JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Blind på eine auget

Russiske soldatar og leigesoldatar står bak krigsbrotsverk i Ukraina. USA er knallhard i kritikken og vil ha skuldige straffa, men møter seg sjølv i døra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Joe Biden har stempla og vil strafforfølgje den russiske Wagner-gruppa som kriminell, men kan møte motstand på heimebane frå amerikanske interesser som har operert og opererer på same måten.

Foto: Patrick Semansky / AP / NTB

10201
20230210
10201
20230210

Den private russiske hæren som går under namnet Wagner-gruppa, er blitt ein sentral aktør i Ukraina. Nyleg stempla Biden-regjeringa Wagner-gruppa som ein «internasjonal kriminell organisasjon» og varsla nye sanksjonar mot eigaren Jevgenij Prigozjin og andre involverte. Også EU har innført sanksjonar mot Wagner-gruppa.

Vi veit nok, frå ulike granskingar, filmopptak og vitnemål, at dei har gjort seg skuldige i krigsbrotsverk i Ukraina. Det same har ordinære russiske styrkar. Sivile er blitt valdtekne og avretta, bustadområde, sjukehus og tilfluktsrom bomba med overlegg, og så bortetter.

President Biden og andre amerikanske politikarar lovar at dei skuldige skal bli straffa. Men det blir ikkje lett, og kritikken frå USA kan stå fram som merkeleg. Ingen har dei siste tiåra gjort meir for å privatisere krigføring, eller for å undergrave Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC), enn nett USA.

Frå Blackwater

Leigesoldatar er omtrent eit like gammalt fenomen som krig, men i moderne tid har statar stort sett hatt monopol på militær vald og krigføring. Sjølvsagt har det vore mange unntak, spesielt i Afrika. Heilt sidan avkoloniseringa har Afrika vore ein magnet for «eventyrlystne» leigesoldatar, gjerne eksmilitære. Vi kjenner to slike i Noreg: Joshua French og Tjostolv Moland, som freista å gjere karriere i Kongo. Men på statleg nivå var regelen, ikkje minst under den kalde krigen, at statar stod bak hærstyrkane som blei trena opp og utrusta for krig.

Eit avgjerande skilje kom i 2001, med USAs globale krig mot terror og invasjonen av Afghanistan og seinare Irak. Her begynte USA å nytte private kontraktørar i stor stil, til sikring, vakthald, eskorte og ei lang rekkje andre oppdrag. Det mest notorisk kjende av desse selskapa er Blackwater. Men fleire andre var minst like involverte, som amerikanske DynaCorp og IMPRI, og britiske selskap som Aegis, Erynis og Armour Group. Mange titusen leigesoldatar og andre tenestefolk blei hyrte inn på amerikanske milliardkontraktar.

Dei hamna ofte i skarpe oppdrag og drap mange sivile. Private amerikanske kontraktørar deltok også i tortur på plassar som Abu Ghraib-fengselet. Dei gjekk ut og inn av fengsla og stod ikkje til ansvar for nokon. Vi kan takke mellom andre Wikileaks og Julian Assange for at mange av desse hendingane er blitt kjende. Amerikanske militære og styresmakter prøvde stort sett å halde alle slike overgrep skjulte. Og når dei er blitt avslørt av media, Wikileaks eller varslarar, har amerikanske toppmilitære og ministrar kalla dei for «tragiske hendingar» og skulda på a few broken apples.

I den tidlege fasen i krigen mot terror kalla amerikanarane stridande ikkje-soldatar for unlawful combatants – så lenge dei kjempa mot USA, vel å merke. Dei som hamna i denne kategorien, blei sende til Guantánamo, eller til hemmelege dark sites utanfor USA, og mista dei rettane krigsfangar vanlegvis har ifølgje Genèvekonvensjonen. Dei blei utsette for tortur og fekk ingen rettargang. Derimot kravde altså USA immunitet og amnesti for sine eigne private soldatar – sjølv om dei gjorde seg skuldige i krigsbrotsverk.

Til Wagner

Wagner-gruppa voks seg stor i ruinane av den amerikanske krigen mot terror, i Midtausten og i Afrika. Som mange av dei amerikanske og britiske forgjengarane blir Wagner-gruppa leidd av eksmilitære. Dei har investorar i ryggen og tener store pengar på kontraktar med styresmaktene i sine «heimstatar». «USA forlangte immunitet for sine leigesoldatar i Afghanistan og Irak. I Ukraina har Wagner-gruppa arbeidd for å få Russland til å gje dei kombattantstatus (som vil gje dei vern under den tredje Genevekonvensjonen).

Wagner-gruppa treng det. For i Ukraina har Russland teke privatiseringa av krig lenger enn USA gjorde i Afghanistan og Irak. Blackwater og andre private selskap i amerikansk teneste var ikkje militære innsatsstyrkar i kamp ved fronten, slik Wagner-gruppa er. Sjølv om amerikanarane nytta fleire titusen private, gjorde kanskje dei fleste «sivile» serviceoppdrag, alt frå å stå i messa til å vaske klede. Blant dei amerikanske kontraktørane var mange uskikka folk, som kriminelle og eksmilitære som var blitt sparka ut. Men Wagner-gruppa er i ein klasse for seg. Dei har rekruttert i stor stil direkte frå russiske fengsel. Avhopparar blir drepne med sleggje mens det blir filma.

Wagner og amerikanske Blackwater er ikkje identiske, men eit uttrykk for det same fenomenet, som har å gjere med privatisering av krig. Poenget her er at USA endra prinsippa for moderne krigføring mellom større statar ved å nytte leigesoldatar i stor stil på krigsskodeplassen.

Etter stadig nye skandalar skifta Blackwater namn fleire gonger (først til Xe Services, deretter til Academi og no Constellis). Eigaren Erik Prince har jobba med ikkje-demokratiske regime dei siste ti åra og har dei siste åra vore under etterforsking for brot på amerikanske lover om våpeneksport. I 2020 tilbaud han sine tenester til Wagner-gruppa, ifølgje den vanlegvis truverdige nettstaden for undersøkjande journalistikk The Intercept.

ICC og USA

Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) har, på oppmoding frå Ukraina, teke til å samle inn materiale for det som skal bli eit rettsoppgjer etter krigen. Men her er det ein elefant i rommet. USA respekterer ikkje at ICC skal etterforske eller dømme amerikanske soldatar for krigsbrotsverk. Også regulære amerikanske styrkar stod bak slike i Afghanistan og Irak. Eit av mange døme er då amerikanske soldatar drap 24 irakiske sivile, inkludert kvinner, gamle og barn, i Haditha. Ingen, verken meinige eller offiserar som var med, er blitt dømde, sjølv om saka er blitt etterforska og alle vesentlege detaljar er kjende. Sju blei sikta, men sakene mot dei blei lagde bort.

Alt i april i fjor kalla president Biden president Putin for ein krigsforbrytar. Ved eitt tilfelle (12. april) kalla han til og med det Russland dreiv på med, for «folkemord» (genocide). Slike påstandar har liten verdi om ikkje konkrete hendingar blir etterforska og dokumenterte. FN, ukrainske styresmakter og andre driv med dette. Men for å føre ei eventuell rettssak trengst det ein domstol. Straffedomstolen i Haag (ICC) er betre skikka enn nokon andre til å gjere dette på ein forsvarleg måte, ja, det var derfor han blei skipa. Problemet er at USA, som no er i front med å kalle det som går føre seg i Ukraina for krigsbrotverk, normalt er ein aggressiv motstandar av ICC.

Vi må sjå litt tilbake. Roma-vedtektene frå 1998 er grunnlaget for ICC. ICCs charter tredde i kraft i 2002 og er ratifisert av 128 statar. Både Russland og USA skreiv under Roma-vedtektene i 2000, men ingen av dei ratifiserte avtalen, og dei har følgjeleg ikkje adoptert ICCs statuttar, slik det var meininga, og som alle andre gjorde.

I 2002 drog president George W. Bush demonstrativt USA ut av heile avtaleverket som ligg bak ICC. Sidan har USA aktivt motarbeidd ICCs legitimitet, gjennom lover i Kongressen som vernar amerikansk personell (inkludert private kontraktørar) mot ICCs jurisdiksjon. USA gjorde det til og med klart at andre land som samarbeider med domstolen, ikkje kan forvente hjelp av dei.

Ikkje nok med det: I 2020 erklærte Trump-regjeringa ein «nasjonal naudsituasjon» og vedtok sanksjonar mot to av ICCs dommarar og assistentane deira, etter at ICC hadde gjort det klart at dei kunne og ville etterforske amerikanarar. Utanriksminister Mike Pompeo kalla ICC «ein gjennomført øydelagd og korrumpert institusjon».

Biden-regjeringa har oppheva sanksjonane mot ICC-dommarane, men meiner framleis at ICC ikkje har nokon rett til å etterforske amerikanarar. USA krev å få ha sine eigne krigsbrotsverk i fred for ICC.

ICC og Russland

Russlands krigsbrotsverk kjem til å bli etterforska av ICC, i samarbeid med europeisk påtalemakt og ukrainske styresmakter, sjølv om landet ikkje har ratifisert Roma-vedtektene til ICC. Men kor uheldig er det ikkje, i denne situasjonen, at USA i 20 år har freista å undergrave ICCs autoritet? Det stemmer særs dårlig overeins med Bidens mange skuldingar mot Putin om krigsbrotsverk, at han og USA har motarbeidd institusjonen som har legitimitet og ressursar til å få krigsforbrytarar dømde.

Det gir Putin høve til å avvise skuldingane om krigsbrotverk som vestleg propaganda. Om den dagen kjem, er éin ting sikkert: Putin og Russland kjem til å bruke USAs haldning til ICC for alt ho er verd. Om USA ikkje anerkjenner ICC, og hevdar domstolen er eit angrep på USAs suverenitet, vil sjølvsagt også Russland gjere det same. Innvendingar frå USA vil då verke latterlege.

Gåve til Russland

Då USA invaderte Irak, gjekk legitimeringa på at dei skulle fjerne landets påståtte arsenal av «masseøydeleggingsvåpen». Det fanst ingen, men dei fabrikkerte bevisa for at dei fanst, blei lagde fram for FN. Putin bytte ut «masseøydeleggingsvåpen» med «ukrainske nazistar» for å legitimere invasjonen i Ukraina. No kan vi sjå korleis det er å vere på den andre sida av ein «humanitær intervensjon».

Russland kan dessverre bruke USAs krigar dei siste 20 åra til å forsvare åtaket på Ukraina. Dei amerikanske krigane har skapt ein ny internasjonal rettsorden, eller mangel på rettsorden, og undergrave internasjonale institusjonar. Sjølvsagt legitimerer ikkje USAs krigar Russlands krig, men for russarane ser fordømminga av eige land ut som dobbeltmoral.

Etter fiaskoane i Irak, Afghanistan og Libya har USA igjen innteke førarsetet for «den frie verda», og samhaldet i Nato og Vesten er sterkare enn på mange tiår. General Mark A. Milley sa på ein pressekonferanse på Ramstein-basen 18. januar at USA og kontaktgruppa av Nato-land vil halde fram med «å forsvare Ukraina for å halde oppe ein regelbasert internasjonal orden».

Eit rimeleg krav til USA, om det er mogleg å tenke seg slikt, er at dei underlegg seg den internasjonale krigsforbrytardomstolen i Haag. Det kjem ikkje til å skje. Det er ei gåve til Russland.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi kan takke mellom andre Wikileaks og Julian Assange for at mange av desse hendingane er blitt kjende.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis