Reportasje
På apostelhestane
Ei pilegrimsvandring frå Porto til Santiago de Compostela er ei vakker reise på eigne bein der du tek tida attende.
Å vera pilegrim i vår tid kan høyrast ut som ei forteljing frå bibelsoga. Lange reiser med kjortel, stav og sandalar. Det var slik folk kom seg fram over land og store avstandar før.
Ei reise den gongen tok dagar, veker eller månader og var ikkje full av spanande opplevingar eller variasjon. Det gjekk sakte framover på eigne bein.
Det er sjølvsagt ikkje alltid like spanande å sitta timesvis på eit fly utan at det skjer særleg mykje, men kjensla av sakte å koma seg framover på eigne bein gir ei meir meningsfylt ro, sjølv når det ikkje hender all verda.
For ein slik reisemåte gav rom for refleksjon. Tid hadde ein meir enn nok av. Dette er det vel ikkje alle som kjenner på i våre dagar?
Populært
Å reise på pilegrimstur vert stadig meir attraktivt. Sidan 2013 har fleire enn 200.000 pilegrimar gått til Santiago, og veksten aukar med om lag 10 prosent årleg.
Alle har ulik motivasjon for turen. Nokre gjer det av klåre religiøse årsaker, andre av terapeutiske årsaker, trong for refleksjon eller kanskje for å tenka gjennom livet sitt på ulike måtar. Andre gjer det som ein kontrast til den tida me lever i, der mykje skal gå fort og effektivt. For å ta tida attende.
Jakob
Men kvifor vandrar pilegrimar akkurat mot Santiago de Compostela? Då må me tilbake til ein av Jesu disiplar – Jakob, bror til Johannes. I Spania er han vernehelgen under namnet San Tiago. (Xacobeo i Portugal.) Jakob skal ha reist frå Jerusalem for å forkynna på Pyrenéhalvøya. Han reiste attende til det heilage landet og vart myrda i år 44. Nokre segner fortel at disiplane hans frakta lekamen til Spania og skal ha gravlagt han akkurat der den store katedralen i Santiago de Compostela (frå 1211) står i dag.
Grava hans vart funnen i 813. Sidan den gongen vart ei vandring til denne heilage staden ei viktig reise å ta for truande som søkte seg nærmare det guddommelege. I 1492 erklærte pave Alexander VI dette som ein av dei tre viktigaste pilegrimsvegane. Dei to andre er Jerusalem og Roma. Dei ulike rutene til Santiago vart i 1987 erklærte som den fyrste europeiske kulturruta under fellesnamnet «Camino».
Pilegrimsboka
Startar du i Porto, slik me gjorde, byrjar turen med å registrera seg i Se Cathedral Porto for å få pilegrimsboka. Boka skal stemplast ulike stader undervegs. Stempla kan du få i kyrkjer, på herberge og turistkontor. Og til og med i ein av dei mange små restaurantane du ruslar forbi eller er innom. Den siste dagen må du ha minst to stempel for å få sertifikatet.
Når du kjem til katedralen i Santiago de Compostela, må alle dei som ynskjer å få sertifikat, i tillegg fylla ut eit skjema der dei grunngjev kvifor dei har teke fatt på denne vandringa. Du får sertifikatet sjølv om det er av andre grunnar enn dei reint spirituelle.
Portvin-hovudstaden
Ei fin byrjing på turen er å ha minst ein dag og ein kveld i Porto. Det er ein vakker by med ein sjarmerande gammal bydel, og med mykje liv og god sjømat overalt. Porto er naturlegvis hovudstaden til portvinen. Den laga engelskmennene på 1600-talet ved å tilsetta sprit i vinen, slik at han skulle tola reisa til England. Dei gamle portvinshusa ligg langs elva.
Ein kan òg ta eit elvecruise med eller utan vinsmaking oppover Douro.
Den fyrste strekninga av pilegrimsvegen går langs elva ut til munninga ved det flotte Felgueira-fyret frå 1886. Etter det vender du nasen nordover og fylgjer kysten mot Spania.
Vandringa går på strandpromenaden og fine plankevegar langs strendene.
I byrjinga går du i bystrok, men etter eit par timar er du i naturen og vandrar innom små fiskarlandsbyar eller badehotell. Ruta er særs godt merkt med gule piler og keramiske fliser med symbolet for ruta, eit kamskjel.
Det er ulike forklåringar på kvifor nettopp kamskjelet er symbolet til pilegrimane. På fransk heiter kamskjel coquille Saint-Jacques og på tysk Jakobsmuschel – kalla opp etter apostelen. Det runde skjelet med botn er dessutan ein nyttig reiskap når ein skal drikka frå ein bekk eller eit oppkome. I dag er skjelet framfor alt eit symbol som viser andre langs vegen at ein er ein pilegrim.
Fredelege vegar
Det er stort sett vandring på fredelege vegar og stiar, men kvar morgon og ettermiddag må du rekna med å gå nokre kilometer ut av eller inn i ein by langs vegen.
Den fyrste dagen la me opp eit langt løp med 35 kilometer, men fekk seinare eit tips om å dela den fyrste dagen i to. Rådet eg fekk frå Pedro, innehavaren på eit herberge i Esposende, var å gå langs Douro-elva til fyret, ta trikken attende, oppleva litt av Porto og starta neste dag med å ta taxi ut dit du slutta fyrste dagen.
Heile vegen er det eit nettverk av offisielle herberge som er reserverte for dei som har pilegrimsbok. Men mange små hotell har òg spesielle tilbod til pilegrimar. Portugal er rimeleg.
Den fyrste dagen enda me i den vesle kystbyen Via do Condo totalt utslitne, men nøgde.
Tradisjonsmat
Maten i Portugal gjer turen endå meir innhaldsrik. Sjølv små kafear set si ære i god tradisjonsmat. Sjømaten er dei særs stolte av, anten det er ein av mange bacalaorettar laga av norsk torsk, eller blekksprut i eit utal variantar. God vin lagar dei òg.
Frå Via do Condo er det ein fin etappe på 24 kilometer til Esposende. Ruta svingar seg no og då litt inn i landet gjennom gardar, men også på stiar i vakker natur.
Innimellom dukkar det opp fine stader å ta ein pause; ei av dei mange kyrkjene eller ein triveleg stad å eta litt eller leska strupen.
Dei fire dagane langs kysten er relativt like. Men litt av poenget er å rusla i eige tempo og bruka heile dagen på å koma fram. Frå Esposende er det ein dagsmarsj til Viana do Castello, som er ein litt større by. Og før ein forlèt kysten, går ein den siste dagen til den vakre grensebyen Caminha ved Minho, elva som skil Portugal og Spania.
Før du kryssar grensa, fylgjer du elva til Valenca, der The International Bridge leiar deg over til Spania. Men før det bør du oppleva den enorme festningen Fortaleza Valenca frå 1300-talet, der det er ein heil by innanfor murane.
I Spania sluttar brusteinen, og ferda går stort sett på stiar og kjerrevegar utan trafikk.
Målet
Me gjekk i snitt 24 kilometer kvar dag. Det var for det meste flatt med nokre få åsar og små høgder. Den kraftigaste stigninga var opp til 400 meter og ned att på den andre sida, men stigningane er lange og sjeldan bratte.
Løn for strevet er å oppleva Santiago de Compostela, kjend for dei imponerande byggverka som vitnar om ei utruleg rik tid for kyrkja. Det er ei stor oppleving å koma på eigne føter, sliten og lukkeleg, inn på den enorme plassen framfor den imponerande katedralen.
Byen er hovudstad i provinsen Galicia. Den gamle delen av byen er på UNESCOs verdsarvliste.
Dei mange små, tronge gatene har eit stort utval av trivelege tapasbarar. Det vanlege er å gå frå bar til bar og smaka ein liten rett på kvar plass. Mange har sine eigne spesialitetar, noko som gjer det morosamt å prøva fleire ulike slike «tabernas». Fleire av dei ligg i Rua do Franca, rett ved katedralen.
Alle pilegrimar vitjar den staselege katedralen. Ofte gjer messer eller korsong opplevinga ekstra spirituell. Dei har eit stort museum og guida turar opp på taket av katedralen.
Annleis reiseoppleving
Etter å ha gått turen frå Porto skjønar eg kvifor pilegrimsturar har vorte så populære, både for dei religiøse og for dei som vil ha ei heilt annleis reiseoppleving.
Mange tek med seg ein hektisk kvardag sjølv når dei har ferie. Ei vandring over mange dagar utan særleg kontakt med pc og telefonar gjer noko med deg. Når du veit at du i dag skal rusla heile dagen med sekk på ryggen, får du ei ro over deg. Du står opp, et frukost, tek på deg sekken og fylgjer dei gule pilane ein heil dag. Det vert ikkje keisamt. Sjølv om dagane er like, er landskapet, dei små landsbyane og terrenget ulike. Undervegs møter du andre vandrarar som kanskje slår fylgje eit stykke eller tek ein rast saman med deg.
Eg vart med på denne turen for å gjera ei roleg reise fjernt frå ein travel kvardag. Eg ville kopla ut den daglege dont, og ikkje minst få tid til å tenka og sjå korleis eg takla å vera fråkopla.
Det vart ein annleis tur enn dei eg elles er van med. Og det freistar å gjera det igjen.
Det historiske perspektivet og dei mange kyrkjene du går innom, gir deg rom for meir spirituelle refleksjonar. Går du saman med nokon andre, er det god tid til å få prata skikkeleg saman og innimellom berre gå saman utan å seie noko.
Og framfor alt: Du lærer kor lang ein kilometer faktisk er.