Språkstatus 2021: Her står me no
Dei norske språka
Arild Pedersen melder i Dag og Tid 20. august Språkrådets tilstandsrapport «Språkstatus 2021». Det er interessant og viktig at statusrapporten om dei norske språka blir løfta fram for ålmenta i avisspaltene.
Pedersen etterlyser fleire tilrådingar i rapporten. Til det er å seia at Språkstatus først og fremst er ein tilstandsrapport som skal seia noko om den språkpolitiske stoda på ulike felt i 2021 og liggja til grunn for politikkutvikling og utforming av tiltak i tida framover. Pedersen ønskjer seg òg ei oppsummering, og han spør: «Kva meiner eigentleg Språkrådet om tilstanden til det norske språket?» Det siste vil eg freista å gje nokre kortfatta svar på, med utgangspunkt i nettopp Språkstatus 2021.
Det må ikkje vera tvil om at norsk er eit sterkt og solid språk i verdssamanheng. Språket står sterkt i staten, i skuleverket, i kommunane og i media, for å nemna somme viktige område. Samstundes er det ein generell observasjon at globalisering og digitalisering gjev utfordringar for både mellomstore og små språk. Dette ser me òg at gjeld alle dei språka Noreg har eit særleg ansvar for.
Til dømes ser me at det i høgare utdanning har vore ein sakte, men sikker overgang til bruk av meir engelsk dei siste tiåra, både i forsking, undervising og i læreverk. Dette svekkjer norsk fagspråk, både bokmål og nynorsk. Når norsk fagspråk forvitrar på fleire felt, vil det bli vanskeleg å føra ein norskspråkleg samfunnsdebatt på desse områda. Det svekkjer demokratiet vårt. I media blir dei norske aktørane utfordra av engelskspråklege teknologi- og mediegigantar. I norsk arbeidsliv er det ikkje sjølvsagt at det blir brukt norsk, korkje i store konsern eller på arbeidsplassar med stort innslag av arbeidskraft frå EØS-land. Me ser at dette er i ferd med å undergrava tryggleiken og samarbeidet på arbeidsplassen og rettane til arbeidstakarane. Det kan òg gå utover trivsel og tilbod utanfor arbeidsplassen og gje svakare integrering i det norske samfunnet.
I det norske språkmangfaldet er nokre av språka truga eller alvorleg truga. Dei to norske skriftspråka nynorsk og bokmål er ikkje blant desse, sjølv om dei altså er under press på somme viktige område i samfunnet. Nynorsk er meir utsett enn bokmål, og difor legg den nye språklova opp til ei systematisk styrking av nynorsk på alle område. Språkstatus 2021 legg særleg vinn på å oppsummera stoda for nynorsk på dei ulike samfunnsområda i dag, som eit utgangspunkt for arbeidet som kjem med å styrkja det minst brukte skriftspråket.
Dei språka Noreg har eit særleg ansvar for, omfattar også norsk teiknspråk, dei tre samiske språka (nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk) og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romanes og romani. Minoritetsspråka er beskytta av Minoritetsspråkpakta frå 1992, og Språkrådet har ansvar for kvensk, romanes og romani. Desse språka er sårbare i Noreg i dag. Språkstatus 2021 gjer greie for statusen og utfordringane til norsk teiknspråk og minoritetsspråka innanfor viktige samfunnsområde som skule og barnehage, høgare utdanning, arbeidsliv, offentleg forvaltning, helse, medium og kultur. Rapporten skal gjera det mogleg å prioritera og løfta fram dei språkpolitiske tiltaka som vil vera aller viktigast i åra som kjem.
Åse Wetås er direktør
i Språkrådet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.