Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 22.09.2017

Gå til toppen

Toppen

Politiske leverskadar

| Den 9. januar 2014

Politiske leverskadar

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Det norske alkoholkonsumet har auka med nær 40 prosent på tjue år, mykje grunna auka tilgang og lågare pris. Likevel vil Høgre og Frp liberalisere alkoholpolitikken vidare. 

 

Fylla har skulda for så mangt, og få vil nekte for at alkohol er av dei største helseproblema vi har. Alkoholskadar stel tusenvis av leveår, alkoholisme raserer familiar og skaper tragediar dagleg. Ingen kan seie sikkert kva samfunnskostnaden er i pengar, men ein rapport frå Oslo Economics i fjor anslo at alkoholmisbruk kostar Noreg 22 milliardar kroner årleg, det meste av det grunna sjukefråvær og uførleik. Dei siste åra har nordmenn i snitt truleg drukke meir alkohol enn nokon gong sidan 1870-åra.

Historisk høgt

Det som er sikkert, er at rusforskinga stort sett viser klar samanheng mellom det totale alkoholforbruket i eit land og det farlege misbruket. Og forbruket vårt har gått bratt oppover dei siste tjue åra. Den registrerte omsetnaden tilsvara i 2012 eit forbruk på 6,2 liter rein alkohol per nordmann over 15 år, syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), mot 4,55 liter i 1993. Det er ein auke på 36 prosent. Om ein inkluderer dei uregistrerte drikkevarene, frå svenskehandel, heimeproduksjon og smugling, er forbruket per innbyggjar truleg over 8 liter rein alkohol årleg.

Auken i alkoholforbruk viser att i sjukehusstatistikkane, syner ein Sirus-rapport frå 2011. Frå 1999 til 2010 auka til dømes sjukehusinnleggingane med alkoholrelaterte diagnosar – justert for folketal – med 64 prosent. Innleggingane for akutt alkoholforgifting auka med 132 prosent i same perioden. Utviklinga er ikkje heilt eintydig: Til dømes var det ein nedgang i direkte alkoholrelaterte dødsfall frå 1996 til 2012. Men hovudtendensen er at alkoholskadane aukar.

Historisk høgt

Forbruksauken ser ut til å ha stagnert dei aller siste åra, og den registrerte alkoholomsetnaden viste ein nedgang på 3,4 prosent frå 2011 til 2012. Men konsumet vårt er framleis svært høgt i ein historisk målestokk. Ifølgje tal frå Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus) var 2008 truleg året da den norske drikkinga igjen kom opp på nivået frå åra 1875 og 1876, som lenge hadde vore toppunktet i SSBs graf over alkoholomsetnad i Noreg (statistikken går attende til 1851). I 1870-åra vekte drikkinga stor debatt og folkeleg motstand: 1875 var til dømes året da Det Norske Totalafholdsselskab vart ein landsdekkjande organisasjon. I dag ser vi inga slik folkereising mot alkoholen.

Sobre intensjonar

Den sterke auken i alkoholforbruket i Noreg er stikk i strid med dei vedtekne politiske måla frå 1980- og 90-åra. I samband med stortingsmeldinga «Alkohol og folkehelse» i 1987 vedtok til dømes stortingsfleirtalet at målet var ein 25 prosent reduksjon av alkoholforbruket innan år 2000. I 1994 stadfesta Ap-regjeringa at dette målet framleis låg fast.

Men utviklinga gjekk altså stikk motsett veg, sidan 1993 har det norske alkoholkonsumet skote i vêret. Og det har sin pris. Ein tommelfingerregel i rusforskinga er at ei dobling av det generelle forbruket er venta å gje ei firedobling av alkoholmisbruket.

Pris og tilgang

Rusforskinga tyder òg på at det er særleg to faktorar som påverkar både det samla alkohol-konsumet og alkoholskadane i eit land. Den eine faktoren er pris, den andre er kor lett tilgangen på alkoholhaldig drikke er. Og på båe felt har norsk alkoholpolitikk blitt monaleg liberalisert dei siste tiåra. Vi kan sjå på tilgangen først:

 

* I 1993 hadde Noreg 110 vinmonopolutsal, i dag har vi 288.

* I 1980 hadde Noreg 213 kommunar utan alkoholutsal, sidan 2003 har alle norske kommunar hatt alkoholutsal.

* I 1980 hadde Noreg 2439 skjenkjestader, i 2008 hadde Noreg 7230 skjenkjestader – nær ei tredobling.

* I 1980 hadde berre 25 prosent av skjenkjestadene rett til å servere brennevin, i 2008 kunne 80 prosent av dei servere brennevin.

Billeg fyll

Samanhengen mellom alkoholprisar og -forbruk er òg tydeleg og viser seg både i store studiar og i enkle observasjonar. I 2002 sette til dømes Bondevik-regjeringa ned avgifta på brennevin med 15 prosent. I året som følgde, auka brennevinsomsetnaden med 12 prosent. Ei rekkje studiar frå andre land viser tydelege samanhengar mellom utviklinga i alkoholpris og alkoholforbruk, og det er òg påvist klare samanhengar mellom pris og skadeverknader av drikkinga: Høgare alkoholprisar fører til nedgang i mellom anna trafikkulukker, leversjukdomar og vald.

Korleis har så prisutviklinga på alkohol vore for Noregs del dei siste tiåra? I verdsmålestokk er alkoholavgiftene framleis høge i Noreg, dei nest høgaste i Europa. Og vi har òg eitt av Europas lågaste alkoholforbruk, tru det eller ei. Men i forhold til gjennomsnittsinntekta i Noreg, som har vakse mykje dei siste tiåra, har alkohol blitt langt billegare enn det var på 1990-talet.

I forhold til lønsnivået vart til dømes brennevin 38 prosent billegare i Noreg berre frå 1998 til 2008, syner tal frå Sirus, medan øl vart 31 prosent billegare.

Sikre samanhengar

– Lågare pris og auka tilgang er nok hovudforklaringar på auken i det norske alkoholforbruket, seier Ingeborg Rossow, som er seniorforskar ved Sirus.

– Vi har fått dobbelt så mange vinmonopol siste tjue åra, og realprisane på alkohol har gått ned. I tillegg kan endra drikke-vanar spele ei rolle. Det er nok meir drikking på kvardagar. Mykje av auken i forbruket er vin, og det er knapt ei dagsavis utan vinspalte i dag.

– Kor sikre er rusforskarane på samanhengen mellom totalforbruk og misbruk av alkohol?

– Det er ein nær samanheng, det er det ikkje tvil om. Men det er vanskeleg å talfeste dei samla helseskadane av alkohol i samfunnet. Tala over skadar som definitivt kjem av alkohol, er berre toppen av isfjellet.

Utan dekning

– Finst det andre verkemiddel som påverkar forbruket like mykje som pris og tilgang på alkohol?

– Pris og tilgang er dei to store verkemidla, seier Rossow.

– Er det noko som tyder på at haldningskampanjar har effekt på alkoholforbruk?

– Det er det mange studiar av, men ingenting tyder på at slike kampanjar har effekt.

– Frp hevdar i partiprogrammet sitt at «en mer liberal alkoholpolitikk vil føre til et mer av–slappet forhold til alkohol og sunnere drikkevaner». Kjenner du noko forskingsresultat som underbyggjer det synet?

– Nei, seier Ingeborg Rossow.

 

Resten av artikkelen kan du lesa i i papirvisa.

 

 

knapp knapp