JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Arven etter Georg Johannesen

Det er ein slags historisk ironi i at portrettet av denne mest rabiate Nato-motstandaren kjem ut i ei tid der dei skandinaviske nabolanda melder seg inn i alliansen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Georg Johannesen fotografert eit år etter at han var med på å skipa Sosialistisk Folkeparti.

Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB

5142
20221007
5142
20221007

Boka om Georg Johannesen haustar ros. Alfred Fidjestøl får skryt for å halda fast på det tvitydige og paradoksale ved mannen – ein rar kombinasjon av lynskarp samfunnskritikk, øm medliding og råskap i maktkamp og polemikk. Kva ein elles måtte meina om mannen, så blir det aldri keisamt å lesa av han og om han. Lyrikken freistar å halda fast ved dei menneskelege omkostnadane ved den moderne krigen og peikar på det suicidale ved modernitetens fråtsekultur: «Det er ikke lett å kysse/ når hodet ligger på et annet bord/ med en tomat i munnen».

Men korleis står det til med den politiske arven etter han? Georg Johannesen spela ei nøkkelrolle i grunnlegginga av Sosialistisk Folkeparti. I den første SF-tida trudde han fullt og fast på det kommunistiske samfunnet i sovjetisk utgåve, og han trudde dette systemet ville bli meir demokratisk enn våre samfunn. Etter samanbrotet i austeuropeisk kommunisme tagde han om emnet og heldt fram kritikken mot vest.

Aggressive partar

Han såg på USA og Nato som den mest aggressive parten i etterkrigstida. USA som den einaste som faktisk har brukt atomvåpen i krig, og Nato som landets lydige tenar. Han fnyste av framstillinga av ein sjølvstendig norsk utanrikspolitikk. Noreg er den 51. staten i USA, skreiv og sa han så ofte som mogeleg, det norske utanriksdepartementet har inga anna rolle enn å setja politikken til USA ut i livet.

I biografien til Fidjestøl blir det (mellom anna) gitt ein biografisk bakgrunn for dette. Han nekta militæret og vart dømd til seks månader i fengsel. Han nekta sivilarbeid og fekk meir straff. Det var hans erfaring med norsk militærpolitikk og Nato. Det synet endra han aldri. Det ligg bak formuleringar som at Kristin Halvorsen opptrer som ei flyvertinne på eit amerikansk bombefly.

Historisk ironi

Aksjane til Nato-kritikarane står ikkje høgt for tida. Det er ein slags historisk ironi i at portrettet av denne mest rabiate Nato-motstandaren kjem ut i ei tid der dei skandinaviske nabolanda melder seg inn i alliansen, som blir leia av AP-mannen Stoltenberg. Og idealiseringa av Russland, kommunismens pionerland, er for lengst avslørt som illusorisk.

Denne situasjonen blir også utnytta dagleg av dei dominerande politiske miljøa. I VG får Ingrid Fiskaa i SV skulda for at så få demonstrerer mot Ukraina-invasjonen, og Dagens Næringsliv skriv om ukrainsk framgang på slagmarka at dette er dårleg nytt for Klassekampen.

Den politiske normaliseringsmaskinen seier at no er venstresida sitt politiske verdsbilete endeleg motbevist, og vi som var lojale mot USA, har hatt rett heile tida. Andre går lenger. Aage Borchgrevink vil ta i bruk FN-konvensjonen som forbyd krigspropaganda mot folk som lèt seg bruka av Russlands propagandaapparat. (Morgenbladet 16. september 2022).

Antikommunismen frå den kalde krigen dukkar opp att og vil forvisa folk frå ytringsrommet. Ikkje fordi dei sympatiserer med det bortkomne Sovjet, men fordi dei kan ha kritiske synspunkt på Vesten.

Ei blindsone

Og her blir Georg Johannesen interessant igjen. Han hadde ei blindsone når det gjaldt å kritisera den austeuropeiske kommunismen. Men dette blindpunktet tyder ikkje at all kritikk av vestlege samfunn alltid har vore forfeila.

Den grunnleggjande tankefeilen er den nærast uutryddelege førestillinga om at dersom den eine parten i ein konflikt er klanderverdig, så er den andre uskuldig. Israel-vennene frikjenner Israel for militær brutalitet fordi motparten er terroristar. Palestina-sympatisørar frikjenner dei palestinske organisasjonane sin brutale interne justis fordi Israel er brutal.

Då Sovjet rakna omkring 1990, var det ein samfunnsmodell som gjekk til grunne. Men det vart også proklamert som eit definitivt prov på at det gode var på vestleg side. Kolonialismen, dei fascistiske diktatura som var Nato-medlemmer, USAs sabotering av folkevalde regime i Latin-Amerika – alt vart vaska bort og tilgitt. Historia var slutt, og det liberale Vesten hadde vunne.

Svekt autoritet

Når ein i dag, med all tenkeleg rett, lastar Russland og Putin for å bryta folkeretten og laga sine eigne reglar for kva ei stormakt kan gjera, ligg det dei vestlege lovbrota under som ein verkebyll. Russland bryt all internasjonal orden. Men den vestlege sida har også gjort det ei rekkje gonger.

Desse innsiktene orsakar ikkje Putins handlemåte, men dei svekker autoriteten til Vesten. Og dersom ein held fram med å reinvaska vår eiga og vår allianse si historie, misser klagene på Russland meir og meir av sin autoritet.

Ein rusar seg i eiga uskuld. Georg Johannesen vart nesten tom for invektiv då Aftenposten skreiv at Oslo var «godhetens hovudstad». Dette at motpartens moralske svikt gjer oss feilfrie, er ei førestelling den hardtslåande bergensaren kan hjelpa oss å bli kvitt.

Vi er ikkje heilt ferdige med Georg Johannesen.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han hadde ei blindsone når det gjaldt å kritisera den austeuropeiske kommunismen.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis