Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Prisen for maktspelet

| Den 5. januar 2018

Prisen for maktspelet

Foto: AP Photo / NTB scanpix

Iran har gjort det godt i rivaliseringa med Saudi-Arabia. Men sponsinga av krigar og opprør andre stader i Midtausten har ein stor kostnad på heimebane.

I dette høvet kom egget først: Uroa i Iran skal ha starta med ein protest mot prisauken på egg og andre matvarer i storbyen Mashhad 29. desember, og den siste veka har tusenvis av iranarar gått ut i gatene for å demonstrere. Styresmaktene har gått hardhendt til verks for å stogge uroa, og fram til torsdag føremiddag skal over 20 menneske ha blitt drepne i demonstrasjonane. Blant klagemåla til demonstrantane er den høge arbeidsløysa og den nylege prisauken på mat og bensin: 22. desember varsla styresmaktene ein prisauke på 50 prosent for drivstoff, og slikt kan setje sinna i kok kor som helst.

Men slagorda i gatene no rettar seg òg mot den iranske deltakinga i den syriske borgarkrigen og pengestøtta til Hizbollah og andre utanlandske militsgrupper, melder Reuters. Og desse tinga heng saman. Krigføringa i Syria og maktspelet som Iran driv med rundt i Midtausten, kostar landet svært dyrt. Demonstrasjonane no kan vere eit teikn på at Teheran har strekt ambisjonane sine lenger enn økonomien gjev grunnlag for.

Les heile saka i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa