JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Batteriproduksjon er for dei andre

Om den planlagde bilbatterifabrikken til Morrow Batteries i Arendal skal få like mykje subsidiar som ein tilsvarande amerikansk, vert det 16 milliardar kroner i året. Batteriproduksjon i Noreg ser ikkje ut til å verta særleg lønsamt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Batteribyteløysinga Evogo, laga av Contemporary Amperex Technology Co. Limited (Catl), som har tent nokolunde godt dei siste åra, vist på ei bilmesse i Shanghai i april i år.

Foto: Aly Song / Reuters / NTB

13981
20230505

Bakgrunn

Kongressen har lovd 35 dollar per kilowattime lagringskapasitet i batteri produserte i USA.

Om Morrow Batteries skal få det same i Arendal, vert det 16 milliardar i årleg produksjonsstøtte.

Freyr seier dei treng 15 milliardar til i kapital for få fullføra satsinga i Mo i Rana.

Batteri

jon@dagogtid.no

Då olje- og energiminister Terje Aasland la fram planane for vindkraftutbygging til havs i byrjinga av april, sa han at han trudde «de fleste har hatt en tåre i øyekroken» medan dei las dokumenta. Det vart truleg fleire tårer då dei økonomiske rammene for Sørleg Nordsjø I vart lagde fram fredag før påske. Regjeringa sa seg viljug til å garantera ein pris på 66 øre per kilowattime og sette grensa for subsidiane på 15 milliardar for 1500 MW i ny effekt.

Etter dette har det vore ei lemenvandring til Stortinget av ulike lobbyistar. Dei påstår at dei ikkje kan byggja vinden så billig som regjeringa vil at dei skal byggja. Dei viser til at grunnen i Sørleg Nordsjø er mykje djupare enn på stader for tilsvarande anlegg i utlandet, at euroen er vorten mykje sterkare, og at krafta vert seld i euro og ikkje i norske kroner. I tillegg kjem det at kostnadene ved å kjøpa slikt som turbinar og råvarer er vortne mykje høgre både i euro og i dollar og ikkje minst i norske kroner.

Bunde seg til masta

Men same kva: Aasland har garantert at havvind kjem, og då er det berre eit spørsmål om kor mykje vi skattebetalarar og straumkundar må ut med. Så godt som heile Stortinget, med unnatak av Raudt, har bunde seg fast til havvindmasta.

Det hindra rett nok ikkje at Equinor, om lag samstundes som lobbymøta gjekk føre seg i Stortinget, kunngjorde at dei utsette den planlagde Trollvind-utbygginga ved Troll-feltet. Trollvind vart for dyrt slik dei internasjonale prisane på turbinar og råvarer har utvikla seg.

Denne gongen skal det handla om batteriproduksjon, som regjeringa også seier skal koma i stor skala i Noreg. For å seia det slik: Det er langt mindre sikkert at vi får storskala batteriproduksjon enn at vi får havvind i Noreg. For skal ein byggja batteri i ein skala som monar, må regjeringa verkeleg stilla opp med storkapital.

Dei største batteria

Vi kan illustrera med dei største batteria i Europa, dei norske magasina. Den teoretiske lagringskapasiteten i norske magasin er 87,3 terawattimar (TWh). Er alle magasina heilt fulle, er det altså nok vatn der til å produsera 87,3 milliardar kWh.

No er årsproduksjonen frå magasina mykje større enn det, for magasineigarane slepper ut vatn for produksjon når straumprisen er høg, og får inn vatn når straumprisen er låg, vassføringa høg og produksjonen vert halden att. Men nett som med batteri kan altså norske magasineigarar slå av og på produksjonen.

Kor mykje ny batterikapasitet var kopla til straumnettet i verda i 2022, skal vi tru det store energianalysebyrået BloombergNEF? Det vart produsert batteri med ein lagringskapasitet på 35 gigawattimar. Det er 0,035 TWh i lagringskapasitet. Ja, produksjonen gjekk opp med 68 prosent samanlikna med 2021, men det er ikkje store dammen i Noreg du treng for å lagra vatn nok til senda 0,035 TWh ut i nettet. 35 GWh svarar til ein tiandedel av det gjennomsnittlege norske kraftforbruket per dag.

Stort og stort

BloombergNEF har laga ein vekstprognose for dei komande åra, ein prognose dei rett nok er særs usikre på om er mogleg å nå, både på grunn av forsyningskjedeproblem og av di det er veldig dyrt å lagra straum i stor skala ved hjelp av batteri. Dei ser for seg at årsproduksjonen vil veksa med 23 prosent i gjennomsnitt fram mot 2030.

Det vil seia at verda i 2030 produserer batteri med ein lagringskapasitet på 278 GWh knytt til nettet. Det svarar til årsproduksjonen til Tussa-magasinet inst i Hjørundfjorden. I dagens pengar kosta det kraftverksanlegget om lag 550 millionar kroner å byggja. All verdas batteriproduksjon for kraftsystem, om BloombergNEF får rett, vil i 2030 svara til eit lite magasin inst i ein liten fjord på Vestlandet.

Men sjølv om lagringskapasiteten i batteri, med det vi veit no, lenge vil vera særs liten samanlikna med energimengda som kan lagrast i vassmagasin, er det ingen tvil om at batteriproduksjon verkeleg er storskala industriproduksjon, og då særleg innanfor bilbatteri. Det vil ikkje seia at det vert mykje profitt å henta. «Lønnsemda er ikkje nett lovande», som Asia-redaktøren i Financial Times, Robin Harding, skriv.

Eit sveip

Men fyrst eit lite sveip inn om grunnleggjande samfunnsøkonomi, utanrikshandel og det faktum at ressursar, i form av menneske, energi og materiale, har alternativ nytte. At innsatsfaktorar bør nyttast der dei gjev høgst verdiskaping, er standard samfunnsøkonomi.

I eit normalår produserer Noreg ca. 150 TWh og eksporterer om lag 20 av desse til utlandet. I 2022 selde vi brutto for 45 milliardar kroner i kraft til utlandet, og nettoverskotet vart på 22,6 milliardar.

Dette overskotet kom nesten utan arbeidsinnsats frå menneske. Når eit kraftverk står og går og kraftkablane er på plass, krev det få arbeidarar for å eksportera straumen. Det er eit slit for andre å konkurrera med lønsemda til ein straumarbeidar.

I kvar fabrikk vi får i Noreg som nyttar straum som kunne ha gått til eksport, må kvar arbeidar generera eit større overskot enn dei få arbeidarane vi har i kraftbransjen som gjev eit tilskot til norsk straumeksport. Det er nesten umogleg å få til. Skal batterifabrikkar i Noreg gjera oss rikare, må dei vera i stand til å konkurrera med kraftbransjen i verdiskaping. Men kraftbransjen er Fastlands-Noregs suverent mest verdiskapande næring per arbeidar.

Verdikjede

Jau, batteribransjen som ein del av ei verdi- og produksjonskjede kan gje tilskot til verdiauke andre stader i produksjonskjeda. Elbilar vert ikkje produserte utan batteri. Men Noreg er ikkje ein del av ei slik verdikjede. Det vert ikkje produsert bilar i Noreg, og same kva kan ikkje bilprodusentar, sjølv om dei får billige batteri, konkurrera med overskota som den norske kraftnæringa genererer ved direkte sal av straum til utlandet.

Likevel gjev batteriselskapet Freyr inntrykk av at dei vil byggja ein batterifabrikk i Mo i Rana som krev 1,4 TWh i tida mellom 2024 og 2031, det er i alle høve det som står i kontrakten om straumkjøp dei har inngått med Statkraft. Ein av grunnane til at Freyr legg fabrikken til nett Mo i Rana, er at straumen der er innelåst, det vil seia at ein ikkje kan eksportera alt som vert produsert av straum der, og difor vil straumen vera billigare.

Men frå neste år vil Statnett innføra ei ny flytbasert ordning i det norske nettet. Då vert det lettare å overføra straum frå nord til sør i Noreg, og prisane i Nord-Noreg ser ut til å gå opp med 27 prosent, har nettstaden Europower.no rekna seg fram til. Då kan vi nok rekna med ein gjennomsnittspris i Nord-Noreg på over 50 øre.

Skal det vera samfunnsøkonomisk lønsamt for Noreg å satsa på Freyr, bør altså den fabrikken vera i stand til å generera store overskot på grunnlag av den prisen Statkraft har gjeve dei. Om dei ikkje det maktar, vert vi som samfunn fattigare, og det utan at Noreg får lægre CO2-utslepp, sidan lite eller ingenting av batteria dei eventuelt skal produsera, vert nytta i Noreg.

Lite profitt

Sanninga er at batteriproduksjon globalt så langt har vist seg å vera lite lønsamt. Batteriindustrien har låge marginar og høg kapitalintensitet, han er prega av ureining og møter store teknologisk barrierar. Dessutan er batteri ikkje merkevarer.

Kvifor går selskap som Mercedes eller Porsche med store overskot? Av di kundane deira er merkelojale og viljuge til å betala mykje for det som vert kalla «premium». Ein kjenner seg god og vellukka når ein kjøper seg ein ny Mercedes. Men er den Mercedesen ein elbil, gjev ein blanke blaffen i kven som har laga batteria, så sant dei verkar.

Bildelprodusentar, dersom dei ikkje har eit unikt patent, tener ikkje store pengar. Ja, norsk kraftkrevjande industri har ofte tent gode pengar, men det har dei ikkje gjort av di norsk kunstgjødsel eller norsk aluminium er særskilt gode, men av di norsk kraftkrevjande industri har hatt tilgang på billig straum, eit gode som nok er over.

Sony gav opp

Det var Sony som i 1990-åra starta med storskalaproduksjon av litium-ion-batteri. Dei vart etter kvart gode til dette. Men dei tente aldri pengar å snakka om. I 2016 gav dei opp og selde seg ut av forretningsområdet. Japanske Panasonic og sørkoreanske Samsung SDI og LG har opplevd sterkt aukande sal dei siste åra. Men for å få til det har dei måtta skaffa seg ein balanse på fleire titals milliardar dollar kvar, som Financial Times peiker på, og overskota har vore små. Sjølv i særs gode år slit dei med å få 10 prosent overskot.

Vi får stadig høyra at batteri vert betre og betre, sant nok, men teknologien er i grunnen særs gammal. Ein må kjøpa inn enorme mengder med råvarer, som ofte er dyre og vert dyrare fordi stadig fleire vil laga batteri, så må ein køyra desse råvarene, som ofte kostar mykje å raffinera, gjennom særs dyr realkapital.

Her er stordriftsfordelen enorm. Framgangen kjem gradvis og di fleire menneske og di fleire og større maskiner, di større er sjansen for at ein lærer noko som gjev ein liten fordel. Men då skal ein driva stort.

Kinesarane

Den einaste bilbatterifabrikanten som har tent nokolunde godt dei siste åra, er kinesiske Catl. Vi byrja med å fortelja kor stor batteriindustrien for lagring av straum til nett var. Bilbatteriindustrien er litt større. Den globale bilbatteriproduksjonen produserte batteri som kunne lagra 297 GWh i 2021. Om desse batteria vart fylte og tappa kvar dag, kunne dei – med overførings- og driftstap – ha brukt to tredjedelar av norsk årleg kraftproduksjon.

Catl hadde 33 prosent av marknaden i 2021, mellom anna av di Kina har full kontroll på marknaden for sjeldne jordartar og ein god del av dei andre minerala som går inn i batteri. Catl nærmar seg no 80.000 tilsette og kjem i år til ha ei omsetning på godt over 500 milliardar kroner. Dei er det einaste bilbatteriselskapet som tener pengar å snakka om, i hovudsak av di dei kan henta ut stordriftsfordelar, og av di dei i røynda vert subsidiert av den kinesiske staten.

Profitt i batteriproduksjon vert mykje basert på kostnader ved råvarene og innsatsfaktorane. Batteri er peikt på som eit strategisk satsingsområde, slik solceller vart det av den kinesiske staten. Kinesiske solcellefabrikkar er no totalt dominerande globalt. Dei fekk billige innsatsfaktorar. Batteri bruker mykje av det same som trafostasjonar. Norskproduserte trafostasjonar er no nesten dobbelt så dyre som for tre år sidan.

Kina vert vanskeleg

Det er ein slik kinesisk gigant eventuell norsk batteriproduksjon må konkurrera mot, og det utan at vi har hatt ein slik industri frå før, og i ei tid då alle norske landsdelar manglar ingeniørar. Det meste av spisskompetansen må difor norske batteriselskap henta frå utlandet, og det i ei tid då den norske krona er rekordsvak.

Batteriproduksjon kan samanliknast med annan storskalaproduksjon av elektronikk og kvitevarer. Det hadde vi mykje av i Vesten før, det meste er borte. Apple er leiande på ei mengd teknologiar, men sjølve produksjonen går i liten grad føre seg i Europa eller USA. Likevel snakkar ein i Vesten om at ein vil henta heim batteriproduksjon. Men då må kapitalen finnast.

Den som vil taka ei leiande rolle i batteriproduksjon, må ha tilgang til store mengder arbeidskraft, mengder med billig kapital, billig energi, ei mengd metall og mineral og eit relativt lågt lønsnivå. Det store spørsmålet for Noreg er kva som gjev oss mest velstand: å selja straumen som til kvar tid ligg lagra i magasina våre, og som vi no ikkje nyttar sjølv, til utlendingar, eller å selja den same straumen via energikrevjande batteriproduksjon.

Det vi veit

Det vi i alle høve veit, er at Noreg ved å satsa på batteri, hamnar i direkte konkurranse med Kina, som altså har sett seg som mål å vera verdsdominerande i batteriproduksjon, ein posisjon dei nær garantert vil oppnå, av di dei kontroller dei viktigaste råvarene som går med til produksjonen. Alt i dag står Kina for 70 prosent av alle batteri som vert eksporterte.

Rett nok har USA gjort det klart at dei vil konkurrera med Kina, og særleg Tesla byggjer no batterifabrikkar i USA, og det gjer dei mykje av di staten har lova å gje direkte skattesubsidiar. Om Freyr no byggjer batterifabrikkar i USA, kjem dei til å få 35 dollar i subsidiar i form av skattekredittar per kilowattime batteria kan lagra, eller 9 milliardar for den produksjonen dei har på teiknebrettet i USA, seier sjefen Tom Einar Jensen.

Skal Freyr halda fram med satsinga i Mo i Rana, seier Jensen, treng dei 15 milliardar i kapital. Staten har så langt stilt opp med ein lånegaranti på 4 milliardar, men Freyr har alt nytta 3 milliardar på å byggja eit prøveanlegg der oppe. No mumlar Jensen om å draga til USA og utsetja satsinga i Noreg.

Morrow

Morrow Batteries, ein annan mogleg norsk bilbatterifabrikant, skal stå ferdig med sin fabrikk i Arendal i 2028. Då skal dei per år kunne produsera batteri med ein lagringskapasitet på 43 GWh. Om dei skal få dei same subsidiane og skattefordelane per kilowattime som Freyr hevdar dei kan få i USA, vert det 16 milliardar i året i produksjonsstøtte i opp til åtte år, pluss eit straumforbruk på rundt 2,5 TWh. Morrow må gå med enorme overskot for å kunne rettferdiggjera ein så stor straumbruk, pluss eventuelle subsidiar.

Det er neppe ein dristig spådom å koma med om ein seier at det kanskje ikkje vert noko av alle desse batterifabrikkane som er varsla i Noreg. Jensen hadde elles ein kompensasjon inkludert opsjonar frå Freyr-styret på 5,1 millionar dollar i 2021. Litt pengar er det i batteri, anten dei vert produserte eller ikkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis