Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2017

Gå til toppen

Toppen

Reglar for utanlandske oppkjøp

| Den 22. september 2017

0 Flares Filament.io 0 Flares ×

Vi må, etter normaliseringa av tilhøvet til Kina, forventa auke i kinesiske investeringar i Noreg. I august starta regjeringa drøftingar om ein handelsavtale mellom Noreg og Kina.

Ein slik avtale vil vera viktig for norsk næringsliv. Men ein avtale går begge vegar, og kan ha uheldige sider. Kva forholdsreglar bør vi ta? I forlenginga av ein handelsavtale kjem spørsmålet om kva slags kinesiske oppkjøp og investeringar vi bør tillata.

EU vil no stramma inn regelverket for utanlandske oppkjøp og investeringar. 330 milliardar kroner investerte kinesiske selskap i EU i 2016. Det var ein auke på nesten 80 prosent på eitt år. Samstundes går europeiske investeringar tilbake i Kina.

Noreg er ein stor global investor, og har interesser av eit offensivt regime der investeringar ikkje er underlagde for store restriksjonar. Samstundes er vi eit lite land som vil vera svært sårbart for uheldige oppkjøp.

Dessutan må vi ta inn over oss den storpolitiske situasjonen. For å seia det med EU-kommisjonspresident Jean-Claude Juncker: «Vi er ikkje naive frihandlarar. Europa må alltid forsvare sine strategiske interesser.»

Difor må vi koma opp med klarare reglar for visse typar utanlandske oppkjøp – med eit system for godkjenning av desse oppkjøpa, der ålmenta har tilgang til sakshandsaminga, og med reglar for å kunne anka slike oppkjøp.

Bør vi ha andre reglar for kinesiske oppkjøp enn frå nære samarbeidsland som Tyskland og England? Løysinga er snarare å ha nøytrale prosedyrar for å hindra uheldige konsekvensar av oppkjøp. Men vi må heile tida minna oss om at Kina er eit eittpartistyre med andre langsiktige, strategiske interesser enn Europa og Noreg.

knapp knapp