– Vi har ikkje hevda at det var forsking
Horizon-rapportane var ikkje forsking, men trendanalysar, seier Trond Ingebretsen, tidlegare direktør ved Senter for IKT i utdanninga.
Senter for IKT i utdanninga (SIKT) finst ikkje lenger, det vart fusjonert med Utdanningsdirektoratet i 2018. Trond Ingebretsen, som var direktør for senteret frå 2012 og fram til fusjonen, arbeider i dag i Utdanningsdirektoratet. Han meiner samarbeidet med New Media Consortium var til nytte for SIKT.
– Senteret hadde behov for ein internasjonal samarbeidspartnar med ein veletablert metode og verktøy for å skildre scenario og teknologitrendar, seier Ingebretsen.
– I media i Noreg vart Horizon-rapporten i 2013 breitt omtalt og gjerne presentert som forskingsbasert. Kan Horizon-rapportane seiast å vere forsking?
– SIKT har ikkje hevda at desse rapportane var forsking, trendanalysar er sjeldan det. Vi har ikkje oversikt over korleis pressa har omtalt rapportane.
– Eg skjøner at de ikkje hadde kontroll over alle framstillingar i pressa. Men trur du ikkje at også politiske avgjerdstakarar har oppfatta rapportane som meir vitskapleg funderte enn dei var? «Horizon Report er det viktigste grunnlagsdokumentet vi har for å se inn i framtiden, sammen med føringer fra staten, KS og EU», heiter det i «IKT-handlingsplan i Elverumskolen».
– Eg kan ikkje spekulere på korleis media og kommunar har tolka desse trendrapportane, men merkar meg at Elverum også viser til EU, KS og staten.
Les også: «Teknologireklame med statsstøtte»
–?Burde ikkje Senter for IKT i utdanninga informert betre om at NMC var oppretta av selskap som hadde sterke økonomiske interesser av at produkta deira skulle takast i bruk i skulane?
– NMC var ei uavhengig stifting i 2013. Det var norske og skandinaviske ekspertar som var informantane, gjennom en strukturert Delphi-prosess (metode for å nå konsensus i ei ekspertgruppe, red.merk.), og som sjølve var med på å stemme fram dei mest aktuelle og realistiske scenarioa og teknologitrendane. Styret ved NMC hadde ingen påverknad på innhaldet i rapporten, seier Ingebretsen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.
Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.
Foto: Ran Yehezkel
Eurovision: Israels deltaking er viktig for pressefridomen
Den frie israelske pressa er under kraftig press.
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Sau
Noko om sauedrift i Noreg og Wales.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.