JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Alt går verre for Arbeidarpartiet

I vår misnøyes vinter blir Støre også straffa for det regjeringa ikkje kan gjera noko med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jonas Gahr Støre i samtale med statssekretær Kristoffer Thoner før statsministerens oppsummerande pressekonferanse i Oslo tysdag denne veka.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

5687
20221223
5687
20221223

hompland@online.no

Spaltisten skal ha skrive at Støre, etter to tap for Solberg, kunne koma til å bli den beste statsministeren landet aldri fekk. Så fekk me han, med Senterpartiet på lasset, og må konstatera at han ikkje er blitt den beste statsministeren me har hatt.

Han har vore uheldig med omstenda på si vakt. Det er ikkje fred over jorda, og ho er slett ikkje berre deilig. Det er dyrtid, krig og uvisse. Det lyder ikkje skjønt frå sjel til sjel. Og regjeringa får ansvar også for det ho ikkje kan gjera noko med.

Oppslutninga om Arbeidarpartiet ligg under bensinprisen. Saksekrisa blir fatal om straumprisen kryssar prosenten på meiningsmålingane. Med ein liten vri på Gudmund Hernes kan ein seia at alt som kunne gå gale for Arbeidarpartiet, går verre. Trøysta er at alt som går ned, kan koma opp att.

MEN VERTINNA MEINER det er meir enn uflaks. Ho minner om at Støre sjølv har sagt at han er ein framandkulturell innvandrar i sosialdemokratiet – med eit kall.

Konverteringsterapien var hans eige verk. Han blei signa av Gro og tatt vel imot. Han gjekk gjennom introduksjonsprogrammet og blei inkludert og delvis integrert, men assimilert i arbeidarrørsla blir han aldri, for han manglar klasserøtene. Han er ikkje oppvaksen i Framfylkingen, har ikkje vore på leir på Utøya og blitt sosialisert inn i partikulturen gjennom AUF.

Støre er sosialdemokrat av overtyding, val og miljø, ikkje av arv. Det har han felles med fleirtalet av dei veljarane Arbeidarpartiet må fanga for å vera eit berekraftig styringsparti. Men han er ikkje mannen som med stort truverd kan finna tilbake til sosialdemokratiske røter han ikkje har. Det ville ikkje nytta å gjeninnføra bots- og bededagen.

BYRÅSJEFEN HAR STOR respekt for Støres kunnskap. Han lyttar til Forvaltninga og ville nok ha vore ein klok og god statsminister i meir normale og oversiktlege tider. Men vår misnøyes vinter har han ikkje handtert like sikkert. Han er liksom ikkje den rette til å appellera til blod, sveitte og tårer i kulden.

Det er sagt at Haakon Lie berre kunne opna eit vindauge på Youngstorget for å få teven av folks ønske og bekymringar. Men Gerhardsen overgjekk han, for han trong ikkje eingong opna vindauget for å tolka stemninga i folket; han skapte henne.

Naud skal læra naken statsminister å spinna, så Støre henta inn ein konsulent frå McKinsey med hemmeleg kundeliste. Det var så umusikalsk at nostalgiske gjerdesittarar greip seg i å sakna Schjøtten som stabssjef på SMK. Dei kunne ha trunge meir lyttande riksrevisorskjønn.

Partisekretær Stenseng sa det slik til Klassekampen i førjulsstria: «Vi skal være mer til stede blant folk. Statsministeren reiser mye og møter folk, statsrådene er mye ute og jobber med tilstedeværelse.»

SPALTISTEN ER OGSÅ mint om at han har skrive at Gro fann opp Støre som sosialdemokrat. Ho hadde to politiske adoptivsøner: Jens blei statsminister og generalsekretær i Nato; Jonas tok ho med seg som stabssjef i Verdshelseorganisasjonen (WHO). Seinare melde han seg inn i Partiet, blei stabssjef i Stoltenbergs korte privatiseringsregjering, hadde ein periode i Raudekrossen før han kom til sin rett som utanriksminister og blei prøvd på uriaspost som helseminister i trepartiregjeringa Stoltenberg II. Då Jens blei mobilisert som generalsekretær i Nato, blei Støre forfremma til partileiar, men måtte tena sju år i opposisjon før han fekk statsministerposten.

Neste verv på programmet er ikkje Nato etter Jens, for den skandinaviske kvoten er oppbrukt. Men UD kan koma til å gjera ein diplomatisk lobbyinnsats for å få Jonas på plass som generaldirektør i WHO. Det er ikkje eit usannsynleg scenario, og der ville han rigga godt.

MEN FOR TIDA er Arbeidarpartiet låst til masta med Jonas Gahr Støre som kaptein i uroleg farvatn. Etter at Giske og Tajik fall i unåde ved partihoffet, er det ingen på opprykksplass.

«Tider skal komme. Tider skal henrulle. Slekt skal følge slekters gang.» Men Tonje Brenna må på signingsferd og statsministerskule først, som nestleiar eller partisekretær.

***

RETTINGAR. Inntrykket av fotball-VM skifta undervegs, både kvaliteten på spelet og merksemda om rammene for arrangementet. Det gjeld også for Spaltisten.

Engelskmenn har sunge Football’s coming home again sidan 1966. Det skjer ikkje. Fotballen har flytta ut frå oppfinnarlandet og dei europeiske kolonimaktene for godt. Når det ikkje verkar slik til vanleg, er det fordi europeiske klubblag kjøper dei beste og dyraste gjeste­arbeidarane frå heile verda, finansiert av oligarkar og arabiske fossilpengar. Det kommersielle og korrupte Fifa har ansvar og ære for globaliseringa av fotballen.

Det er ein leivning frå den engelske tommestokken at fotballmåla er spikra som 224 cm i høgda og 732 cm i breidda. Det er like anakronistisk som at Storbritannia har fire landslag.

«Herrrliga London», som dei seier på Bryne.

FELICITACIONES. Storparten av verda græt i glede for Argentina. Den saudiarabiske turistambassadøren Messi frå det Qatar-eigde Paris Saint-Germain (PSG) er ei fotballmesse verd, saman med klubbkameraten Mbappé.

Etter ekstraomgangar og straffespark tapte det moraliserande Nordvest-Europa på knock out. Fifa og Qatar hadde full kontroll og sette klave på arrangementet. Under sigersseremonien stod Infantino, emiren og president Macron i det fotballkorrupte Frankrike saman på ærespodiet.

ADVENTSTIDA før midtvintersblotet har vore kald og strid og smittefarleg. Så hold ud og ha ei god, frisk, fotballfri og fredfull jul. Med ønske om lys i alle krokar av Ukraina.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis