Erna Solberg om tyskarjentene
1946: Tyskarjenter blir forviste til Tyskland med borna sine.
Foto: NTB Scanpix
Tilgjeving
Den 17. oktober la statsminister Erna Solberg fram ei orsaking for måten tyskarjentene er blitt handsama på av norske styresmakter etter mai 1945. Ho sa mellom anna: «Freden kom ikke til alle 8. mai 1945. I tiden etter at Norge igjen ble fritt, ble norske jenter og kvinner som hadde eller ble anklaget for å ha forhold til tyske soldater, utsatt for en uverdig behandling», og «norske myndigheter brøt med rettsstatens prinsipper om at ingen borger skal straffes uten dom eller dømmes uten lov».
Dette handla om at 3000–5000 kvinner vart internerte eller arresterte utan lovheimel. I nokon mon skjedde nok dette fordi heimestyrkane, i det maktvakuumet som var våren og sommaren 1945, ville verna dei mot trakassering. Men likevel. Vidare vart ein del kvinner som hadde gifta seg med tyskarar, fråtekne det norske statsborgarskapet sitt. Nokre vart tvangsklypte og ført rundt til spott og spe på gater og torg. Rett nok ikkje av norske styresmakter, men uten at desse klarte å hindra dette. Og det var vidare eit utbreidd syn i opinionen at tyskarjentene måtte vera åndssvake, og såleis berarar av skadeleg arvestoff!
Det som fagleg sett ligg til grunn for den talen statsministeren heldt, er Holocaustsenterets «Utredning om norske myndigheters behandling av tre utvalgte grupper etter andre verdenskrig». Dei reknar med at 30.000–50.000 norske kvinner hadde kjærasteforhold til tyske soldatar i perioden 1940–1945, og at 10.000–12.000 born vart fødde. Dette var svært tabuisert, så tala er noko usikre. Kvinnene hadde høgst ulik bakgrunn, alder og motivasjon.
Dei bøkene eg har lese om temaet, tyder på at få hadde sympatiar for nazismen. Men mange fall pladask for han dei trudde var «mannen i deira liv».
Etter Solbergs tale har nokre protestert. Mellom anna Stig Breistein, som i Bergens Tidende 25. oktober skriv: «Tyskertøsene fortjener ingen unnskyldning (…) tyskertøsene ga tilfredsstillelse og legitimitet til okkupasjonsmakten. En makt som sto for deportasjon og massedrap (…)» (dette kom opp i NRK-Dagsrevyen 27. oktober).
Men her blandar Breistein korta. Når ein les heile Solbergs tale (han ligg på nettet), er det umogeleg å tolka henne slik at bøna om orsaking er ei glatt godkjenning av alt tyskarjentene gjorde frå A til Å. Det Solberg vil ha fram, er som nemnt ei orsaking frå norske styresmakter for at dei braut med «rettsstatens prinsipper» etter at freden kom. Og det er noko anna.
Rett nok må eg seia at Solberg, som mange andre, ordlegg seg litt uklårt: «vi sier unnskyld…» Det hadde vore klårare om ho hadde sagt «vi ber om unnskyldning…». Men ut frå konteksten er det det siste ho meiner.
Generelt vil eg hevda at tyskarjentene valde feil (sjølv om det sikkert finst einskildtilfelle med formildande omstende). Men det gåtefulle og fatale er at isfronten – som var naudsynt under okkupasjonen – av så mange vart ført vidare også etter at Nazi-Tyskland var overvunne! Ja, jamvel overført på borna til mange av tyskarjentene. Og det i ei tid då det samfunnmessig burde vore maktpåliggjande med atter-opptaking i folkefellesskapet, forsoning og tilgjeving.
Tilgjeving byggjer ikkje på at ein seier ja til personars feilsteg eller vankunne. Men at ein møter feilstega og vankunna med forståing og storsinn. Rett og slett for å koma vidare. Her må eg forresten skyta inn eit ålment atterhald: Psykopatar og vedhaldande plageånder skal ein vera varsam med å prøva å tilgje. Men det er ein særproblematikk som ikkje gjeld tyskarjentene – dei var stort sett vanlege, feilbarlege menneske.
Mange av borna med norsk mor og tysk far har heldigvis klart seg rimeleg godt. Men altfor mange har vorte mobba og påført store lidingar.
Saka om tyskarjentene er etter mi meining også del av ein større tematikk. Nemleg at me må dyrka fram ein minnekultur rundt okkupasjonen av Noreg som løyser opp på svart-kvitt-perspektiva og tek på alvor dilemma og kompleksitet. Det er avgjerande om det skal få overføringsverdi til vår tids trugsmål mot demokrati og menneskeverd.
Arild Vøllestad er pensjonert prest.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE