Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Pengane berre flyg ut

| Den 23. februar 2018

Pengane berre flyg ut

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det ser ut som Norwegian berre har 10 prosent eigenkapital. Flyselskapet overlever nok, men det spørst om Bjørn Kjos får halda kontrollen.

Dei fleste verksemder vil verta store, for då får dei stordriftsfordelar. Arbeidarane går mindre ledige, produksjonsutstyret kan gå i fleire timar og administrasjonskostnadene går ned per tilsett. Store verksemder er stort sett meir lønsame og effektive enn små verksemder. Vil du verta stor, har du to måtar å gjera det på: Du går med overskot kvart år og pløyer overskota attende i verksemda, som då kan tilsetja fleire og kjøpa meir kapitalvarer. Eit gode døme her er Michael O’Leary og Ryanair. Kvart år har selskapet gått med store overskot og vorte verdas mest lønsame flyselskap. Dei som fekk tak i aksjar tidleg, har vorte millionærar eller milliardærar. Så har vi den norske lottomåten: Lån så mykje som du kan, og veks koste kva det koste vil. Der har vi Bjørn Kjos og Norwegian, som finansmarknaden har byrja å setja store spørsmålsteikn ved.

Les heile saka i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa