JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

17. mai-talen eg gjerne skulle ha halde

Det kan vera klokt å sjå 1814 utanfrå. Det syner det vesle landet vårt som eit unntaksdøme i Europa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6145
20230519
6145
20230519

Godtfolk! Nasjonaldagar er gode til så mangt. Dei skal ha eit element av sjølvskryt, men utan ein dose sjølvkritikk forfell dei ofte til reine svadaen. For at lesarane ikkje skal falla i svevn, og for å vera betre førebudd på sjølvpiskinga som kjem, vil eg difor mjuka opp stemninga med litt skryt.

For det er neppe tvil om at nasjonalforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjorde ein framifrå jobb. På tre veker snikra 112 menn saman ei grunnlov med 110 paragrafar som var den mest liberale i verda til då (45 prosent av den mannlege veljarskaren over 25 år hadde stemmerett).

Fleksibilitet

Sverre Steen sa det treffande: Grunnlova er som ein tømmerflåte: fast nok til å halda saman, fleksibel nok til å føya seg etter trykket frå bølgjene.

Denne fleksibiliteten gjorde at Eidsvoll-grunnlova vart eit samlingsmerke for den norske demokratiseringa ut over 1800-talet – og samstundes eit nasjonalt symbol som korkje Karl Johan eller dei andre svenskekongane torde røra ved.

1814 var verkeleg eit annus mirabilis, det må vi seia i dag. Grunnlova vart ikkje noko hinder for utviding av stemmeretten og småfolks rettar, men opna opp slik at fleire kunne få stemmerett (mannleg stemmerett kom i 1898, kvinneleg i 1913). Inkludering er difor ei samla vurdering av grunnlovsverket i dag. Og her heime har vi barnetog, i Frankrike syng dei om blodige revolusjonsfaner og ser kampfly og stridsvogner paradera forbi.

Flaks

Noreg hadde på 1800-talet politiske miljø prega av grunnlovskonservatisme (som ville styrkja kongens makt mot Stortinget). Men dei vart ikkje eit reservoar for antidemokratiske stemningar. Og dei som fanst, var utan gjennomslagskraft.

Dette er ikkje ein bagatell. Den spanske Cadiz-grunnlova frå 1812, som var like liberal, varte i eit halvår. Så følgde reaksjonen.

Men gløym ikkje at vi hadde flaks: Karl Johan var våren 1814 travelt oppteken med å slå sin gamle sjef Napoleon Bonaparte på kontinentet og hadde ikkje tid til å slå oss ned.

1848

Tyskarane markerer no 175-årsdagen for den mislukka marsrevolusjonen i 1848. Det kan vera klokt å sjå 1814 utanfrå. Det syner det vesle landet vårt som eit unntaksdøme i Europa.

Nasjonalforsamlinga som kom saman i Paulskyrkja i Frankfurt i 1848, brukte meir enn eit år med detaljerte prosedyrespørsmål og detaljar. Delegatane – dei var 800 – var for splitta mellom republikanarar og folk som ville ha konstitusjonelt monarki med fleire sivile rettar, men halda på kongedømet. Denne fragmenteringa gjekk djupare enn konfliktane på Eidsvoll.

Fraksjonane i Frankfurt gav reaksjonen i Europa tid til å sikra lojaliteten til troppane sine og slik unngå det dei frykta mest: ein ny fransk revolusjon med terror og diktatur. Hausten 1849 var det slutt. Då vart parlamentet jaga heim på kongetru bajonettar.

Professorparlamentet

Nasjonalforsamlinga i Frankfurt hadde ikkje bønder eller småfolk av ulikt slag i sin midte – det hadde jo Eidsvoll-møtet. Frankfurt-forsamlinga var eit «professorparlament» med alle dei svake trekka som det førte med seg av prosedyrekrangling. Delegatane var valde, men Noreg hadde frie bønder som gjorde seg sterkt gjeldande på Eidsvoll.

Tyskland hadde junkerstyre mange stader på landsbygda og restar etter føydalismen. Bøndene var underkua. Her ligg ein sentral skilnad frå Noreg. Frie bønder var saltet i grunnlovsverket.

Frankfurt-parlamentet sleit med andre problem som nordmennene ikkje hadde: Tyskland var bygd opp av ei rad småstatar. Det førte med seg at folket i Paulskyrkja måtte kjempa på to frontar: samla landet og sikra seg mot absoluttiske kongar.

I Tyskland avviste prøyssarkongen Friedrich Wilhelm IV tilbodet om å bli keisar, fordi han ikkje ville plukka «trona opp frå rennesteinen», som han så poetisk sa det.

Tysk samling

Det var Bismarck som samla landet «von oben» og skapte ei autoritær statsordning, ein Obriegkeitsstaat (ein stat styrt av makta). Noreg fekk parlamentarisme i 1884, Tyskland ikkje før keisaren fall etter revolusjonen i 1918. Til då hadde landet eit sterkt udemokratisk valsystem der det tok tre gonger så mange stemmer å velja ein arbeidarrepresentant til nasjonalforsamlinga enn borgarar.

Tyskland hadde heller ikkje ein fastlagd hovudstad, og grensene måtte fastleggjast militært, noko danskane fekk røynsle med i 1864. Den nasjonale identiteten var difor uklar, med Prøyssen som leiande kraft. På alle desse punkta var Noreg ein idyll.

Skuggesidene

Den liberale revolusjonen i Tyskland gjekk av sporet i 1848, medan Eidsvoll i 1814 sette landet på vegen til meir demokrati.

Ein skamplett må ikkje gløymast: paragraf 2, som slo fast at jødane «framleis» skulle vera utelukka frå landet. Antisemittisme i moderne tyding var det neppe, meir tradisjonell skepsis mot dei «framande».

Håkon Harket har gjort det klart at initiativet til denne skammens paragraf ikkje kom frå bøndene, men frå samfunnets sentrum, dei førande politiske intellektuelle, mellom dei professor Georg Sverdrup.

Årsaka? Litt frykt for kommersiell konkurranse frå omreisande jødar, meir tvil om deira lojalitet til den nye staten. Båe døme reine fordommar.

Paragrafen vart ikkje oppheva før i 1851, etter effektiv agitasjon frå Henrik Wergeland. Han er etter mitt syn den fremste nordmannen som har levd. (Kva sa ikkje Arne Ording? «Alt godt i dette landet kjem frå Henrik Wergeland.») Jesuittane kom inn frå 1956. Paragrafen for dei vart oppheva samstundes med at sovjetiske stridsvogner rulla inn i Budapest.

Det ideologiske 17. mai

Nasjonaldagar er ritual – og ideologi. 17. mai-kulturen har spreidd inntrykket av at nordmenn er den menneskerettsleg førande fredsnasjonen. Ja, det finst ein arv frå Fridtjof Nansen. Og vi er av og til gode i fredsmekling og u-hjelp.

Men etter vitjinga til den kinesiske utanriksministeren førre veke er det betre å vera ærleg og slå fast: Noreg er den nasjonen som tek til orde for menneskerettsrespekt – så lenge det ikkje går ut over eigne kommersielle interesser.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis