Skagen gir Israel frikort
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Palestina-konflikten
Kaj Skagen har ein lang kommentarartikkel i nr. 23 av bladet om Palestina-konflikten. Sjølv om mykje av det han skriv, er både rett og klokt, vert det overskygd av innleiinga. Denne lange innleiinga skildrar rystande hendingar under Hamas-åtaket 7. oktober. Opninga er eit dyktig litterært og polemisk grep som gjer at sjølv om resten kan framstå balansert, har lesaren lært at palestinarar er omsynslause terroristar som ler og trivst når dei drep og valdtek.
Ja, for Skagen tek ikkje noko atterhald for at denne valdsskildringa ikkje er representativ for alle palestinarar. Derimot er han snar til å peike på at overgrep frå jødiske busettarar berre gjeld eit mindretal fanatikarar.
På denne måten gjev Skagen Israel frikort til å treffe kva tiltak dei finn naudsynt mot all motstand frå palestinsk side. Han går òg i rette med dei som peikar på at terrorangrepet har samanheng med Israels historie som okkupant og ekspansiv makt.
I staden meiner han, som Israels regjering, at dagens konflikt starta med åtaket 7. oktober, og at israelsk framferd difor er rettvis. Dette er merkeleg, sidan han presenterer fakta om den jødiske busettinga og bakgrunnen for staten Israel som gir grunnlag for ein annan konklusjon.
Skagen peikar òg på at uttrykket «from the river to the sea» viser at palestinarane har som mål å fordrive jødane frå området. Men realiteten er tvert om at det er Israel som målretta har arbeidd mot eit slikt mål. Som grunngjeving bruker dei gjerne det løftet om land som Gud gav israelsfolket ein gong i ei mytisk fortid. Så bakgrunnen for dagens situasjon er ikkje åtaket 7. oktober, men spøker i mytologiske soger frå tidleg bibelsk tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.