Vere eller ikkje vere for nynorsken
Eg ser at nynorskingane kranglar i Dag og Tid om viktigheita og verdet av ordlister og skrivemåtar i nynorsken. Personleg ser eg på denne ordvekslinga mellom kompetente språkfolk berre som eit pust i sivet. Ikkje det ein gong! I dag gjeld det om vere eller ikkje vere for nynorsken. Og det seier eg ut frå det faktum at snart vert det veldig trangt om plassen i norskfaget. Har det vore trangt for nynorsken før, så skimtar eg faresignala om det som kjem som enno farlegare. Skulen får no eit nytt obligatorisk fag frå 1. klasse: engelsk. Vårt kronprinspar har signalisert at dette faget vert svært viktig for skuleborna i framhaldet. Og det kan godt vere heilt rett. Men vi kan vere sikker på at etter kort tid så kjem kravet frå bokmålsida at no er det for mykje med obliogatoriske skriftlege fag i skulen. Noko må ut, og då står garantert nynorsken for hogg. Det er derfor viktig at vi i god tid tenkjer ut ein strategi som vernar nynorsk. Personleg har eg kjent det slik at no får det vere nok med å stå der med lua i handa! Det er då det norske språket som har hevd på førsteplassen i målvegen i skulen? Og sett ut frå den praktiske sida så vil vi klare oss svært godt med berre nynorsk som skriftleg norskfag i ungdomsskulen og vidaregåande? Vi som lever i dag får berre halde fram med det vi kan så lenge, men vi må avgjere kva tid dei nye 1.klassingane skal starte med berre nynorsk som obligatorisk skriftleg norsk. Det er jo denne strategien vi har praktisert i bokmålsveldet heilt til i dag. Og ingen kan vel tru at våre elevar ikkje vil lære seg nynorsk skriftleg like godt som dei i dag har lært seg bokmål? Eg har praktisert denne teorien på utanlandske universitet. Og med fantastisk resultat. Som norsklektor sendt av norske UD til Tartu universitert i Estland tok eg den avgjerda at den nye norskklassa ved universitetet skulle ha nynorsk i staden for bokmål som norskfag. Dette gjekk leiinga ved universitetet med på. Rett nok etter små protestar frå svensklektoren og dansklektoren der. Men etter eitt år forstumma desse protestane, for då fekk dei sanne at mine elevar både skreiv og prata flytande norsk, på nynorsk! Eg tok vare på ein stil som vart skriven etter eit halvt å av min flinkaste elev, og denne ville stått til høgaste karakter i siste vidaregåande i dag. Det er på bakgrunn av desse røynslene eg så optimistisk ivrar for overgang til nynorsk frå 1. klasse. Norske elevar er vel ikke dårlegare enn utanlandske i faget norsk? Ein gong møtte eg ein bokhandel i Oslo ein hollendar som underviste i norsk, på Groeningen universitet. Han og underviste i berre nynorsk som norskfag der. Eg møtte og Eskjeland som var sendelektor på Island i 7 år. Han fortalde at han der ute veksla mellom nynorsk og bokmål år om anna.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.