ruhr-Universität Bochum.

Sidemerknaden stadfestar at nasjonale styresmakter denne gongen, som så ofte, har fortrinn i saker om flyktningar og asylsøkjarar. Flyktningar stiller ofte med svakare ressursar og mindre tilgang til opplysningar enn staten. Hamnar saka i Strasbourg, vil nasjonale rettsprosessar i utgangspunktet vege tungt.

I saka Safi og andre v. Hellas la domstolen så stor vekt på resultatet av sjølv ein mangelfull nasjonal rettsprosess – og sette så sterke krav til prov – at han unngjekk spørsmålet om målet for operasjonen var å berge livet til flyktningar eller å avvise dei ved grensa.

Dette kan statar lese som eit grønt lys for å avvise flyktningar i framtida, meiner juristar som har finlese dommen. Og dersom liv ikkje går tapt straks – og under klare ansvarsforhold som i dette tilfellet – kan dei unngå domfelling.

Å avvise asylsøkjarar ved grensa strir mot den internasjonale flyktningretten. Avvising eller retur som truleg vil føre til brot på menneskerettane, bryt mot kjerneprinsippet om vern av flyktningar. Flyktningkrisene i vår tid har alt sett prinsippet under press. Dommen i Strasbourg vil kunne undergrave det vidare.

Astri Suhrke er forskingsprofessor tilknytt Chr. Michelsens Institutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å unnlate å hjelpe var difor brot på menneske­rettane.

Sitat

Dommarane vurderte ikkje spørsmålet om kva retning flyktningane vart taua i.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis