Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Samanbrot i vår tid

| Den 10. oktober 2014

Samanbrot i vår tid

Marita Liabø leverer eit sterkt kvinneportrett som går rett inn i aktuell kjønnsdebatt, men der spørsmålet om kjønn kanskje ikkje er det viktigaste likevel.

Roman
Marita Liabø:
Pusteproblem
Samlaget 2014

«De sier at mange husmødre faktisk går og håper på et nervøst sammenbrudd, sa hun lavt og dirrende. At det skal briste helt for dem en dag, så de bare ligger der, og det blir tydelig for alle at begeret er fullt og nå kan de ikke mer. Bli brakt på sykehus og ligge i en hvit seng og se i taket. Uten ansvar. Jeg kan forstå dem.»
Eg har nett lese mykje av Ebba Haslund, difor dette sitatet frå gjennombrotsromanen hennar, Middag hos Molla frå 1951. Tjuefire år seinare kom den meir kjende romanen Bare et lite sammenbrudd, om husmora som ser ut til å ha alt ein kan ønskje seg, men som drikk seg full, spyr og flyktar frå sitt eige 50-årslag. 39 år etter det att, altså i år, kjem Marita Liabø med romanen Pusteproblem om ei kvinne som også opplever eit «lite» samanbrot. Så: Er det like vanskeleg å vere kvinne i dag som det var den gong husmødrer gjekk heime åleine, understimulerte og overarbeidde? Eller er tendensen til å spore personlege problem attende til normer og samfunnsstrukturar overdriven?

Kvinne på randa
Desse spørsmåla stiller eg meg etter å ha lese Pusteproblem, sidan debatten for tida går om kvifor kvinner oftare vert sjukmelde enn menn, og kvifor «flinke jenter» får psykiske problem. Og Liabø skildrar ein hektisk kvardag mange slitne småbarnsmødrer vil kjenne seg att i. Men kanskje vil fedrane kjenne seg like mykje att? Eller like lite?
Liabøs teknikk er nemleg stadig å avsløre nye lag av historia: Hedda kavar åleine med levering og henting av fire born, ho jobbar som lektor og har nett blitt dumpa av ein kollega ho har hatt eit heitt eventyr med. Så kjem ektemannen heim frå reise. OK – det er lett å forklare utruskapen med at ho er ei overarbeidd og forsømd kvinne. Men gjennom skifte av synsvinkel kjem det fram at situasjonen ikkje er så enkel.
Ektemannen er slett ingen unnasluntrar, og kontrastane i Hedda sjølv er store. I hovudet på den ytre sett lystige og sosiale kvinna blandar klagesongen, sjølvkritikken og sjølvbedraget seg i ein aldri kvilande kakofoni. Gradvis blir det klarare at det hektiske livet kanskje ikkje er årsak til problema, men snarare ei flukt frå ein djupare mang­el. Hedda sjølvmedisinerer med både rus og oxytocin, altså hormonet som vert frigjeve når kvinner får orgasme, føder eller ammar. Firebarnsmora er ikkje berre litt glad i ein dram og ikkje berre litt promiskuøs, heller.

Les heile bokmeldinga i papirutgåva av Dag og Tid.

knapp knapp