Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2017

Gå til toppen

Toppen

Så kom skrubben laskande fram

| Den 17. februar 2017

Så kom skrubben laskande fram

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

0 Flares Filament.io 0 Flares ×

Ulven må kjempa mot sitt dårlege rykte som skurk i folklore,  popkultur og bygdepolitikk.

Øyrekviskraren hadde ein finger med i spinnet då Erna blei send på signingsferd i slede til Innlandet for å redusera skadepotensialet i Hedmark Høgre. Det såg ganske malplassert ut då den hutrande statsministeren møtte sinte sauebønder i findress frå Felleskjøpet. Dialogen med dei innfødde blei heller ikkje god i kufjøset. Øyrekviskraren tregar på ekspedisjonen, og det blir ingen reprise. Snart er det lemming, og då ville vel bøndene møta opp med små lamungar som Erna skulle få sjå – før dei blir kasta til ulvane, og dei blodige kadavera synte fram i neste senterpartifilm. Uskuldige lam er like søte som forsvarslause og storauga selungar. Og dei er sjølve symbolet på gudeleg skuldfridom i strid med vondskapen som jaktar på lammets blod.

CANIS LUPU har eit dårleg rykte. Det er berre i gamaltestamentlege profetiar at ulven og lammet  beitar saman (Esaias 65,25). Odin hadde ein heil dyrepark: den raske hesten Sleipner med åtte bein, grisen Særimne som metta heile Valhall, og ramnane Hugin og Munin som fretta alt og var gudens tanke og minne. Odin hadde også dei to ulvane Gere og Fleke, men dei var berre griske og grådige.
Ulv, skrubb, varg, gråbein har rolla som kjeltring og skurk i mytologi, folklore og moderne popkultur. Den slue ulven i eventyret åt opp bestemor og ville lura Raudhette til sengs. I Disney-universet jaktar den forslukne Storeulv alltid på dei tre små grisane. Blodsugande varulvar er ikkje greie å ha med å gjera.
I det norske nasjonaleposet Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen blei den smarte reven ein rett nok motviljug vegetarianar, medan bjørnane åt blåbær og honningkaker med elgen som kjøkemeister. Den godslege Bamsefar hadde tolv manns styrke og ti manns vett. Men ulven klarte ikkje Thorbjørn Egner å innlemma i godhetsregimet. Ikkje var det nødvendig heller, for på Egners tid var ulven utrydda i norske skogar. Den streifande Vegårsheiulven blei skoten i 1983, stoppa ut og utstilt i sparebanken.

EIN PLASSMANN utan ungar til å gjera jobben gjette Tulla i 15 år. Han mista både lam og får, men berga Tulla, sjølv om det var dårleg beite. Då kom tragedien:

Og så kom skrubben laskande fram,
då fekk eg kaupmann til Tulla,
og akkederinga var’kje lang,
og penningan’ var’kje mange.
 
Eg fekk’kje meire av Tulla mi
enn ein liten flekk utav blodet.
No kjem eg aldri til Fagerli
om der er gras nok og groe.

Aasmund Olavsson Vinje dikta ikkje «Eg gjette Tulla». Han skreiv om bukken Blåmann som blei jakta på av bjønnen med sin lodne feld. «Eg gjette Tulla» er ei folkevise frå Heddal som blei framført av Torbjørn Blinde og teikna ned av prestedottera Olea Crøger (1801–1855). Tradisjonen vil ha det til at teksten eigentleg var laga av plassmannen Gudmund Skogen som sjikane av futen som tok frå han jord og fe då han ikkje kunne betala skatten: skrubben = futen. Skodespelaren Karl Sundby, som lagar standupshow basert på segner og eventyr, kallar visa revolusjonær.
Popkongen Arne Bendiksen plukka opp «Eg gjette Tulla» frå barnesongbøker og spelte inn ein rocka versjon med Jensine Olsens Plastikk Band i1973. Singelen låg øvst på Norsktoppen fem gonger og er stadig ein forvitneleg hit på YouTube.

MOT SLIKE fiksjonelle og symbolske krefter har ulvens dokumentariske venner ei vanskeleg sak i kampen om offerrolla. Spaltisten lèt aldri vera å minna om det sosiologiske Thomas-teoremet: If people define situations as real, they are real – in their concequences.

Ein ulv er ein ulv er ein ulv, både i og utanfor sine soner. Ulven har ikkje farge-TV, respekterer ikkje samfunnskontrakten og ser aldri grenser inni skogen. Ulvar er heilt normale rovdyr som hyler faretrugande mot månen. Dei er dyktige jegerar som kan snika seg fram eller angripa i flokk. Nøysame er dei ikkje: Om det er godt med byttedyr i veideskogen, tar dei berre hjarte og jur og andre godbitar.
Ulvesaka har styrkt Byråsjefen i mistrua til politikarane. Dei vil ikkje høyra på fornuft, ikkje eingong frå sjølvaste Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Dei vedtar lover etter sinnelag og gode intensjonar, men når dei ikkje liker konsekvensane, vil dei ha  forvaltninga til å finna smotthol.
– Det er slikt me har å stri med heile tida. Me har jo våre metodar, men det er blitt verre etter at me fekk KoKo-komiteen på Stortinget, Per Kristian Foss, Jagland, EMK, ESA og overhusa i Brussel og Strasbourg.
Byråsjefen har  stor vørdnad for Vidar Helgesen, for han er ein dyktig, korrekt og ordentleg kar. Men han forstår ikkje korfor Helgesen har vikla seg inn i politikken: Det er embetsmann den guten skulle ha vore.
Byråsjefen er ein lojal og korrekt byråkrat som ikkje har andre offentlege synspunkt enn dei departementale. Men i trumål meiner han at Noreg var eit betre og tryggare land då ulven var utrydda. Om han slår seg heilt laus, ville han bygga eit gjerde som Sverige skulle ha betalt, for det er jo deira ulvar.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

knapp knapp