JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

VitskapSamfunn

Dødelege tulipanar

På sjukehusa i Nederland byrja dei i 1999 å finne pasientar med resistente soppinfeksjonar. Etter ei stund vart liknande tilfelle oppdaga i land over heile verda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Azol-preparat er i dag viktige i behandlinga av alvorlege soppinfeksjonar hos menneske. Men omfattande bruk av dei same kjemikaliane til kamp mot sopp i matproduksjon, på golfbanar og i blomedyrking, for å hindre soppangrep på frukt etter hausting og til husmåling og impregnering av trevirke, fører til utvikling og spreiing av legemiddelresistente soppartar.

Illustrasjon: Ida Skaar

8386
20210716
8386
20210716

Vitskap

arve.nilsen@vetinst.no

Nederlandske forskarar samla inn over 2000 isolat av sopp som var isolert frå sjuke menneske dei siste 14 åra, og det dei fann ut, var sjokkerande.

Dei dødelege soppane kom frå deira eigne høgt elska tulipanåkrar. Denne massive monokulturen, eit nederlandsk nasjonalsymbol, er ikkje utan problem – og soppangrep er eit av dei. For å verne blomane mot sopp blir åkrane sprøyta med soppmiddel av typen azolar.

Pasientane som kom inn på sjukehusa med infeksjon av soppen Aspergillus fumigatus, kunne ha alt frå lette allergiske symptom til lungebetennelse. Dei mest alvorlege infeksjonane er ofte dødelege, men blir det oppdaga tidleg, kan livet bergast. Den mest effektive kuren er basert på medisin frå den same kjemisk gruppa som sprøytemidla – azolar.

Sopp i Komposten

Ute på tulipanåkrane ligg det att store komposthaugar etter haustinga, og der er det gode tilhøve for vekst av sopp, blant anna typen Aspergillus fumigatus. Namnet fumigatus kjem frå det latinske ordet fumare, som tyder røyk. På grunn av den formidable evna denne soppen har til å formeire seg med ukjønna sporedanning blir det danna så store mengder av sporar at det ser ut som ei grå røyksky. Når dei hurtigveksande soppane blir dyrka fram i eit miljø marinert med soppmiddel, skjer det ein rask seleksjon av resistens. Resistent sopp kunneogså bli spreidd med transport og sal av blomsterlaukar. I Nederland hadde dei med andre ord utvikla dødelege tulipanar.

Aukande problem

Sopp finn vi overalt på kloden, til no har vi identifisert fleire millionar ulike artar, og drygt hundre av desse veit vi kan gje sjukdom hos menneske. Dette kan vere alt frå vanlege infeksjonar på slimhinner eller i huda til meir akutte og dødelege infeksjonar som lungebetennelse og kjøtetande «svartsopp».

For ti år sidan åtvara forskarar om at det var like mange menneske som døydde av soppinfeksjonar som av andre og meir kjende sjukdommar som tuberkulose og malaria. No ser vi over heile verda eit aukande problem med sopp som er resistent mot både sprøytemiddel og legemiddel, og held vi fram med det ansvarslause overforbruket av soppmiddel til alle moglege føremål, kan resistent sopp og soppinfeksjonar bli eit av dei største helseproblema i framtida.

Øydelagde avlingar

Sopp har alltid vore eit trugsmål mot matproduksjon, anten ved at avlingane blir øydelagde før innhaustinga, eller ved at maten blir skjemd under lagring. Alt i den første tida for åkerbruk i Mesopotamia og Nildalen bygde dei kornlager med god ventilasjon for å unngå soppangrep. I Europa blei dyrking av rug introdusert i mellomalderen. Sidan rug er særleg sårbar for angrep av mjøldryge (Claviceps purpurea), blei mange råka av dei alvorlege helseplagene frå langvarig inntak av soppgifta ergotamin, som fører til samantrekning av blodårene i kroppen med krampe og kaldbrann som resultat. Men giftstoff (mykotoksin) frå andre soppartar som fusarium, penicillium og aspergillus blei òg vanlege problem.

Dei fleste har høyrt om korleis tørrote (Phytophtora infestans) øydela potetavlingane i Irland på midten av 1800-talet, og tørrote er enno det alvorlegaste sjukdomsproblemet i potetåkrane i verda. Nye og smittsame variantar av slike soppsjukdommar dukkar stadig opp og blir flytta mellom land og kontinent med handel, som vi såg med tulipanane, dei kan til og med spreie seg med vinden over store avstandar.

Kvifor har vi sopp?

Nokre artar av sopp kan angripe planter, dyr og menneske og føre til sjukdom, men langt dei fleste artane er ein viktig del av alle naturlege økosystem på landjorda. Sopp har fellestrekk med både dyr, planter og bakteriar, men er rekna som ei eiga gruppe organismar. Ei plante får næring frå jord og vatn og energi frå sollyset gjennom fotosyntesen, men ein sopp er avhengig av å hente næring og energi frå levande eller daude planter og dyr. Sopp er difor, saman med bakteriane, heilt naudsynte når organisk liv døyr og skal brytast ned att til næringsemne for så å komme inn att i naturens store krinslaup.

Nokre soppar er eincella (som gjærsopp), andre er bygde opp av lange trådar med celler som veks i lengderetninga til store, samanfiltra nettverk (mycel). Nettverka til muggsoppen veks på overflata og er lette å få auge på, men dei langt fleste mycel veks i djupet og er ikkje synlege, med unnatak av dei artane som sender fruktlekamar til overflata for å sikre formering ved å spreie sporar. Det er desse fruktlekamane vi ser i skogen, og som vi omtaler som «sopp», medan den eigentlege soppen er mykje større og spreier seg ut i jorda under føtene våre.

Mange planter har etablert eit tett samarbeid med slike mycel (mykorrhiza), der soppen hjelper planterøtene til meir effektivt opptak av vatn og mineral, medan soppen får lett tilgang til det planter er gode til å produsere: karbohydrat. Mykorrhiza-sopp har ei aktiv rolle i karbonfangsten til plantene og er på det viset viktige for klimaet på jorda.

Blodhemn

Det er mogleg å produsere mat utan sprøytemiddel, som ved økologisk drift, men førebels er mykje av den industrielle matproduksjonen i verda basert på større eller mindre bruk av sprøytemiddel. Og det vi har lært frå all kjemisk krigføring mot bakteriar og insekt, gjeld òg i kampen mot skadeleg sopp: Bruk av giftstoff vil alltid føre til seleksjon av resistente variantar, det er ein blodhemn mellom menneske og miljø som vi menneske er dømde til å tape.

Tørrote i potet er eit godt døme. Det har vore vanleg å bruke sprøytemiddelet metalaxyl, men etter tre år med massiv bruk av sprøytemiddel frå 1977 til 1980 dukka det opp ein resistent tørrotesopp i Irland (ironisk nok). På den grøne øya hadde den raske spreiinga av resistent tørrote om lag same effekt som ved den opphavlege svoltkatastrofen i 1845. Stopp i bruken av sprøytemiddel betra situasjonen, men det er enno ein årviss kamp for å halde både tørroten og resistensen under kontroll.

Den same balansegangen finn vi att i all kjemisk kamp mot sopp ute på åkrane. I tillegg kjem dei negative verknadene på dei naturlege og «snille» soppane og på andre organismar i naturen ved lang tids spreiing av soppgift i miljøet. Fleire forskarar er mellom anna opptekne av korleis desse kjemikaliane kan ha hormonliknande verknad på fisk og andre akvatiske dyr.

Andre sprøytemiddel, baserte på karbamat, har vore brukte med mindre resistensproblem enn azolane, men har ført med seg større problem med skadar på dyreliv og mikroorganismar i jorda, og auka fare for kreft og sterilitet hos menneske, og dei er naturleg nok i ferd med å bli forbodne å bruke i Europa.

Den svarte soppen

At sopp kan bli eit stort helseproblem, har vi det siste året fått eit dramatisk døme på i India, der koronapandemien førte med seg ein alvorleg epidemi av ein til no sjeldan soppsjukdom. Sjukdommen, som går under det illevarslande namnet «svartsopp», kjem frå ein muggsopp som er vanleg å finne i jord og rotnande plantemateriale. Til no har det oftast vore folk med diabetes eller svekt immunforsvar som har vorte råka av denne sjukdommen. Men no har det dukka opp ei ny gruppe menneske med tungt belasta immunforsvar: personar med covid-19-infeksjon.

Infeksjonen (mucormykose) angrip som oftast hud, luftvegar eller tarmkanalen. Namnet «den svarte soppen» kjem av at soppen skil ut eit mørkt pigment som fargar det daude vevet der soppen har ete seg veg gjennom vertens slimhinner, lungevev og til og med beinvev. Kjapp diagnose, kirurgisk fjerning av det skadde vevet og store dosar medisin er naudsynt for å berge livet. For dei uheldige pasientane der soppen rekk å angripe hjernevevet, er det ikkje noko håp.

På grunn av mangel på oksygenutstyr på indiske sjukehus får mange virussjuke pasientar injeksjonar med kortison, som gjer det lettare å puste, men det hemmar òg immunforsvaret. Og det er nett desse pasientane som er i faresona for å få dødeleg soppinfeksjon. At både covid-19 og andre sjukdommar slår så kraftig til i India, er også eit godt døme på kva følgjer det har at ressursane til helsestell er så skeivt fordelte mellom rike og fattige land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bruk av sprøytemiddel fører alltid til seleksjon av resistente variantar. Det er ein blodhemn mellom menneske og miljø som vi menneske er dømde til å tape.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis