Fabelprosjektet
Reform
Regjeringa legg opp til rå politisk maktbruk for å få til ei tvangssamanslåing av Troms og Finnmark fylke. Eit overveldande fleirtal av finnmarkingane er imot. Dei har slett ikkje fått vite kva for vinstar påfunnet medfører, og fylkestinget vil ikkje vere med på å samarbeide med Troms om si eiga utsletting. Folketalet er lite, og avstandande er kolossale, derfor skal dei no samarbeide om å gje avkall på det dei har! På 1800-talet heitte det: «Husk alltid at på folkets stemme skal landets love grunnes», men kva svar får finnmarkingane frå regjeringa no: «For Stortingets lovlig fattede vedtak har folket å bøye seg.» Snart kan vi sette melodi til mantraet som avfeiar saklege argument og blir framført med erdogansk patos og indignasjon: Tenk at dei ikkje forstår sitt eige beste!
Finnmarkingane har god grunn til å reise bust. Før det tyske overfallet i 1940 la norske nazistar planar for kor mykje av Finnmark og Troms som skulle avståast i fall russarane skulle kome. Slike planar har vore lagde seinare òg, om det høyrer vi lite i dagens debatt. Dei er sikkert «graderte», men dei ligg attom og murrar. I 1945 var det klart at det måtte eit krafttak til for å få dei krigsherja kommunane i nord på fote, no er den nasjonale innsatsviljen gløymd.
Symbol- og namnebruken knytt til storfylkeprosjektet er temmeleg avslørande: Det heitte Nordlandene og Finmarken gjennom hundrevis av år, Tromsø Amt er frå 1866. Vel flytta grensene mellom Hålogaland og Finnmark på seg gjennom hundreåra, men store delar av det som no heiter Troms, høyrde historisk til Finnmark, så ved ei samanslåing haltar det ille at det nye storfylket blir kalla Troms og Finnmark (eller omvendt). Også det blir eit overtramp mot finnmarkingane si historie. Finnmork var eit veldig geografisk område, Trums var ei lita øy.
Fylkesvåpenet til Finnmark er ei festning, jf. Vardøhus grunnlagt kring år 1300 av Håkon V, også viktig for danskekongane si suverenitetshevding i nord. Ein kan spørje kor mykje dagens regjering har utretta for å syne finnmarkingane at viljen til forsvar er urokkeleg? Dei framfor alle burde ha krav på det.
Forresten, kva er våpenet til Troms fylke? Eit fabeldyr som Bjarkøy-ætta nytta, ein framtoning kalla griffen, halvt ørn og halvt løve. Sanneleg ein illevarslande symbolikk for megafylket, ei samansmelting som berre eksisterer i fantasien og på papiret, eit prosjekt ingen trur på, treffande symbolisert ved ein fabelfigur.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»