– Udemokratisk krisehandtering
Delar av koronakrisehandteringa utfordra demokratiet, rettsstaten, maktfordelinga og menneskerettane i Noreg, seier jussprofessor Christoffer C. Eriksen.
Avgjerda om å innføre smitteverntiltak i mars 2020 skulle vore teken av regjeringa, ikkje Helsedirektoratet, slo fyrste koronakommisjonen fast. På biletet ser vi helsedirektør Bjørn Guldvog, helse- og omsorgsminister Bent Høie (t.v.) og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet like før nedstenginga.
Foto: Terje Pedersen /NTB
Samtalen
Christoffer
C. Eriksen
jussprofessor ved
Universitetet i Oslo
Aktuell
Kritiserer lovgjevinga under koronakrisa

eva@dagogtid.no
Frå ein rettsleg ståstad var Noreg dårleg budd på ei nasjonal krise, sjølv om ein pandemi var den globale krisa landet truleg var best budd på. Dette vert slege fast i forordet i boka Kriseregulering. Lovgivning under koronakrisen, som kom ut denne veka, og som er eit samarbeid mellom 21 juristar frå seks norske forskingsinstitusjonar.
Jussprofessor Christoffer C. Eriksen ved Universitetet i Oslo er ein av tre redaktørar av boka.
– Kva gjorde oss dårleg budde rettsleg sett?
– Vi mangla til dømes reglar som gjorde det mogleg for regjeringa å ta raske avgjerder med nødvendig demokratisk kontroll. Det vart forsøkt fiksa ved å utforme koronalova, men utkastet regjeringa laga, hadde så store veikskapar at Stortinget med innspel frå fagfolk utanfrå måtte reparere det midt i krisa, og nærast på dugnadsbasis.
– Det syner at demokratiet fungerte, er ikkje det det viktigaste?
– Demokratiet og dugnaden berga situasjonen. Samstundes var det flaks at krisa denne gongen tillét ein slik dugnadsinnsats. Det treng ikkje neste krise gjere. No er koronalova oppheva, så dersom det kjem ei ny krise i morgon, står vi i same situasjon att. Poenget vårt er at vi må tenkje gjennom korleis vi kan innrette oss betre til neste krise.
– Frå regjeringshald er det sett ned tre koronakommisjonar. Gjer ikkje dei ein god nok jobb?
– Juss og rettsreglar vart ein viktig del av handteringa av koronakrisa. Likevel har ingen av koronakommisjonane nødvendig ekspertise på å evaluere bruken av juss og rettsreglar. Dei fyrste kommisjonane hadde éin jurist og hovudvekt av medisinarar. Den siste har éin jurist og mest økonomar. Ingenting av det som er presentert til no, har innebore ei eiga evaluering av bruken av jussen som instrument heller.
– Kvifor er det viktig med ei eiga evaluering?
– Det var mykje som var bra og som fungerte i bruken av rettsreglar under krisa, men rettsreglane vart òg brukte på måtar som utfordrar grunnleggjande prinsipp for styringa av Noreg. Noko av krisehandteringa utfordra demokratiet, delar av rettsstaten, maktfordelinga og menneskerettane.
– Det må du utdjupe.
– For å ta rettsstaten som døme: Forsøk på å detaljregulere folks åtferd var til dømes utforma med så uklare bestemmingar at det var vanskeleg for folk å innrette seg etter dei. Slikt skapar uvisse og utryggleik. Sjølv statsministeren vart skulda for å ha brote reglane om kor mange menneske som kunne vere samla. I ettertid seier politiet at reglane var så uklare at det ikkje er gjeve at ho kunne vorte straffa. Når det gjeld demokratiet, ser mange av avgjerdene frå regjeringa ut til å ha vorte tekne utan at alle relevante delar av regjeringa var involverte, og på grunnlag av saksframlegg som ikkje oppfyller krava Grunnlova stiller.
– Så Grunnlova vart broten?
– På nokre punkt, ja. Den fyrste koronakommisjonen sette lys på at Helsedirektoratet bestemte å stengje ned store delar av Noreg, medan det er regjeringa som etter Grunnlova skal ta slike avgjerder. Vi reiser i tillegg spørsmål ved om regjeringa fekk nødvendig informasjon frå statsrådane som fremja sakene om hytteforbod og inngåing av avtalen med EU om felles innkjøpsordning, den såkalla JPA-avtalen. EU-avtalen var ferdigforhandla og ferdig utgreidd i 2017, men hadde vorte liggjande i ein skuff sidan og vart teken opp att i mars 2020. Utgreiinga tilsa at avtalen kravde samtykke frå Stortinget, men avtalen om signering vart i staden teken i statsråd.
– EU-avtalen sikra oss samstundes nødvendig utstyr, som vel var det viktigaste for befolkninga?
– Avtalen kunne for det fyrste vore signert lenge før krisa, så det syner den dårlege førebuinga. For det andre hadde det ikkje teke ekstra tid å gjere det på rett måte. Avtalen kunne gått gjennom Stortinget to dagar seinare.
– De kritiserer òg at forskrifter etter smittevernlova ikkje var ute på høyring. Vil du seie at krisehandteringa var udemokratisk?
– Forskrifter skal etter forvaltingslova ut på høyring før dei vert vedtekne, men under koronakrisa vende vi oss til eit system der vi vart informerte om reguleringane fyrst etter at dei var vedtekne. Det er udemokratisk.
– Men òg her var det viktig å handle raskt?
– At ein i mars 2020 vedtok reguleringar utan høyring, er så si sak, men dette var eit system som heldt fram i nesten to år. Det er noko anna.
– Det var mykje bråk rundt både «søringkarantenen» og lokale hytteforbod som truleg var ulovlege. Kva var det mest alvorlege lovbrotet lokalt?
– Det er vanskeleg å vite, men eit av dei mest spektakulære forholda som ikkje har vorte diskutert offentleg, er at byrådet i Oslo 12. mars 2020 varsla at skulane stengde, medan offentlege dokument peikar mot at avgjerda om å stenge skulane i Oslo formelt vart teken av kommuneoverlegen i Oslo om ettermiddagen 13. mars.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.