JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Den nye kalde krigen

I det nye strategiske tryggingsdokumentet slår Joe Biden fast at Kina er USAs fremste fiende, men han lover òg at USA ikkje lenger skal prøva å velta regime. Han meiner altså det same som Donald Trump meinte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ronald Reagan var ikkje ein populær president i Europa, men her seglar hangarskipet kalla opp etter han, for fyrste gong i 2006. «Ronald Reagan» går på atomkraft og kan stort sett støtt vera til havs. USA har ti slike skip, mykje meir enn resten av verda til saman. Skipa er alltid omgjevne av destroyarar, ubåtar og kryssarar.

Foto: Todd Cichonowicz / Wikipedi

13355
20221028

Bakgrunn

Joe Biden har lagt fram eit nytt nasjonalt tryggingsdokument.

Der vert Kina utvitydig utnemnd til USAs fiende nummer 1.

USA vil i framtida gjennomføra dei største militære satsingane i Stillehavet.

Tryggingsstrategi

jon@dagogtid.no

Verda er deprimerande. Bileta frå partikongressen i Beijing der den gamle presidenten, Hu Jintao, motviljug vart ført ut, medan den eineveldige Xi Jinping nikka likesælt og stira rett fram, kjem til å verta hugsa i tiår framover. Hendinga var politisk teater laga for å skremma. Her vart det synt fram rå makt.

No sundag vart det heile sementert. Det nye politbyrået inneheld frå no av berre Xi-nikkedokker. At Li Qiang, partisekretæren i Shanghai, frå februar 2023 vert statsminister, seier også noko om utviklinga. Qiang har gong på gong gjennom drakoniske tiltak stengt ned Shanghai, og med det skapt store problem i dei globale handelsrutene, noko som igjen har gjeve eit tilskot til ein global inflasjon vi ikkje har sett sidan 1970-åra.

Likt og ulikt

Det er elles mykje som i dag minner om starten på 1970-åra: Jom kippur-krigen i 1973 førte til høgre energiprisar og auka gjeld, USA seig stadig lenger ned i dei vietnamesiske våtmarkene, sentralbankane var forvirra og underskota på statsbudsjetta i Vesten såg ut til å vera utanfor politisk kontroll. Folk over heile Vesten meinte då som no at dei levde i ei dyrtid.

Sanninga er at økonomien i Vesten er på ein mykje verre stad no enn då. Då Vietnamkrigen var over i 1975, ein krig som hadde fått Richard Nixon til å gå bort frå gullstandarden og over til fri kredittdanning, var det samla gjeldsnivået for offentleg og privat sektor, globalt og innanfor OECD, på rundt 100 prosent av verdiskapinga, BNP. No er gjeldsnivået globalt 350 prosent og 420 prosent i såkalla rike land.

Dårleg demografi

Då har vi ikkje nemnt produktivitetsvekst eller demografi. I 1970-åra var vi unge, både i Asia og i Vesten, men no har vi hatt meir eller mindre 50 år med fødselstal under reproduksjonsraten. Det finst ikkje nok folk i den rike verda eller i Søraust-Asia til å betala ned den enorme gjelda. Kven skal finansiera alle dei eldre når sparepengane deira går tapte anten i inflasjon eller i konkursar?

Det er ikkje produktivitetsveksten som kjem til å berga oss. I 1970-åra auka produktiviteten med rundt 2,5–3 prosent per år i Vest-Europa. No ser vi stagnasjon eller vekst på maksimalt 0,6–0,7 prosent. I år og i dei komande åra vert nok veksten negativ. Det konkurranseutsette næringslivet har korkje råd til investeringar eller til energi.

Det var ein talande augneblink då Bank of England, som har lovd å auka renta og slutta å dela ut gratispengar til staten og kredittinstitusjonar, for to veker sidan måtte berga ein stor del av dei britiske pensjonsfonda ved å gjera nett det banken hadde lovd ikkje å gjera, dei slo igjen på setelpressa.

Optimisme

Eit Vesten som prøver å halda oppe pensjonsutbetalingar ved å henta pengar ut av tynne lufta, er ikkje eit sterkt Vesten. Det er i slike stunder vi treng litt optimisme. Det prøver Joe Biden å gje oss. For to veker sidan la han og staben hans fram den nye strategiske tryggingsplanen til USA. Lat oss sitera det tredje avsnittet frå føreordet Biden hevdar han sjølv har skrive eller i det minste redigert:

«Frå den augneblinken eg vart teken i eid som president, har regjeringa mi investert i USAs grunnleggjande strategiske fordelar. Økonomien har auka med 10 millionar arbeidsplassar, og arbeidsløysa er nær rekordlåg. Industriarbeidsplassar har strøymt attende til USA. Vi byggjer opp att økonomien frå botnen og i breidda. Vi investerer meir i den nasjonale infrastrukturen og i innovasjon enn vi har gjort på generasjonar, for slik å gje oss endå klarare konkurransefordelar i framtida. Over heile verda ser statar endå ein gong at det aldri løner seg å vedda mot Amerikas sameinte statar.»

Det er nesten så vi kan få trua på framtida igjen. Men diverre er det lange dokumentet noko tynt på substans. To setningar stikk seg likevel ut: «Vi vil ikkje nytta vår militære styrke til regime- eller samfunnsendring.» Og: «Folkerepublikken representerer USAs største geopolitiske utfordring.» Noko ligg fast. Biden seier her det same som Donald Trump sa: USA kjem ikkje til å invadera land i nær framtid. Noko har dei lært av Afghanistan og Irak. No er det Kina som gjeld.

Ny verdsordning

Kina, står det i dokumentet, prøver konsekvent å endra verdsordninga til sin fordel. Dei utnyttar alle fordelane ved fri global handel, medan dei stengjer konkurrentar ute frå eigen marknad. Kina vil gjera alle avhengig av seg, som det står, og seg sjølv uavhengig av alle andre: «Autokratar (dvs. prestestyret i Iran, Putin, men mest Xi, red.merk.) arbeider overtid for å underminera demokrati og for å eksportera ein styringsmodell basert på undertrykking heime og tvang i utlandet.»

Russland utgjer eit trugsmål her og no, skriv dokumentforfattarane, særleg gjennom eit total uakseptabelt snakk om atomvåpen. Biden gjer det heilt klart at USA vil forsvara kvar einaste centimeter Nato-jord og -hav, noko Trump ikkje sa. Men han seier som Trump at dette krev at dei andre Nato-landa i Europa aukar sine investeringar i forsvaret. At det norske forsvarsbudsjettet neste år får ein realvekst på minus 0,2 prosent om vi ser vekk frå eventuelt nye redningshelikopter, er kan henda ikkje heldig sett med amerikanske auge.

Stillehavet

Men støtt vender dokumentet attende til Stillehavet og Asia. Ja, forfattarane skriv ofte at Russland er eit trugsmål her og no. Men «Folkerepublikken Kina, på den andre sida, er vår einaste konkurrent med både intensjon om å endra den internasjonale ordenen og med aukande økonomisk, diplomatisk, militær og teknologisk makt til å fremja eit slikt mål». Då må blikket rettast mot Asia: «Ingen region er viktigare for verda og for vanlege amerikanarar enn Indo-Stillehavet.»

Ja, så viktig er regionen at Biden bed dei andre Nato-landa om å senda militære styrkar dit for å projisera vestleg makt. Nato skal i framtida vera ein global organisasjon. «Interessene til USA er best tente med at våre europeiske allierte og partnarar speler ei aktiv rolle både i Indiahavet og i Stillehavet, mellom anna ved å verna om seglingsrutene og ved å halda oppe fred og stabilitet i Taiwansundet.» Sagt på ein annan måte: Når USA hjelper Europa mot Putin, må Europa hjelpa USA mot Xi. Det vert i så fall lange turar for norske marineskip i framtida.

Grøn framtid

Det strategiske tryggingsdokumentet er på mange vis likt tidlegare tryggingsdokument. Det vektlegg USAs internasjonale rolle som vaktar av frie og demokratiske statar, og det vert lova å satsa vidare på forsvaret og nye våpensystem. USA er og skal halda fram med å vera verdas største økonomi, med den makta det fører med seg. Og USA skal framleis forsvara både Europa og dei allierte i Asia, som inkluderer nei til regimeendring på Taiwan, inntil folket der eventuelt sjølv vil verta ein del av folkerepublikken.

Men det som er heilt borte samanlikna med tidlegare tryggingsdokument, er olje og gass. Ja, det vert fleire stader trekt fram at Putin no nyttar energi – alltid «energi», aldri «olje og gass» – som våpen. Den frie verda, strekar dokumentet under, må frigjera seg frå energieksporterande autokrati, men ikkje gjennom å byggja opp eigen produksjon frå fossile kjelder, som framleis utgjer 83 prosent av verdas bruk av primærenergi, men gjennom grøne satsingar.

Heller ikkje atomenergi vert nemnt. Ja, til og med Afrika skal få energien gjennom grøne satsingar. Dei skal ikkje, som resten av verda, få høve til å veksa på basis av fossil energi, om USA får viljen sin. Jau, det vert snakka mykje om Kina, men «klimaendringar er det potensielt største eksistensielle problemet for alle nasjonar». I alle tidlegare tryggingsdokument har det vore understreka at USAs allierte må sikra seg reell energifridom, som inkluderte olje og gass. No er vektlegginga på grøn teknologi, som så langt ikkje har gjeve energifridom.

Ferguson

Men som den britiske historikaren Niall Ferguson seier i spalta si hjå Bloomberg Media Group: Dette er eit godt gamaldags kaldkrigsskrift: «Tak vekk woke-setningar om ’klimaendringar (…) og LHBTIQ-pluss-fellesskap’, og du sit att med ein vesentleg del av president Donald Trumps tilsvarande dokument frå fem år attende, eit dokument som stort sett berre handla om ’stormaktskonkurranse’. Ja, faktisk vert ’konkurranse’ nemnt 44 gonger i dette dokumentet, mot berre 25 gonger i 2017-utgåva.»

Spørsmålet er likevel om ikkje dette tryggingsdokumentet lid av den same feilen som tryggingsdokumenta frå den kalde krigen gjorde: at USA overvurderer fienden. I ettertid veit vi at Sovjetunionen aldri var så sterkt, korkje økonomisk eller militært, som amerikanske tryggingsdokument under den kalde krigen la til grunn. Strategane såg på innsatsen til Russland mot slutten av den andre verdskrigen og gløymde kollapsen etter den fyrste. Det var fyrst då Sovjet gjekk på det svidande nederlaget i Afghanistan, at Vesten såg at imperiet var bygd på sandgrunn.

Buffett

«Vedd aldri mot Amerika», har verdas fremste aksjeinvestor Warren Buffett sagt, og det er frå han Biden har lånt påstanden sin i føreordet. Om vi tenkjer på aksjekursar, har både Biden og Buffett rett. Dei som har vedda på USA, har vunne mykje, og dei som har satsa pengar på Kina, har tapt kolossale summar. Etter at det kinesiske politbyrået vart fylt av motstandarar av covid-19-lettar i helga, lét kapitalmarknadene i verda all von fara. Kina er ikkje ein trygg plass for dei med pengar.

Den amerikanske teknologibørsen Nasdaq har ein indeks over kinesiske teknologiselskap. Indeksen er berre verd ein fjerdedel av det han var verd før Xi i praksis internerte fleire av eigarane av desse selskapa og strupte den intellektuelle fridomen. At Biden, samstundes som han la fram tryggingsdokumentet, i praksis la ned forbod mot eksport av avansert amerikansk teknologi til Kina, same kvar han vert produsert, har heller ikkje hjelpt.

Brennevin

Kinesiske teknologiselskap er utruleg nok no like lite verde som i 2006, og det trass i den enorme ekspansjonen dei same selskapa har hatt globalt dei siste 15 åra. Hongkong-indeksen hadde no på måndag den verste dagen sidan 2008 og har vore på veg ned sidan Xi slo ned all demokratisk opposisjon. Internasjonal kapital flyg hals over hovudet frå Hongkong og Kina. Og på Shanghai-børsen er det mest verdfulle selskapet no eit spritselskap som lagar brennevin av soya.

Mellom internasjonale fagøkonomar har dessutan ein mistanke byrja å breia seg om at Kina har rapportert rundt 25–30 prosent høgre vekst per år dei siste 20 åra enn det som har vore røyndomen, noko som tilseier at Kina er langt mindre rikt enn vi har trutt og det som vert hevda i Bidens tryggingsdokument.

Men sjølv om vi trur på dei offisielle kinesiske tala, er truleg Kinas evne til framtidig økonomisk vekst svekt. At Xi venta med å offentleggjera tala for offisiell BNP-vekst, som skulle ha kome for to veker sidan, til no på måndag denne veka etter partikongressen, seier kanskje sitt. Målet i år er 5 prosent, dei offisielle tala synte 3,9.

Ikkje like stort

Ruchir Sharma, som forvaltar pengane til Rockefeller-stiftinga, har laga ei interessant oppstilling av den potensielle veksten til Kina. Han konkluderer med at Kina ikkje vil verta ein større økonomi enn USA før i 2060, om nokon gong.

Det offisielle vekstmålet til Xi er 5 prosent per år, Sharma ser maksimalt 2,5 prosent. «Vekst på lang sikt er avhengig av at arbeidarar nyttar meir kapital meir effektivt. Kina, som har eit folketal på veg nedover og stadig lægre produktivitetsvekst, har vakse gjennom å pøsa meir kapital inn i økonomien på eit nivå som ikkje er berekraftig, og i lite produktive næringar.»

Kina har no ei samla offentleg og privat gjeld på 275 prosent av BNP. Ingen land som har vorte like rike som Vesten i etterkrigstida, har hatt ei så høg gjeldsgrad, og ingen har vakse så raskt frå det nivået Kina er i velstand no, som Xi legg opp til. Sharma har faktisk heller ikkje tru på at Kina kan nå 2,5 prosent sånn utan vidare. Stort sett alle land som har vakse inn i rikmannsklubben, har gjort det med ein veksande arbeidsstyrke. Kinas arbeidsstyrke har gått ned sidan 2015.

Dårlege investeringar

Dessutan har dei investert elendig under Xi. Det meste har gått inn i eigedomssektoren og til vegar og samband som går til ingen stader. Kina har dei siste åra måtta investera 8 dollar for å få 1 dollar i vekst. Det er den lægste avkastinga av alle store økonomiar. No har Xi i tillegg stukke hòl på eigedomsbobla. Det vil taka mange år å rydda opp i gjeldsbøra. Det kan vera at Kina i staden for å ekspandera lukkar seg mot omverda.

I tryggingsdokumentet vert ingen av Kinas veikskapar diskuterte. Heller ikkje USAs. Det seier litt at leiaren for Representanthuset, Nancy Pelosi, har vorte dollarmilliardær medan ho var kongressrepresentant. Det luktar innsidehandel av det faktum at stort sett alle senatorar er særs rike, og at kongressrepresentantar vert rikare for kvar periode dei får. Harry Truman fekk ikkje eingong pensjon då han gjekk av. Kven veit kva vi skal vedda på i framtida?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis