JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein må snu meir enn steinar

Den fallande interessa for lærarutdanning varslar ei kulturkrise der problema til barn og unge blir ignorerte. Skal krisa avverjast, nyttar det ikkje med videosnuttar og informasjonskampanjar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6530
20230428
6530
20230428

Søkjartala på samordna opptak viser urovekkjande tal for lærarstudia. Det er ein nedgang på nesten 22 prosent i søknader til lærarutdanningane. Då samanliknar ein med fjoråret, som også hadde låge tal. Dersom tala held seg like låge som no, vil det føra til stor mangel på kvalifiserte lærarar. Alt no er det for få med relevant utdanning i høve til jobbane. Skulle det halda fram med å gå ned, vil fullt utdanna lærarar kunna bli i mindretal i skulen.

Eg er usikker på om folk ser alvoret i dette. Borna er i dag i skulen frå dei er seks til dei er nitten. Det er arenaen for store delar av barndomen og ungdomen, og det som skjer i desse åra, er heilt avgjerande for resten av livet. Då må lærarane vera kompetente.

To forklaringar

Kva er grunnane til at så få søkjer seg til yrket? To nye forhold spelar inn. Lærarutdanninga vart, som ein del av Bolognaprosessen, gjord femåring og er no på masternivå. Før den tid var lærarutdanninga fristilt frå bachelor og master-strukturen og var fireårig. Dette kan ha skremt bort nokre søkjarar, som ikkje vil gå rett på eit femårig udelt masterløp.

Det andre aktuelle forholdet er den langvarige streiken som strekte seg frå våren i fjor og over sommaren. Lærarane hadde bore tunge bører i pandemien og venta på eit skikkeleg løft i dette oppgjeret. Men etter lang tids streik vart det lønnsnemnd, og dei fekk eit dårleg oppgjer. Ein kan sikkert diskutera om lønnsnivået er så dårleg som det vart gjeve uttrykk for i streikeperioden.

Men ein skal ikkje undervurdera signaleffekten av dette forløpet. Lærarane signaliserte sterkt at dei ville ha anerkjenning for vanskeleg arbeid, og dei møtte ei kald skulder. Det gjer jo ikkje utdanninga meir attraktiv.

Uklar lærarrolle

Men det spørst om det ikkje er meir langvarige forhold som spelar inn. Sjølve lærarrolla har ikkje lenger eit klart ideologisk feste, som då nasjonen var ny. I staden får ein ansvar for å hjelpa barn og unge i mange slags vanskar, fordi ein er i foreldra sin stad store delar av tida. Føremålet med skulen er ikkje berre læring, det er generell ivaretaking. Det er nok nødvendig, men det gjer lærarrolla uklar.

Verre er det at dei moderne styringssystema kolliderer med dei pedagogiske ideala. Den ulykkelege bruken av den internasjonale skuletesten Pisa har ført til at styringa primært siktar mot gode resultat, og vi les om skular som brukar mykje av tida på å førebu desse prøvane. Vekta skifter frå å læra til å visa at ein har lært.

I denne prosessen blir læraren sett i krysspress: Både frå styringssystema over læraren og frå foreldrehald kan presset på resultat bli for sterkt, slik at det grip inn i det ein kjenner er den beste måten å undervisa på. Ideen om å måla resultat siktar mot å samanlikna skular og ei tru på at konkurranse mellom skular er den meste måten å sikra kvalitet på.

Dersom ein i tillegg kombinerer dette med fritt skuleval, kan ein få eliteskular og taparskular. Dette er ei overføring frå ein økonomisk logikk som heile offentleg sektor ulykkelegvis har vore prega av sidan Stoltenberg innførte dei nye styringssystema ved tusenårsskiftet.

Mindre tillit

Dermed kjem også lærarens sjølvstende i klasserommet i klemme, på same måte som kontrollen aukar i helsestell og sosialt arbeid: Staten vil kikka deg i korta. Ein får mindre tillit til å gjera det arbeidet ein har utdanning til, på den måten ein finn best. I staden skal ein rapportera om ein har gjort alt etter boka.

Dette er eit stort problem på mange felt. Ein psykolog fortalde meg nyleg at eldre journalar var svært gode, fordi dei skildra nøyaktig tilstanden til pasienten. Nyare journalar er skrivne med større vekt på å visa at ein har fylgt prosedyren. Denne mekanismen finst i skulen også.

I seinare tid har vi fått auka merksemd på at det finst eit valdsproblem i skulen. Dette problemet har no eit så stort omfang at Arbeidstilsynet har ein eigen kampanje om saka. Lærarar blir truga på liv og helse, somme av dei får alvorlege traume av det dei opplever. Dei alvorlegaste sakene er på høge klassetrinn, men det byrjar tidleg og er utbreidd.

For dei som har mislykkast i skulefaga, blir det meir og meir uuthaldeleg å vera på skulen kvar dag og gjera det dårleg. Det er ikkje lenger tilgang på alternativ for dei som mistrivst, og då oppstår det aggresjon. Lærarane har – av gode grunnar – ikkje høve til å bruka makt og vald i noka form. Men når elevane gjer det, har dei lite å hjelpa seg med. Dette er eit aukande problem.

Snu pengestraumen

Forskingsminister Ola Borten Moe sa i samband med dei låge søkjartala at alle steinar må snuast for å få betre søknad til lærarutdanningane. Det må vi håpa på. Men skal ein gjera noko med læraryrket som gjenreiser det som eit attraktivt og viktig yrke, må ein snu meir enn steinar, ein må også snu pengestraumen.

I dag har kommunane ansvar for skuledrifta. I praksis må dei velja mellom å satsa på skule eller eldreomsorg. Den mislykka samhandlingsreforma sende pasientar til kommunane, som må bruka store summar på å byggja ut tilbod til nyopererte pasientar, som tidlegare var på sjukehusa. Ein sender rekningane til kommunane. Og blir pasientane på sjukehuset, må kommunane betala for det. Dette skaper ei stor økonomisk pine for kommunepolitikarane.

For å koma ut av knipa må dei slå saman skular, leggja ned mindre skular og fylla klassane opp til randa. Men mange av dei problema dei slit med, har nettopp med store klassar å gjera. I mange år har lærarane klaga på at dei er for få til å gje god undervisning. Maksimumstalet burde vore lågare.

I dag brukar ein ressursar på dei som treng særleg hjelp, i tillegg til undervisning i klassane. Med mindre klassar ville kvar elev fått meir tid og merksemd i normalsituasjonen.

På politiske landsmøte blir det snakka høgt om betre skule, verdas beste skule, styrking av skulen og så vidare. Men når det kjem til politisk praksis, blir det kokt ned til meir kontroll, fleire testar, såkalla smartare organisering – med andre ord ting som ikkje skal kosta meir enn det gjer no.

Men no er krisa eit faktum. Vi står i ein situasjon der lærarmangelen eksploderer. Då må ein gjera meir enn å snu steinar, laga informasjonskampanjar og skrytevideoar av læraryrket. Ein må dra gullkortet skal ein koma nokon veg.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet

MinneordKultur
Hallvard T. Bjørgum

Munnharpevirtuosen frå Setesdal

Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.

Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.

Foto: Ole Heman Andersen / Det norske teatret

TeaterMeldingar
Christiane Jordheim Larsen

Ivar Aasen-musikal for massane

Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis