JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Dommen i vinden

Høgsterettsdommen om vindkraftverka på Fosen gjev staten stort handlingsrom, meiner jussprofessor Eirik Holmøyvik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fosen-aksjonistane har denne veka prega nyhendebiletet og blokkert fleire departement. Kva dei får til på Fosen, er derimot høgt usikkert.

Foto: Javad Parsa / NTB

10967
20230303

Ulovlege vindkraftverk

Høgsterett kom i oktober 2021 til at konsesjonsvedtaka for Storheia og Roan vindkraftverk på Fosen-halvøya i Trøndelag krenkjer reindriftssamane sin rett til kulturutøving etter FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, og difor er ugyldige.

Dei to vindkraftverka er del av Europas største vindkraftprosjekt på land.

På Fosen er det til saman 277 vindturbinar med ein samla årleg produksjonskapasitet på 3,4 TWh.

Roan opna i mai 2019 og har 71 turbinar reiste over eit område på 24,5 kvadratkilometer og 70 kilometer veg.

Storheia opna nokre månader seinare med 80 turbinar over eit område på 38 kvadratkilometer.

Vindkraft

eva@dagogtid.no

Det er skapt mykje historie innanfor veggene i det som i dag er Olje- og energidepartementet, og denne veka skjedde det igjen. Bileta av samiske demonstrantar som vert borne vekk av politiet, forsvinn nok ikkje frå folks medvit sjølv om nyhendeverdien av demonstrasjonane etter kvart kan avta.

Det er òg lett å forstå at demonstrantane ser grunn til å protestere. Over 500 dagar har det gått sidan Høgsterett i storkammer slo fast at vindkraftverka Storheia og Roan på Fosenhalvøya i Trøndelag var ulovlege, og framleis sviv dei 151 vindturbinane i vindkraftverka vidare som før. At demonstrantane skal vinne fram med kravet om å fjerne turbinane, er likevel langt frå sjølvsagt.

For å skjøne kvifor, må vi til Høgsterettsdommen.

– Tok for lett på alt

Høgsterettsdommen er rett nok både samrøystes og utvitydig på at vedtaka som dannar grunnlag for dei to vindkraftverka, krenkjer reindriftssamane sin rett til kulturutøving etter FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, og difor er ugyldige. Men han er også klar på at det ugyldige følgjer av at det ikkje ligg føre tilfredsstillande avbøtande tiltak knytte til dei to vindkraftverka – som vil seie tiltak for å minimere dei uønskte verknadene av utbygginga.

Det Høgsterett med andre ord seier, er at vindkraftvedtaka kunne vore gyldige om dei inkluderte gode nok avbøtande tiltak for reindrifta.

Eirik Holmøyvik er jussprofessor ved Universitetet i Bergen og ekspert på statsrett. Han meiner dommen gjev staten stort handlingsrom til å betre på vedtaka.

– Slik dommen er utforma, er ballen no send tilbake til staten for å finne slike avbøtande tiltak. Ut frå dommen ser det ikkje ut til at staten har gjort greie for avbøtande tiltak tidlegare. Det er med andre ord fyrst no staten prøvar å gjere ein skikkeleg jobb. Grunnlaget for heile problemet er at staten har teke for lett på alt, seier han.

Slik han vurderer Høgsterettsdommen, må det ikkje store endringar til for at vindkraftkonsesjonane skal oppfylle FN-konvensjonen.

– Høgsterett seier tvert om at terskelen for at det skal liggje føre ei krenking av retten til kulturutøving etter FN-konvensjonen, er høg. Det skal vere snakk om noko som har vesentlege negative konsekvensar for kulturutøvinga, ikkje berre negative konsekvensar. Det er nesten godt gjort av departementet å ha klart å hamne i denne situasjonen, seier Holmøyvik.

Små tilpassingar

At vindkraftutbygginga på Fosen kom til å ha negative konsekvensar for reindrifta, har vore klart frå starten. I fagrapporten om konsekvensar for reindrifta som låg til grunn for konsesjonsvedtaka til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) frå 2010, står det at «(d)et nærmer seg en grense for hva dette reinbeitedistriktet tåler av utbygging før grunnlaget for å drive reindrift på Fosen er truet», og at området til Storheia vindpark «er et meget viktig område som reindriften tidligere har klart å beskytte igjennom avtaler med kommune og grunneiere mot annen utbygging (Jåma pers. medd). En utbygging vil dermed ikke bare få store negative biologiske konsekvenser, men også føre til store negative sosioøkonomiske konsekvenser i den betydning at avtaler de har inngått før blir verdiløse».

NVE la òg til grunn at Storheia vindkraftverk låg i eit område som vart brukt som vinterbeite for rein, og reduserte difor arealet for vindkraftverket med rundt 20 prosent då dei innvilga konsesjonssøknaden, «for å redusere eventuelle virkninger for reinens arealbruk i området», som det heiter i vedtaket.

Under klagehandsaminga i Olje- og energidepartementet vart ein del av planområdet for Roan vindkraftverk òg redusert litt av omsyn til reinnæringa. Elles la departementet til grunn at planområdet for Roan kunne nyttast til reindrift etter utbygging, «selv om dette skulle kreve større ressurser fra reindriftsutøverne i form av økt arbeidsbyrde».

Når det gjaldt Storheia, stadfesta departementet òg at «områdets verdi vil reduseres» for reindrifta, men gjekk imot innvendingane frå reindrifta om at Storheia vart ubrukeleg som vinterbeite dersom vindkraftverket vart realisert. I tillegg peika departementet på at reindriftsutøvarane som brukar Storheia som vinterbeite, «fortsatt har to andre vinterbeiter, og at det ikke skulle være nødvendig å benytte Storheia hvert år».

– Me står her på grunn av pågåande menneskerettsbrot som staten ikkje fylgjer opp, er bodskapen frå leiar for Norske Samers Riksforbund, Beate Irene Fløystad, som har vore blant demonstrantane i regjeringskvartalet denne veka.

Foto: Julie Killingberg

Endra beitehøve

Ifølgje den nemnde fagrapporten om konsekvensar for reindrifta finst det skriftleg informasjon om samisk reindrift på Fosen tilbake til byrjinga av 1700-talet. Sidan 1960 har det vore to såkalla siidaer, som vil seie grupper av reineigarar, som driv reindrift i kvar sin del av distriktet. Kvar av dei har høve til å ha opp til 1050 dyr, og det samla beitearealet deira er på 4200 kvadratkilometer.

Det 24,5 kvadratkilometer store planområdet med dei 71 vindturbinane som utgjer Roan vindkraftverk, ligg innanfor beitearealet til Nord-Fosen siida, medan Storheia vindkraftverk, med 80 vindturbinar og eit planområde på rundt 38 kvadratkilometer, ligg i beiteområda til Sør-Fosen sijte.

Leiarane for dei to siidaene seier at vindparkane med vegar og internvegar alt har hatt følgjer for reindrifta.

Terje Haugen, som leier Nord-Fosen siida, seier Roan var indrefileten av vinterbeite deira og det einaste området som tolte beitebelastinga frå heile reinflokken vinter etter vinter.

– Etter vindkraftutbygginga spreidde dyra seg utover på den nordlege delen av området vårt, mot Namsos, der det er små halvøyer og toppar, og vanskelegare høve til oppsamling og kontroll. Vi sleit med å få dei derifrå. I dag har vi reinen lenger aust, mot Steinkjer, der vi no har vore i fire år og byrjar å slite ganske hardt på beita. Det er òg eit problem at nokre dyr trekkjer tilbake til dei nordlege områda. At dei òg kalvar i andre område og meir spreidd, gjev oss mindre oversikt og større tap til rovdyr enn vanleg, seier Haugen til Dag og Tid.

Leif Arne Jåmå, som leier Sør-Fosen sijte, seier reinen ikkje vil vere i ro på Storheia lenger og at vindparken òg har hatt betydning for reproduksjonen til dyra.

– Dyra får færre kalvar no enn før, og nedgangen eskalerte under anleggsarbeidet, som starta i 2016, seier han.

Millionar i erstatning

Forsøka dei to siidaene gjorde på å få vindkraftutbygginga stoppa under erstatningsmålinga som gjekk parallelt med utbygging, førte ikkje fram i verken tingretten eller lagmannsretten.

Frostating lagmannsrett la rett nok til grunn at både området Storheia og den austlege delen av Roan vindkraftverk i praksis hadde gått tapt som seinvinterbeiteområde for reindrifta. Under tvil kom retten likevel til at samane sine rettar etter FN-konvensjonen ikkje var krenkte så lenge dei som avbøtande tiltak vart tilkjende erstatning som skulle dekkje vinterfôring av reinen. Vinterfôringa skulle då sikre at dyra overlevde seinvinteren i kriseår og i periodane der dei attverande tilgjengelege seinbeiteområda trengde kvile, ifølgje lagmannsretten.

Som følgje av behovet for vinterfôring meinte lagmannsretten dei to siidaene skulle ha rundt 44,6 millionar kroner kvar i erstatning etter vindkraftutbygginga. Størsteparten av pengane skulle dekkje eingongsinvesteringar i anlegg og utstyr, fôringskostnader og utgifter til samling og utslepp av dyra. Summen utgjorde over fire gonger erstatninga dei to hadde vorte tilkjende i tingretten. Med høgsterettsdommen fall derimot erstatningssummen vekk.

Og Høgsterett slo altså fast at det er usikkert om vinterfôringa lagmannsretten såg føre seg, er foreinleg med reineigarane sin rett til utøve kulturen sin etter FN-konvensjonen.

Heilt avvisande til å løyse problemet med vinterfôring av reinen er Høgsterett dermed ikkje. Dommen slår berre fast at det ikkje er godtgjort at ei slik løysing er god nok og påpeikar òg at spørsmålet ikkje har «vært gjenstand for en bred og grundig vurdering» og at «generelle reindriftsinteresser er ikkje blitt hørt».

Holmøyvik ser difor ikkje vekk frå at modellen med erstatningsmidlar til vinterfôring av reinen kan vere blant tiltaka Olje- og energidepartementet no gjer ei vurdering av når det er brukt over eit år på arbeidet med eit såkalla «oppdatert fagleg grunnlag for å kome vidare».

menneskerettsbrot

Kva for endringar og avbøtande tiltak som vil vere nok for å unngå at vindkraftverka har konsekvensar som er vesentleg negative for kulturutøvinga til reindriftssamane, seier Høgsterett ikkje noko om.

– Det ideelle er at dei no kjem til ei løysing som reindriftsutøvarane godtek, men det er ut frå dommen ikkje ein føresetnad at reindriftseigarane må godta dei avbøtande tiltaka, seier Holmøyvik.

– Det går òg å sjå føre seg at staten går inn for å fjerne nokre vindturbinar, men ikkje alle. Dei treng berre å fjerne så mange som må til, for å kunne godtgjere og dokumentere at reindrifta kan oppretthaldast på rimeleg vis, og at tiltaket ikkje skal ha vesentlege negative konsekvensar. Det kan med andre ord verte ei mellomløysing som gjer verken reindrifta, vindkrafta, staten eller aktivistane lukkelege.

Men sjølv om dommen gjev staten handlingsrom til å betre på vindkraftkonsesjonane, hastar det med å finne ei løysing, ifølgje Holmøyvik. Olje- og energiministeren har nekta å svare på om dei to ferdige vindparkane som er i drift på Fosen, inneber eit brot på menneskerettar, og snakkar i staden om problema og ulempene som kan oppstå for reindrifta fram i tid om det ikkje vert gjort noko. Høgsterett seier på si side rett ut at vindkraftparkane inneber eit menneskerettsbrot alt i dag, seier Holmøyvik.

– Det er lett å skjøne at dette ikkje er noko enkel sak eller prosess, men det rokkar ved tilliten til rettsstaten jo lengre tid det tek å få til ei løysing, legg han til.

– Kva trur du er grunnen til at olje- og energiministeren ikkje vil vedgå at det ikkje er eit pågåande menneskerettsbrot som føregår på Fosen?

– Det er ikkje godt å seie. Høgsterettsdommen er klokkeklår på at staten bryt FN-konvensjonen utan avbøtande tiltak. Dei tiltaka har vi ikkje sett på over 500 dagar. Det burde vere ei enkel sak for statsråden å vedgå menneskerettsbrotet utan atterhald. Også staten gjer feil. Ettermælet til regjeringa vil avhenge av korleis ho går fram for å rette feilen. Så langt har ikkje det gått så bra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis