Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Reform utan språkendring

| Den 17. februar 2017

Reform utan språkendring

Fargane viser målformene til kommunane. Lilla er lik nynorsk, raud bokmål og grøn nøytral.

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Kommunereforma Stortinget vedtek i juni, får lite negativt å seie for offentleg norsk språkpolitikk. Reforma vil tvert om gi fleire store nynorsk­kommunar meir språkmakt – viss dei sjølve vil.

Dei fleste nynorskkommunane som blir borte, slår seg saman med andre nynorskkommunar. Fire kommunar i Sunnfjord blir til éin kommune med tydeleg nynorskprofil. Det same gjeld dei tre kommunane i nye Nordhordland kommune. Os og Fusa kommune blir Bjørnefjorden kommune, og vest for Bergen går tre kommunar saman i Øygarden kommune med om lag 35.000 innbyggjarar.
Iallfall nokre av dei kommunane som forsvinn inn i større, nøytrale einingar eller jamvel bokmålskommunar, er i dag nynorskkommunar mest på papiret. Dei som no står att med nynorsk, gjer det fordi dei meiner det. I åra som kjem, får dei rikeleg med høve til å stå ved den meininga, for tanken om at størst er best, går ikkje over av seg sjølv.

Les heile kommentaren i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp