Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 24.03.2017

Gå til toppen

Toppen

Robuste løysingar

| Den 3. april 2014

Robuste løysingar

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Dagens ord er «robust». Det er ordet ein brukar når noko skal leggjast ned.

Det er eit traust ord, heimehøyrande både i bokmål og nynorsk, med latinsk opphav. Robur tyder ‘styrke’, og fylgjeleg tyder robust ‘sterk, kraftig, ein som toler mykje’. Det kan brukast om bygningar og bilar, om born og boksarar.
No har det også fått ei tilleggstyding. Det kan brukast om alt.

Ord i oppløysing
Når eit ord invaderer nye område, slik imperialistane invaderer nye land, skjer det noko med innhaldet i ordet. Meininga blir vidare og vidare, men også meir diffus. Det ordet vinn i omfang, taper det i presisjon. Konsis meining blir erstatta av aura og stemning, som noko umåteleg viktig, uimotståeleg god, eller om ordet er negativt, ei slags vond lukt som ein ikkje heilt kan setja namn på.
Då har ordet slutta å verka klargjerande, det går over frå vitskapen eller kvardagskunnskapen til ideologien. Det er mange ord som har gått den vegen. Etter kvalitetssikring og kvalitetsreform må vi finna nye ord for det som er godt og som fungerer godt. Kvalitetssikring tyder at du ikkje når fram med klagene dine, og kvalitetsreform tyder at ting tek lenger tid, blir dyrare og gir mindre.
Ordet robust har no gått inn i rekkjene av slike trylleord. Tydde det opphavleg ‘sterkt’, så tyder det no ‘stort’, men ikkje i fysisk forstand. Det tyder ei stor byråkratisk eining. Det blir brukt når ein skal leggja ned mindre eining­­ar, trass i at dei fungerer godt.

Somme er nøgde
Eg bur i ein liten kommune, med innbyggjartal under ti tusen. Det er i seg sjølv ikkje robust, og no høyrer eg i radioen at alle slike kommunar bør bort. Bur det mindre enn femten tusen, er dei ikkje robuste. Det er ulike synspunkt på dette i Noreg; somme er nøgde med dei små einingane sine. Dei trur at dei vil få like gode tenester sjølv om dei er nokså små. Det dei manglar i storleik, tek dei att i lokal tilhøyrsle og lokal kunnskap.
Det er sjølvsagt mogeleg at dei tek feil, og i nokre tilfelle er små einingar meir utsette for litt for mykje lokalstyring, slik at sedvane og små klikkar kan styra for uformelt. Det er ikkje poenget mitt her. Poenget er at ordet robust stoggar slike diskusjonar. Har ein først fått dommen «ikkje robust nok», så er ein ferdig.

Harde bod
Ordet blir brukt i debatten om kommunestrukturen. Her er bodet hardt og hjartelaust: Bli robust eller forsvinn. Det blir også brukt om politiet. Her er også kommunen min eit døme: Dei kommunale lensmannskontora er bytte ut med eit fire kommunars politi. Det finst kanskje argument for det.
Men dersom det står ein full eller forvirra mann og brøler ved døra mi om natta, så kunne eg tidlegare ringt til lensmannen oppi bakken, så hadde han trive på seg trøya og uniformshuva, traska ned til huset mitt og snakka til rette sin gamle kjenning og spurt kva han hadde føre i dag. Så ville mannen truleg teke til vitet og late sakeslause naboar i fred.
I fylke med stor utstrekning er det ei ring erstatning at politiet er robust, altså har store kontor og mange kontoristar, når prisen er at det er minimum to–tre timars utrykkingstid. Finnmark er eit godt døme. Skal kontora vera robuste, må dei ha mange stillingar, og skal dei ha det, må dei slå saman mange distrikt. Fleksible ordningar med lokale kontor og ei slags beredskapsvakt blir feia vekk. Det er ikkje robust.

Et opp sine eigne
Det beste dømet er likevel sjukehusa. Det har eg også i kommunen min. Men det er ikkje robust. Sjukehusa i Midt-Noreg er som dei tre bukkane Bruse. Det største er St. Olav. Så er det regionale sjukehus og under dei lokale. Men der den største bukken Bruse hjelpte småbrørne sine når (økonomi)trollet ville ta dei, så er helsetrollet annleis innstilt. Dei store einingane stel frå dei små; den største bukken Bruse stangar den nest største, og den nest største stangar veslebukken i elva.
«Robust» tyder altså at ein har legitim makt til å ta frå dei som er mindre, for å gjera seg sjølv større. Det er ein slags styrke det også. Di større sjukehus, di klårare blir dette demonstrert. Det mest robuste sjukehuset i landet er utan tvil det samanslegne i Oslo, som snart har ete nista til alle sine mindre brør.
Heller «byråkratisk»
Stundom må ein ta ord ut av språket, fordi dei er meiningslause trylleformular. I tidsskriftet Samtiden hadde dei for nokre år sidan ein spalte dei kalla «institutt for begrepstømming», der dei trekte ord tilbake frå språket.
Robust kan trygt trekkjast tilbake og erstattast med imperialistisk eller byråkratisk. For dei som treng tenestene, som treng politi, helsehjelp og praktisk omsorg, er det dårleg nytt at hjelparane er blitt robuste. På godt norsk tyder det at ein må vera sterk for å skaffa seg hjelp.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid.

knapp knapp