Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Positiv utsetjing av E39

| Den 23. februar 2018

Klassekampen skriv denne veka at Statens vegvesen no utset ferdigstillinga av ein ferjefri veg – E39 – langs kysten frå Kristiansand til Trondheim til 2050 – ei utsetjing på 17 år.

Vonleg vil utsetjinga føra til at regjering og storting tenkjer seg om. Kostnadane for dette vegprosjektet er no oppe i 340 milliardar kroner. Dei fyrste tala var 150 milliardar. Truleg vil kostnadane berre stiga etter kvart som ein får fleire detaljerte utrekningar av kostnadane med dei mange einskilde utbyggingsprosjekta.

For det er mange kompliserte utbyggingar som skal gjerast. Til dømes bru over Sognefjorden med ei breidd på nesten 4 km og stor djupn i fjorden. I tillegg kjem alle dei andre fjordkryssingane. I Møre og Romsdal tre fjordkryssingar åleine. Pluss at alle bruene må ha lange tunnelar til brua på begge sider av fjorden.

All denne utbygginga og alle desse kostnadane er for å innfri ambisiøse planar om «kortere reisetid langs kysten og større bo- og arbeidsmarkedsregioner», som det står i Nasjonal transportplan for 2014–2023.

«Større bo- og arbeidsmarkedsregioner» høyrest fint ut, men det vert til ein kostnad som er for stor for ei befolkning som er for lita. Det kan ikkje forsvarast økonomisk.

Langs kysten må vi heller prioritera rasutsette vegar og få lagt vegane utanom sentrum slik at folk kan trivast der dei bur.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa