JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

– Bryt ingen lover

Lisensfellinga av ulv er på nytt blitt sett på vent. Hanne Alstrup Velure meiner ulven skal avlivast når bestandsmålet er nådd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein ulv frå Slettås-flokken blir radiomerkt med GPS-sendar.

Foto: Heiko Junge / NTB

5147
20230106

Samtalen

Hanne Alstrup Velure

leiar av Utmarkskom­munenes Sammen­slutning

aktuell

Lisensfelling av ulv

sofie@dagogtid.no

WWF, Noah og Foreningen Våre Rovdyr fekk i desember medhald i kravet om at fellinga av tre ulveflokkar må stansast mellombels til den såkalla ulvesaka i Høgsterett er avgjord. Lisensfellinga skulle ha starta 1. januar og slutta 15. februar. Etter at det vart stilt spørsmål ved habiliteten til tingrettsdommar Atle Torvund, er det Helge Johannessen som no behandlar saka. Hanne Alstrup Velure, leiar i Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) meiner det er uklokt å ha Torvund som dommar.

– Det er ikkje så lenge sidan han var aktiv i MDG, eit parti som har uttrykt ei sterk haldning i rovdyrpolitikken. Då meiner eg det er klokast å ha ein annan dommar. Folk skal har tillit til at domstolane har ei objektiv tilnærming, ikkje politisk.

– Ei liknande utsetjing av ulvefelling vart gjord førre vinter. Det ser ut til at dette vert ein tradisjon?

– Det ser slik ut. Det blir farleg å seie at dette er ein strategi frå organisasjonane som er mot felling av ulv, men det same skjer kvart år.

– Det vart bestemt at 21 ulv skulle fellast under lisensjakta innanfor ulvesona i vinter. Vil ikkje ei slik avliving svekkje ei ulvestamme som alt har hamna på raudlista over kritisk trua artar?

– Nei. Noreg har ikkje forplikta seg til å ha ein eigen levedyktig bestand, men skal bidra til ein felles skandinavisk bestand. Det var brei semje på høgre- og venstresida i norsk politikk om rovviltforliket i 2011 og ulveforliket i 2016. Forlika har ei dobbeltsidig målsetjing om på eine sida å bidra til ein levedyktig interskandinavisk ulvebestand og på den andre sida at vi skal ha beitebruk, kulturlandskap og busetnad i heile landet.

– Det er ulike forvaltningssystem for ulv i Sverige og Noreg og mykje meir ulv i Sverige. Kvifor skal Sverige ta større ansvar for å ta vare på ulvestamma?

– Det er ikkje definert at dei skal ha meir ansvar og me mindre, det er eit delt ansvar. Situasjonen er litt annleis i Sverige. I Noreg er det eit politisk ønske om og ein aktiv distriktspolitikk for at folk skal bu i heile landet. I Sverige har ein ikkje hatt same aktive distriktspolitikk. Difor er det meir grisgrendt og folkesetnaden meir sentralisert.

– Bør ikkje hovudtyngda vere på naturmangfald heller enn å nå bestandsmålet?

– Bestandsmålet i Noreg er på 4–6 årlege ynglingar. Talet på ynglingar har over fleire år vore høgare enn dette. Dersom me ikkje kan ha beitedyr gåande ute, vil landskapet gro att. Me skal bidra til både naturmangfald, matproduksjon og kulturlandskap. Det er difor me har denne todelte målsetjinga. Dei vedtaka som er gjorde i Stortinget, er ikkje lovstridige etter internasjonale konvensjonar eller norsk lovverk. Likevel er det nokon som påstår det. Dei burde arbeide for fleirtal for sitt syn politisk i staden for å køyre politikk inn i domstolane.

– Det er mykje innavl i norsk ulv, og dei fleste ulvane i Noreg er genetisk sett søsken.

– Det er ei overdriving. Kvar einaste levande ulv er dokumentert av Miljødepartementet ned på individnivået, og dei veit kva for ulv som er genetisk viktig, og kva for ulv som ikkje er det. Det er desse unyanserte argumenta om genetikk eg høyrer i retten kvar gong. Det er frustrerande å måtte høyre dei om att og om att.

– Rettssaka om Letjenna-ulvane skal opp for Høgsterett til våren. Er det ikkje viktig å vente på ei rettsleg avgjersle før ein byrjar ulvejakta?

– Det er det same som å bite seg sjølv i halen. Då vil ein jo honorere det å køyre saker inn i rettsapparatet, sidan vedtaket ikkje kan setjast i verk medan saka blir handsama. Då blir både forvaltninga, overbestanden og skadeomfanget deretter.

– Korleis synest du rettssystemet har handtert desse konfliktane?

– Det er trist at det skal gå gjennom heile rettsapparatet kvar gong. No fall det ein tydeleg dom om kva som gjeld utanfor sona, og eg håpar me får ein tydeleg dom om kva som gjeld innanfor sona òg. I ulvesona skal det vere høgare terskel for felling, men når ein ligg godt over bestandsmålet, og dersom omsyna under paragraf 18 (a, b og c) i naturmangfaldlova er gjeldande, så skal ulven takast ut. Lova seier at ein kan ta ut vilt for å beskytte natur, for å hindre skade på eigedom (til dømes husdyr, avling og skog) og for helse- og tryggingsomsyn. Eg har tillit til at miljøforvaltinga seier frå dersom felling ikkje er i samsvar med ein interskandinavisk levedyktig bestand.

– Kor mange ulv meiner du me skal ha i Noreg?

– Det har eg inga meining om. Eg er ikkje ulvemotstandar og vil gjerne ha ulv – det synest eg berre er flott. Men eg vil òg ha levande bygder, kulturlandskap og matproduksjon, og eg respekterer dei menneska som må leve med ulven i ulvesona. Eg trur langt dei fleste er samde i at me må greie å ha begge omsyn for auga. Trass i at det er mykje konflikt kring desse problemstillingane meiner eg me har løyst det på best mogleg måte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er trist at det skal gå gjennom heile rettsapparatet kvar gong.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis