JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det dystre dilemmaet

Den nye migrasjons- og asylpakta til EU er eit forsøk på å løyse det uløyselege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nye migrasjonspakta for EU er meint å få fortgang i asylhandsaminga, så flyktningar og migrantar ikkje blir sitjande i årevis i leirar. Biletet er frå ein provisorisk leir som vart etablert etter at Moria-leiren på Lesbos brann 8. september.

Foto: Yara Nardi / Reuters / NTB

8322
20201009
8322
20201009

Utanriks

peranders@dagogtid.no

«Ingen kjem til å like dette», sa Ylva Johansson, EU-kommissær med ansvar for migrasjon, da ho la fram forslaget til «Ny pakt for migrasjon og asyl» 25. september. Den utsegna kan ein tolke positivt: Brei og jamt fordelt misnøye er gjerne kjenneteiknet på eit godt kompromiss. Ein kan òg tolke det på ein mindre positiv måte: at interessemotsetnadene er så store at eit kompromiss er umogleg.

Asyl- og innvandringspolitikken har vore opphav til bitter strid i EU sidan krisa i 2015, da kring 1,8 millionar flyktningar og migrantar kryssa grensene inn til EU på irregulært vis. Den største gruppa var flyktningar frå borgarkrigen i Syria. Børa vart svært skeivt fordelt mellom EU-landa. Til dømes fekk Tyskland 440.000 asylsøknader, Sverige 160.000 og Slovakia 330. Forsøka på å fordele flyktningane meir rettvist mellom medlemslanda mislukkast, og særleg protesterte Ungarn og Polen intenst.

I åra etter har det kome langt færre flyktningar og migrantar til Europa, mykje på grunn av avtalen EU inngjekk med Tyrkia i 2016: Tyrkarane har sidan da stogga dei fleste flyktningane frå Syria. Men land som Hellas og Italia har dei siste åra fått lite hjelp både med å busetje asylsøkjarar som har rett til opphald og med å sende ut folk som ikkje har det. Den fastlåste situasjonen vart sett på spissen 8. september, da Moria-leiren på greske Lesbos brann – ein teltleir bygd for å hyse 3000, der det sat kring 13.000 menneske under trøysteslause forhold.

Korleis skal så den nye migrasjons- og asylpakta bøte på denne miseren?

Gulrot

Landa som har vore mest negative til å ta imot flyktningar, Ungarn, Polen, Austerrike, Tsjekkia og Slovakia, kan notere seg ein viktig siger i framlegget frå EU-kommisjonen: Pakta legg ikkje opp til at EU kan påleggje kvart medlemsland å ta imot ein kvote med flyktningar eller asylantar. I staden for å truge med pisk vil kommisjonen lokke med ei gulrot: For kvar flyktning eit land tek imot, skal staten få 10.000 euro over EU-budsjettet.

I tillegg legg pakta opp til at medlemslanda kan bidra på andre måtar, anten gjennom økonomisk støtte til land som buset flyktningar, eller ved å ta jobben som utkastar og sende folk som ikkje har rett til opphald, til heimlandet sitt. Om «utkastarlandet» ikkje klarer dette innan åtte månader, må den gjeldande staten sjølv ta ansvar for vedkomande.

Adjø til Dublin

Eit anna viktig steg i framlegget er å skrote Dublin-avtalen, som har vore ein sentral del av asylpolitikken til EU. Dublin-avtalen inneber mellom anna at alle asylsøknader skal handsamast av det første EU- eller EØS-landet som asylsøkjaren kjem til. Men den ordninga var utforma for å handtere eit fåtal menneske på flukt frå diktatur, ikkje dagens røyndom, sa visepresident Margaritis Schinas i EU-kommisjonen nyleg.

Forslaget til migrasjons- og asylpakt inneber ei erkjenning av at EU-landa ved Middelhavet har fått ei urimeleg stor bør. Men det er ikkje gjeve at ei vraking av Dublin-avtalen vil få store konsekvensar i praksis: Så lenge det ikkje finst nokon fordelingsmekanisme for asylsøkjarane i EU, vil truleg middelhavslanda framleis ha det meste av ansvaret med å ta imot dei. Pakta gjev altså ikkje land som Hellas, Italia og Spania den store avlastinga dei ønskjer.

Kjappe avgjerder

Vel så viktig er kanskje eit anna mål i pakta: EU-kommisjonen vil ha ein mykje raskare saksgang for dei som søkjer om vern i EU. Forslaget legg opp til at asylsøkjarar skal identifiserast, tryggingssjekkast og helsesjekkast innan fem dagar frå dei kryssar grensa inn til EU, og deretter anten få eit raskt avslag eller ei vidare handsaming av asylsøknaden – og den skal ikkje ta meir enn tolv veker.

Om dette lèt seg realisere, kan det hindre at folk blir gåande og rotne i leirar som Moria i årevis, noko som i seg sjølv ville vere eit stort framsteg. Den seindrektige saksgangen i Hellas har påført mange menneske mykje liding. Men fleire menneskerettsorganisasjonar har åtvara om at ekspresshandsaming kan setje rettstryggleiken til asylsøkjarane i fare. I tillegg vil denne prosedyren ikkje vere så enkel å gjennomføre i praksis: Mange asylsøkjarar lèt seg ikkje identifisere sikkert. Og det å sende avviste søkjarar attende til heimlandet er ofte nær umogleg fordi det ikkje finst nokon returavtale med heimlandet. Av alle som fekk avslag i EU i fjor, vart berre 29 prosent returnerte. Om pakta blir vedteken, blir ho neppe slutten på teltleirane.

Skepsis

Sjølve lagnaden til migrasjons- og asylpakta er uviss: Ho må handsamast av både EU-toppmøtet og Europaparlamentet før ho kan bli gyldig. EU-kommisjonen kan i det minste sjå det som ein suksess at ingen land har skote ned framlegget straks. Men mottakinga har vore negativ i dei landa som er mest negative til å ta imot flyktningar, trass i at pakta ikkje legg opp til å påleggje medlemslanda noko slikt. Den ungarske presidenten Viktor Orbán har gjort det klart at han vil ha hermetisk lukka yttergrenser i EU, og at søknader om asyl berre skal kunne leverast ved eigna stasjonar utanfor unionen.

Det siste ønsket hans er ikkje oppfylt. Men pakta som EU-kommisjonen har lagt fram, går eigentleg eit godt stykke i den retninga Orbán etterlyser. Grensekontrollen skal styrkjast ytterlegare, og mykje av innhaldet i pakta dreiar seg om verda utanfor EU. Det handlar ikkje berre om å arbeide for fleire returavtalar og eit meir effektivt retursystem, men vel så mykje om å hindre at folk kjem til yttergrensene til EU i det heile. 11. september, før forslaget vart lagt fram, lova visepresident Margaritis Schinas i EU-kommisjonen at pakta hadde «ein svært sterk ekstern dimensjon med avtalar med opphavsland og transittland for å halde folk i heimlandet så dei kan ha eit betre liv».

Framskote forsvar

Men ei rekkje avtalar med transittland er for lengst på plass. Viktigast er den nemnde avtalen med Tyrkia frå 2016, som har hindra syriske flyktningar i å nå fram til Europa. Men i tillegg har EU avtalar med ei rekkje land i eit belte på tvers av Afrika, frå Marokko til Sudan, som skal hindre migrantar i å kome seg nordover. EU støttar òg kystvakta i Libya, som stoggar folk som prøver å krysse Middelhavet og set dei i interneringsleirar. Rapportar frå Leger uten grenser og Amnesty International fortel om fryktelege forhold i desse leirane, og ein del av fangane skal vere selde som slavar. Kor mange av dei internerte i dei libyske leirane som er økonomiske migrantar, og kor mange som er flyktningar, veit ingen. Men menneske er dei uansett.

Om ein vel å sjå bort frå dei humanitære omsyna, har desse avtalane vore ein suksess for EU. Til no i år har det kome kring 55.000 såkalla irregulære migrantar og flyktningar til EU, mot 1,8 millionar i 2015. Men det framskotne grenseforsvaret til Europa inneber òg at sjansen til å få prøvd asylsøknaden sin i eit EU-land er liten – også for dei som ville hatt gode sjansar for opphald om dei kom seg så langt. Og her ligg det eit vondt dilemma for EU som inga migrasjonspakt kan løyse.

Uløyseleg

Det er kring 80 millionar flyktningar og internt fordrivne i verda i dag, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar. Om berre ein prosent av desse nådde EUs grenser, ville det vere full krise. Ein vinn neppe val i noko europeisk land på ein langt meir liberal asylpolitikk enn i dag – og EU-kommisjonen kan ikkje påtvinge dei folkevalde regjeringane i medlemslanda flyktningar dei ikkje vil ha. Samstundes ønskjer EU å vere ein forsvarar av menneskerettar og humanitære ideal, og retten til å søkje asyl er nedfelt i EU-charteret.

Krigane i Midtausten og i Afghanistan kan drive folk på flukt i mange år enno. I tillegg er det gode grunnar til å tru at migrasjonen frå Afrika kan auke. Og det verkar heller ikkje truleg at aukande velstand i Afrika skal få folk til å halde seg heime: Nigeria og andre folkerike land i Vest-Afrika er framleis langt under det stadiet i velstandsutviklinga der emigrasjonen normalt dabbar av.

Da EU-kommissær Ylva Johansson la fram forslaget til ei migrasjons- og asylpakt, sa ho: «Eg håpar at migrasjon kjem til å bli berre nok eit vanleg politikkfelt, til og med keisamt.» Det verkar optimistisk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mottakinga har vore negativ i dei landa som er mest negative til å ta imot flyktningar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis