JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Bodskapen som ingen vil høyra

Knut Storberget fortalde denne veka det norske folket at dei gode tidene er forbi. Skal Forsvaret bli styrkt slik han vil, må alt anna skjerast inn til beinet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6169
20230505
6169
20230505

Under den kalde krigen var verda mykje enklare: Ein krig mellom aust og vest var, mesteparten av tida, lite sannsynleg. Men om krigen kom, då ville Noreg stå øvst på den lista over land som USA ville hjelpa. Oppgåva Noreg hadde, var å leggja til rette for at den amerikanske hjelpa kom fram til norske hamner. Etter det kunne me la amerikanarane ta over krigen.

Noreg var altså rimeleg godt forsikra. Likevel brukte den norske staten gjennom fleire tiår litt meir enn 3 prosent av BNP på Forsvaret. Så kom samanbrotet i Sovjetunionen. Det norske samfunnet tok ut heile vinsten, den såkalla fredsdividenden, og brukte han på alle moglege gode tiltak i det norske samfunnet. No ligg nivået på forsvarsutgiftene, målt mot BNP, på om lag halvparten av der dei låg for 60 år sidan.

Attende til 60-talet

Då tidlegare justisminister og no statsforvaltar Knut Storberget onsdag la fram innstillinga frå Forsvarskommisjonen av 2021, var bodskapen at me må venda attende til 1960-talet. Problemet er at det er enorme mengder med pengar det handlar om: I 2020 brukte Noreg om lag 72 milliardar kroner på Forsvaret. I år er forsvarsbudsjettet på 76 milliardar. På nokre års sikt meiner Storberget og kommisjonen hans at forsvarsbudsjettet må opp til om lag 146 milliardar.

Tankegangen til Storberget er ikkje vanskeleg å forstå: Den største grannen vår, Russland, har gått laus på Ukraina og terroriserer folket der. Ein krig i Europa er i gang, og ein europeisk storkrig er ikkje heilt utenkjeleg. Samstundes er garantisten for Noregs tryggleik, USA, ikkje lenger ein påliteleg alliert. Om Donald Trump igjen flyttar inn i Det kvite huset, er det ikkje nokon som veit om artikkel 5 i Nato-pakta, den som garanterer hjelp til Noreg, vil vera liv laga.

Andre scenario

Dette er i seg sjølv alvorleg nok. Om ein ser det frå den heilt pessimistiske sida, kan ein leggja inn eit par scenario til: Den russiske leiinga ser at dei er i ferd med å lida nederlag i Ukraina. Svaret blir å nytta atomvåpen. Samstundes invaderer Kina Taiwan. Amerikanarane blir så opptekne i Asia at dei må trappa ned engasjementet i Europa. Noreg, saman med dei europeiske Nato-allierte, blir ståande åleine mot ei uføreseieleg russisk militærmakt.

Heldigvis er det sjeldan i historia at alle dystre spådomar blir røyndom på ein gong. Russland er no så svekt etter 14 månader med krig at landet knapt er i stand til å gjennomføra offensive operasjonar. Mest sannsynleg vil i alle fall ein del av dei russiske avdelingane utover sommaren få alvorlege problem på grunn av låg moral, dårlege våpen og ei elendig krigsleiing. I staden for å trappa opp krigen er det meir sannsynleg at Kreml må leita seg fram til ei form for fred. I alle høve vil Russland ikkje på mange år bli i stand til å føra nye krigar.

Den kinesiske leiinga vil på si side sjå at det vestlege samhaldet er solid, og vika tilbake for å invadera Taiwan. Og når det gjeld Donald Trump, vil han det neste året vera meir oppteken med å reinvaska seg for alle moglege klagemål i retten enn å føra valkamp.

Ei uviss framtid

Når ein skal planleggja oppbygginga av det norske forsvaret for dei neste tiåra, handlar det i alle høve ikkje om å leggja alle desse moglege scenarioa på gullvekt og avgjera kva for eit som er meir sannsynleg enn dei andre. Det handlar om å planleggja for ei uviss framtid, ei framtid som er minst like uviss som under den kalde krigen. Knut Storberget lét ingen vera i tvil om denne bodskapen då han gjekk opp på talarstolen på vegner av Forsvarskommisjonen denne veka.

Om ein verkeleg, slik Storberget gjorde, skal ta høgd for at Noreg kan hamna i ein ny krig, er det eigentleg knapt noka grense for kor mykje pengar me må henta fram: Noreg er, til sjuande og sist, eigentleg ikkje eit land, men ein kyst. Skal me forsvara den norske kysten og dei enorme havområda utanfor, der ein stor del av energien til Europa blir produsert, må Marinen dimensjonerast på ein heilt annan måte enn i dag.

Eit anna stort hòl i forsvaret vårt er vern mot innkomande missil og dronar. Det me hadde av luftvern over norske byar, blei lagt ned etter den kalde krigen, og norske veljarar og politikarar har fram til no meint at me ikkje treng noko effektivt luftvern. Skal me byggja det opp att, må me skapa ei heilt ny våpengrein frå bar bakke. Hæren vår, med éin ståande brigade, er god, men liten. Det trengst to brigadar til, meiner Storberget og kommisjonen hans.

I tillegg snakkar mange militære om at Hæren må få ein heilt ny reservestyrke for å kunna halda ut i ein krig. Ved sida av eit styrkt heimevern er det snakk om å byggja opp noko som liknar den amerikanske nasjonalgarden. Reservistane der må gjera teneste minst to veker kvart år, slik at dei held ved like kunnskapane frå tenestetida i Forsvaret. Om Noreg gjer noko liknande, vil dette utgjera ein langt meir slagkraftig reserve enn den gamle mobiliseringshæren.

Smør, ikkje kanonar

Men kor skal ein henta inn pengane for å setja dette ut i livet? Underteikna såg for få dagar sidan på eit 1. mai-tog i ein liten by på Sørlandet. Toget hadde mange gode parolar, som stort sett handla om å auka velferda til folk i byen. Ingen av parolane, så vidt det var mogleg å sjå, handla om å bruka fleire milliardar på forsvaret av Noreg.

Omkring i by og bygd i landet vårt er det eit stort engasjement for betre aldersheimar, opprusting av skulen og auke i trygdeytingane til dei som slit mest. Det er knapt nokon på grasrota som går i bresjen for å få fleire ungdomar i uniform og skaffa dei fleire kanonar. Sjølv om Europa har vore i krig i meir enn eitt år no, har debatten om eit styrkt forsvar vore avgrensa til den politiske eliten og nokre få andre miljø.

Om me kjem så langt at dei tiltaka Knut Storberget streka opp denne veka, blir sette ut i livet, heilt eller delvis, vil det krevja ein uvanleg grad av semje mellom dei norske politiske partia. Det kan bli ein politiske prosess i bratt motbakke.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis