Det har vore tørrår for regjeringa
Marknadslogikken har tatt makt over sinna. Utveksling er noko anna enn å eksportera.
Jonas Gahr Støre (t.v.) og Trygve Slagsvold Vedum stod tørrskodde på regjeringsplattforma ved Hurdalssjøen.
Foto: Torstein Bøe / NTB
Høgheiene her i sørvest er som ein gjennomhola sveitserost. Det vitnar om at samfunnsinvesteringar, ingeniørkunst og anleggsarbeidarars slit og strev skulle sikra sikker forsyning for hus og heim og smelteverk i landsdelen.
Småvatna er demde opp, bekkane blir samla i eit takrennesystem og førte i tunnelar til fleirårsmagasin som er store som blå sjøar. I år breier kvitvaska berg og tørre strender rundt magasina seg meir enn nokon gong før. Det dukkar opp hustufter som har lege under vatn i 50 år. Fyllingsgraden er like låg som på SAS-fly etter streik og pandemi.
OVER HEIENE KNEISAR nye monstermaster som fører straum frå effektiviserte kraftstasjonar til utanlandskablane ved kysten. På vegen dit samlar dei også opp det dei ruvande vindmølleparkane produserer. Resultatet er at straumen er dyrast her i «prisområde NO-2», der det skulle ha vore mest magasinert vatn, men der det er kortast veg og størst kapasitet for å eksportera det kvite gullet til kontinentet og England.
UTVEKSLING AV KRAFT mellom ulike system ein ein god ide. Vatn som genererer straum, kan lagrast, men det kan ikkje produsert straum. Om magasina renn over, kan det skapa flaum, og vatnet går ubrukt i havet – om ferskvara ikkje kan overførst til andre delar av landet eller utlandet.
«Pumpekraft» var vasskraftbransjens våte draum om balanse: lagra vatn i magasin og eksportera når me hadde meir enn til eige forbruk; importera svensk vasskraft, kolkraft og atomkraft frå kontinentet når me var i manko. Det tente oss rimeleg godt, med sikker forsyning, moderate og føreseielege prisar og valutainntekter på kjøpet.
DET GRØNE SKIFTET og tysk Energiwende snudde om på dette. Me skulle bli Europas grøne og regulerbare reservebatteri. Me skulle redda dei frå kol og atom, og dei skulle hjelpa oss i tørrår. Me skulle importera billig kraft hit og spara på vatnet når det var mykje vind og sol der.
I Spaltistens nærområde planla dei å gjera tunnelen frå overføringsbassenget til kraftstasjonen i nabodalen tovegs: pumpa vatnet tilbake med billig tysk vindkraft og bruka det om att.
DEN «NYE» ENERGILOVA for 30 år sidan skulle samordna straumbehovet og samkøyra nettet betre. Den skulle også løysa opp i politiske føringar og tilstivna strukturar som førte til regional overkapasitet og investeringar der behovet ikkje var størst. Samfunnsløftet var at den sosiale kontrakten mellom stat og kommune, smelteindustri og folk flest skulle haldast oppe: Straum var framleis ikkje ei marknadsvare, men eit offentleg velferdsgode.
Det var gode intensjonar, men slik Byråsjefen ser det, kom det snikande ein kulturrevolusjon i bransje og politikk. Marknadens logikk har tatt makt over sinna. Forsyning er noko anna enn forretning, utveksling er noko anna enn å produsera for eksport.
Også før krigen i Ukraina hadde gassleidningar og større kapasitet i straumkablane ført til at auka kvantitet slo over i endra kvalitet. Nå pøser me på med olje og gass, atomkraftverka er grønvaska og har fått forlenga levetid, og kolkraftverka blir fyrte opp att. Med nedtappa vassmagasin er det slike kjelder me må setja vår lit til for å koma gjennom vår misnøyes vinter og vårknipa.
Me var straumabonnentar, så blei me konverterte til kundar; nå slår folk flest tilbake som misnøgde veljarar i den høgspente politikken.
ALLE PARTI LEITAR med lys og lykt etter avbøtande tiltak på kort sikt. Ytre høgre og ytre venstre overgår kvarandre i låg makspris, prosentkompensasjon og ymist anna. Vertinna undrar seg over at energipolitikk har konvertert til sosialpolitikk og fattighjelp. Pensjonatet har ikkje fått straumstøtte, så ho lurer på om gjestene får utdelt ullteppe til vinteren, frå Sivilforsvarets overskotslager.
REGJERINGA VAR BAKPÅ og kraftlaus og la seg lageleg til for hogg frå fleire hald. Statsminister Støre fekk ein strekk i Norway Cup, så han måtte forlata banen og kommentera frå sidelina.
Energimister Aasland forlita seg i det lengste på å vera tilskodar, følgja nøye med, gje signal, evaluera, justera og forsterka, ikkje forhasta seg, men venta på utgreiingar og energikommisjonar og finna gjennomtenkte tiltak. Han verka for handlingslamma til å koma med ein handlingsregel som sette fotlenke på Rynning-Tønnesen i Statkraft.
På meiningsmålingane har det vore eit uår for Støre. Regjeringa kan ikkje lastast for følgjene av Putins gasskrig eller regnet som ikkje har falle der det skulle. Nå er den paradoksale vona ein våt draum om ufyseleg haustvêr der veljarar flest bur.
Energimisteren hadde rimelegvis inga gryteklar oppskrift, ettersom alt heng saman med alt, som Gro sa. Men jo lenger det drygde, jo fleire kokkar kom til og laga parlamentarisk søl. Regjeringa rodde og skota som best ho kunne, men er ennå ikkje på sikker grunn.
EIN SKAL IKKJE undervurdera panikktiltak. For vel 100 år sidan innførte Gunnar Knutsens Venstreregjering mellombels konsesjonslovar for å stoppa utanlandske oppkjøp av norsk fossekraft. Men vinden er vanskelegare å binda: Vindturbinselskap med lokalt opphav og legitimitet er selde til europeiske kraftprodusentar og «grøne» pensjonsfond som luktar subsidiert profitt.
Den norske fossiløkonomien har rom for å gje folket tilbake dei pengane straumselskapa tar, og det er meir enn lommerusk og vekslepengar. Me trur på Staten som vår venn og vernar i harde tider, men også at Staten kan reparera ordningar som ikkje held det dei lovar.
Det som er mellombels, har ein tendens til å bli permanent, med varig systemendring som resultat.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som skulle vera mellombels, har ein tendens til å bli permanent.
Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel