JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Ein raud keisar

Den 20. nasjonalkongressen har vore vitne til ei meir drastisk makt­sentralisering enn mange venta. Xi Jinping og hans utvalde sit no med all makt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den førre generalsekretæren, Hu Jintao, blir ført ut av forsamlinga 22. oktober. Hu følte seg ikkje vel, ifølge eit av Kinas statlege nyhendebyrå.

NTB_Kcb_geisstU – med tekst – smalt – v2[35] Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTB Bilettekst frå Magnus

5726
20221028
5726
20221028

Politikk

magnus@dagogtid.no

Ein får ikkje eit betre bilete på utfallet av den 20. nasjonalkongressen til Kinas kommunistparti enn det du ser ovanfor. Ein forvirra og frustrert Hu Jintao, Kinas leiar frå 2002 til 2012, blir eskortert ut av forsamlinga mot slutten av kongressen. Ut med Hu og det han representerer. Ut med føreseielege leiarovergangar og kollektivt leiarskap. Ut med rivalfraksjonar, inn med Xis menn i leiarposisjonar. Etter to femårsperiodar gav Hu frå seg alle embeta sine. Xi Jinping har halde fast på sine.

For liberale og Xi Jinping-motstandarar var Hu-perioden ei meir open og vonfull tid. Økonomien vaks raskt, det var maktfordeling mellom parti og stat, og sivilsamfunn hadde eit visst pusterom. For Xi og hans støttespelarar, derimot, representerer Hu svakt leiarskap, ustyrleg korrupsjon og tapte sjansar. Styringsperioden hans har blitt kalla eit «tapt tiår».

Xis menn

No skal Xi Jinping styre Kina inn i ein ny æra, og med seg har han eit handplukka mannskap. Fire medlemmar av politbyråets ståande komité, Kinas høgste styringsorgan, er blitt bytte ut. Li Keqiang, favoritten til Hu Jintao, er no ute. Den reformorienterte Wang Yang er òg ute. Inn kom fire nye menn, alle med nære band til Xi Jinping (sjå biletet under).

Det var venta at Xi ville halde fram etter kongressen, men ikkje at han ville vere så dominerande. Vanlegvis pleier statsministerposisjonen gå til nokon med erfaring som visestatsminister. Slik vart det ikkje denne gongen. Kinas neste statsminister blir Li Qiang. Han vart upopulær blant mange på grunn av den to månadar lange og strenge nedstenginga Shanghai innførte i vår. Men for Xi har han vist seg å vere lojal nok til å få den nest høgste posisjonen i politbyråets ståande komité.

Li har tidlegare vore stabssjef for Xi då han styrte Zhejiang-provinsen. Nære band til Xi Jinping ser ut til å ha vore hovudkriteriet for å få eller behalde medlemskap i politbyråets ståande komité. Det finst ikkje lenger noka motvekt til Xi i komiteen. Det gjev han ei politisk slagkraft ein ikkje har sett sidan Mao.

«Slik det no ser ut, kan Xi gjere kva han vil», seier Chen Gang, seniorforskar ved Aust-Asia-instituttet i Singapore, til Reuters. Slik utilslørt maktkonsentrasjon er eit tviegga sverd. Dersom ting går bra og tiltak lykkast, vil Xis popularitet auke. Dersom noko slår feil, derimot, vil skulda fort falle på han og hans menn.

Då komitémedlemmane kom ut på raud løpar for å møte pressa, var det få av dei som såg avslappa og komfortable ut. Kan hende kjenner dei på eit visst prestasjonspress. Eit kinesisk ordtak seier at å gå saman med herskaren, er som å gå med ein tiger.

To etableringar, to vern

Det kinesiske kommunistpartiet er glad i korte slagord som summerer opp ideologi og politikk. Nokre døme er Maos «La hundre blomstrar blomstre», Zhou Enlais «Fire moderniseringar» (som Deng Xiaoping seinare gjorde bruk av), Jiang Zemins «Dei tre representasjonane», «Eitt land, to system» og Xi Jinpings «Fire omfattande». Xi Jinping-tenking er ofte summert opp i 14 prinsipp. Det er mykje å halde styr på for eit partimedlem.

På denne kongressen vart slagorda «to etableringar» og «to vern» (grov omsetjing) tekne inn i partigrunnlova. Dei «to etableringane» er å etablere Xi Jinpings status som kjernen i sentralkomiteen og heile partiet og å etablere den leiande rolla til Xi Jinping-tenking i den nye æraen. Dei «to verna» er å verne om Xi Jinpings status som kjernen i partiet og å verne om den sentraliserte makta til partiet. Ved å lovfeste statusen sin i partigrunnlova sementerer Xi makta han har opparbeidd seg. Å utfordre Xi blir no å utfordre partiet.

Andre ting vart også tekne med i partigrunnlova, knytt til mellom anna modernisering og utviklingsmål. Nasjonalkongressens resolusjon om endringar i partigrunnlova har eit til tider surrealistisk preg. I ei og same setning står det til dømes at kongressen vedtek erklæringar om å styrke politisk lojalitet i militæret, om å stå mot og «avskrekke separatistar» og om å verdsetje fellesverdiane til menneska: «fred, utvikling, rettferd, demokrati og fridom».

Visjonar og arvingar

Kinas leiar har ikkje mangel på visjonar, verre blir det å få dei til å stemme med kvarandre. Verst av alt blir utfordringa med å finne ein verdig arvtakar som deler og kan bere visjonane hans vidare. Førebels er det ingen teikn på at Xi har ein favoritt han vil skal overta om fem eller ti år. Om han peika ut ein arvtakar alt no, ville det kunne svekke autoriteten hans.

Xi er 69 år, ved neste nasjonalkongress vil han vere 74 år. Han er yngre enn Joe Biden på 79 år, men nokon ungdom er han ikkje. Før eller seinare må han byrje å tenke på kven han vil skal overta. Arvtakarproblemet er ei gjennomgåande utfordring i Kinas klassiske og kommunistiske historie.

Yuhua Wang, professor ved Harvard, har gjort ein langtidsstudie av dynasti i Kina frå Qin-dynastiet (221–207 f.Kr.) til Qing-dynastiet (1644–1911 e.Kr.). I den perioden har Kina blitt styrt av 282 keisarar og 49 ulike dynasti. Han fann at dynastia i gjennomsnitt har styrt i 70 år. Kommunistpartiet har no styrt i 73 år. Mesteparten av dynastia har ikkje vorte avsette av ytre fiendar eller masseopprør, men av politiske elitar.

The Economist skriv at Mao, trass i interessa si for gamal historie, ikkje klarte å løyse problemet. Ein av Maos potensielle arvtakarar døydde i fengsel, ein annan døydde i eit flykrasj etter eit mislukka kuppforsøk, og den siste vart avsett etter berre to år ved makta. Deng Xiaoping fekk det mykje betre til, men kanskje han blir unntaket.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis