JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ein livsens murstein

Da eg bygde garasje ved landsbyhuset vårt for 15 år sidan, kjøpte eg fleire tusen mursteinar. Til vanleg blir murstein innkjøpte i hundre- eller tusental. Men frå oktober i år har ein kunna kjøpe murstein enkeltvis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vinteren har kome til Kyiv, der tusentals menneske framleis saknar elektrisitet, varme og vatn.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

9195
20221216
9195
20221216

Ei velkledd kvinne med to eldfaste mursteinar i handlevogna si kan ved første blikk sjå underleg ut. Men i dag forbausar det ingen i jernvarehandelen. Slike steinar blir no brukte meir til å varme opp eit husvære enn til å byggje garasje med. Å byggje garasje eller hus er langt på veg meiningslaust i ein krig.

Vinteren har alt vist Ukraina kva årstida er i stand til. Tidleg i desember gjekk temperaturen ned til minus ti. Tusenvis av bustadblokker er utan oppvarming. Og etter kvart nytt missilåtak på større og mindre byar aukar problema med oppvarming, vatn og elektrisitet.

Dei nyaste blokkene er bygde med elektrisitet som einaste kjelde til energi og oppvarming. Folk i eldre bygningar takkar no for flaksen sin. Det er langt mindre problem med gass, og, syner det seg, den enklaste måten å varme opp lufta i bustaden på er å leggje ein eller to mursteinar på gassomnen. Dei blir fort varma opp og byrjar å overføre varme nett som dei gamle ukrainske omnane. Knepet med å varme opp eit husvære med murstein på ein gassomn er at mursteinane må vere plasserte på elden slik at langsida peikar inn mot rommet som skal varmast opp.

I Kyiv-husværet vårt er radiatorane framleis varme, og vi treng ikkje murstein. Men dersom oppvarminga bryt saman, må eg òg ta meg ein tur til byggvarehandelen. Dei svake punkta våre er no internett- og mobildekninga. Ingen av dei er til å stole på i Kyiv eller andre storbyar.

Måndag morgon kom to vener av yngste sonen vår til oss med dei berbare datamaskinane sine. Dei var komne for å nytte elektrisiteten vår. Dei skulle gjennomføre ein viktig nettbasert universitetseksamen, men ingen av dei hadde elektrisitet eller internett heime. Eg undrar meg på korleis alle dei andre studentane i Kyiv klarer å kome seg gjennom eksamen ved semesterslutt.

Kona mi og eg drog for å besøkje veninna vår, Olga. Ho og mannen hennar bur tre minutts spasertur frå oss. Olga er ofte deprimert. Ho har problem med å gå og er så å seie alltid heime. No sit ho oftast i mørkeret, med katten som einaste selskap. Av ei eller anna årsak har bustaden hennar hyppigare og meir langvarige straumstansar enn hos naboane.

Ho har levande lys på bordet, og det er koseleg i stova hennar, som er møblert med antikvitetar. Måleri av kjende ukrainske kunstnarar heng på veggene, men ein kan ikkje sjå dei. Det er berre tidleg ettermiddag, men alt for mørkt. Det kjem ikkje nok lys inn gjennom vindauga. Det er for mykje regn og for mykje tåke på utsida.

Mursteinar får ny funksjon i eit Ukraina der russiske rakettar har øydelagt varme- og kraft­forsyning. Med hjelp av mursteinane kan folk som framleis har gass på kjøkenet, flytta varme til der han trengst mest i huset.

Foto: Alexey Filippov / Unicef

Mannen til Olga, Jurij, er på jobb. Han er scenearbeidar ved Det nasjonale opera- og ballettensemblet. Olga elskar teateret òg, men er ikkje så ihuga på det i dag. Operaen og balletten, saman med det tekniske personalet, skal på turné til Frankrike og Japan i heile julesesongen. Jurij dreg til Paris, og Olga vil feire nyåret aleine, truleg i fullstendig mørker.

– Gudskjelov skal han ikkje til Japan. Det er ei enda lengre reise, seier ho og sukkar ho tungt.

Eg synest synd på Olga, men er glad på vegner av Jurij og artistane i Det nasjonale opera- og ballettensemblet. Dei vil kunne arbeide, for ei stund, under normale tilhøve, utan å bli avbrotne av luftvernsirener som tvingar dei til å springe ned i bomberommet i kjellaren på operahuset.

Det er òg fint at opera- og ballettensembla i Kyiv har høve til å syne fram talenta sine til internasjonale publikum. Vanlegvis er det trass alt opera- og ballettkompania i St. Petersburg som turnerer i Europa og Japan: Mariinskij og Mikhailovskij. Men i år er det ingen i Europa som vågar å invitere dei, og russiske ensemble kan berre turnere i Russland.

Den 29. november var Mikhailovskij-teateret vertskap for ein gallakonsert med russiske opera- og ballettstjerner der det vart samla inn pengar for å hjelpe familiane til russarar som var mobiliserte til krigen mot Ukraina. Russiske kunstnarar kan saktens halde fram med å hjelpe dei væpna styrkane sine. Men å gje ein slant og nokre gratis teaterbillettar til familiemedlemmer av militærpersonell er ikkje nok til å løyse problema til det russiske militæret etter kvart som dei bit over meir enn dei kan svelgje i «spesialoperasjonen» sin.

Medan sterk kulde kan kome til å lamme aktivitetane til dei russiske styrkane ved Ukraina-fronten, har militærkommandoen valt å gje ei heller uvanleg støtte til soldatane og offiserane sine. For nokre dagar sidan kunngjorde dei innsamling av musikkinstrument til russiske soldatar som sit i skyttargraver og enkle tilfluktsrom på ukrainsk jord.

Den russiske militærkommandoen har bede folk om å donere munnspel, knappetrekkspel, gitarar og balalaikaer. I St. Petersburg er innsamlingsstadene for donerte musikkinstrument Museet for militærmedisin, Militærhistorisk museum og Det sentrale sjøfartsmuseet.

Eg skulle gjerne visst korleis desse musikkinstrumenta blir leverte til frontlina, og korleis dei blir distribuerte. Oppfanga telefonsamtalar mellom russiske soldatar og familiane deira syner at styrkane ved fronten manglar både mat og varme klede. Dei nemner aldri underhaldning i det heile teke.

Å spele på musikkinstrument kan varme dei, sjølvsagt, særleg om dei spelar trekkspel. Kan hende vil ukrainske soldatar snart høyre russiske folkesongar og melodiar frå sovjetfilmar drive over ingenmannsland frå dei fiendtlege skyttargravene.

Til sjuande og sist kan instrumenta som er samla inn til dei russiske soldatane, kanskje bli trofé for dei ukrainske styrkane, eller kan hende blir dei liggjande i dei blodstenka skyttargravene og bli til nye «kulturlag» som arkeologane kan studere i framtida.

Lydane av krig er ulike og blanda. Stort sett har dei ikkje noko med musikk å gjere. Lyden ukrainarane høyrer oftast, er den frå luftvernsirenene.

Men for tre veker sidan, da eg køyrde mot Kyiv, var det ein annan lyd som skremde meg. Den underlege lyden tok til så snart vi var inne i Kyiv-regionen. Noko som likna på brølet frå ein jetmotor, men det mest utrivelege var at det verka som lyden kom frå under bilen, frå hjula.

– Det er lagera, sa den yngste sonen min engsteleg.

Eg saktna farten, men lyden forsvann ikkje. Nervøst og med heller låg fart nådde vi Kyiv, og neste morgon lét eg ein verkstad undersøkje bilen.

Eg fortalde om ulyden til ein mekanikar, og han smilte skeivt.

– Det er resonans, sa han.

– Alle vegdekka her er skadde av stridsvogner og tunge køyretøy. Lyden kom da du køyrde inn i Kyiv-regionen, ikkje sant, spurde han med sakkunnskap.

Eg sa at slik var det, men for å vere på den sikre sida sjekka mekanikaren hjula. Dei var i orden. No veit eg at problemet er vegane, og eg har slutta bry meg om den aggressive buldringa frå under bilen. Eg har blitt van med det. Meir presist, eg har funne meg i enda ein lyd som er tvinga på meg av denne krigen.

For eit par dagar sidan, da vi pakka i bilen for å reise tilbake til Kyiv frå landsbyen, putta kona mi ei yogamatte i bagasjerommet. Eg vart overraska.

– Det vil gjere gangen meir komfortabel under luftåtak, forklarte ho roleg.

Gangane i bustader over heile Ukraina er blitt rom, soverom, kontor og av og til små kjøken med små bord og campingstolar til bruk ved frukost eller middag. Somme har flytta sofaen sin ut i entreen. Andre har installert eit TV-apparat. Hovudsaka er å halde seg unna vindauga, som kan spreie tusenvis av kvasse glasbitar ved ein raketteksplosjon.

Danylo freistar studere biologi, med eit nett som kjem og går, til liks med straumen i husværet i landsbyen Stari Petrivtsi ved Kyiv.

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

I Kyiv-metroen er det flust av annonsar for bustader i nybygde blokker. Plakatane viser planar for ulike typar husvære. Det gler meg å sjå at planteikningane avslører romslege korridorar i hjartet av dei alle.

Flott, tenkte eg da eg vurderte desse planane: I ein krig høver slike husvære godt.

Det går òg opp for meg at dei som er ute etter å kjøpe bustad i Ukraina nett no, vil sjå etter hus eller bustad med gassomn, ikkje elektrisk. Russisk aggresjon har gjeve elektrisitet eit svært dårleg rykte.

For kort tid sidan kjøpte kona mi og eg ein vassvarmar til gassomnen – eit lite bidrag til å spare elektrisitet. Dessutan var det fint å høyre at den nye vassvarmaren lagar ein mykje stillare og mindre aggressiv lyd enn den som går på straum.

Forresten føreslo kona mi at mannen til Olga, Jurij, kunne ta med seg den elektriske reisevasskokaren vår til Paris. Hotell i Paris har nesten aldri utstyr til å koke te. Men i det minste har dei elektrisitet.

I år har juletre dukka opp til sals mykje tidlegare enn vanleg. På gatene i Kyiv har eg meir enn éin gong møtt folk som ber heim eit nykjøpt tre eller furugreiner til pynt. Vi har alt kjøpt furugreiner og byrja førebu julefeiringa, sjølv om vi ikkje er sikre på kvar vi skal feire – i byen eller i landsbyhuset vårt. Valet er avhengig av mange faktorar, inkludert tilgjenge til gass, elektrisitet og telefontenester.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis