Ein annan feil hjå Skartveit
Historie
I Dag og Tid 9. juli peikar Henrik Paaske på ein historisk feil i artikkelen til Andreas Skartveit 2. juli; han skreiv om Finland i andre verdskrigen. Dersom ein skal gå etter kva Carl Gustaf Mannerheim (1867–1951) seier i Minnen, er det òg ein annan feil i artikkelen til Skartveit. Han skriv: «Sovjet stilte strie krav til Finland (...) for blant anna å tryggje Leningrad, som låg nær finskegrensa.»
Det er ei tid sidan eg las Mannerheims Minnen, men eg har notata eg gjorde frå boka. I Minnen seier Mannerheim fylgjande:
«Under mina diskussioner med regjerings-medlemmar och med statsrådet Paasikivi även som andra politiskt inflytelsesrika personer, framhöll jag at vi borde sträva til en kompromiss.» (…) «Jag hade Stalins ord til vår förhandlingsdelegation høsten 1939 i gott minne: «Jag förstår väl att ni ønskar förbli neutrala, men jag försäkrar er att det är omöjligt. Stormakterna kommer helt enkelt icke til å tillåta det.» (…) «England hade förvervat nickelkoncetionen i Petsamo, vilken också Tyskland hade et gott öga til. Båda dessa makter kunde tänkas nära planer på at angripa Murmansk. Til Tyskland stod Rådsunionen (Sovjetunionen) för närvarande i et gott granförhollande. ’Men’, sade Stalin, ’alt kan förändras her i världen’.»
Det veit me at det gjorde; Stalin hadde grunn til å ottast. 22. juni 1941 invaderte Hitler Sovjetunionen, ogso frå Finland, som hadde kome i ein situasjon som Mannerheim klagar over:
«Den tyska inringningen utbredde sig alt längre norrut, och efter det tyskerna i slutet av juni 1940 ockuperat ishavshamnen Kirkenes invid finska gränsen, befann sig Finland så som i en säck, i vilken Petsamo bildade ett trångt andhål. […] Tyska trupper stodo tätt intil gränsen i farlig närhet av två viktiga objekt – Murmansk och Petsamos nickelgruvor.»
Finland kom på den galne sida i andre verdskrigen, som Danmark-Noreg i Napoleonskrigane. Men finnane forsvara seg heltemodig i Vinterkrigen frå 30. november 1939 til 6. mars 1940, og fredssluttinga vart dyr samanlikna med avtalen ein kunne ha fått før det vart krig. Finland måtte avstå land på Det karelske neset, men ikkje byen Viborg, som gjekk tapt i den neste fredsavtalen.
Mannerheim var ikkje glad i Hitler, han var på vitjing i Finland éin gong. Å avskjera jarnvegen til Murmansk var eit viktig mål for tyskarane. For russarane var det heilt avgjerande å hindra dette. Difor vart det svært harde kampar på Litza-fronten, men Mannerheim markerte seg ved å ikkje lata finske soldatar hjelpa til der. Og i 1944 fekk han Finland ut av alliansen med Tyskland (landet hadde mist sympatien i vest), og det vart slutta fred med russarane 19. september 1944. Vilkåret var at finnane måtte driva tyskarane ut av Finland. Det vart då kampar med tyskarane, som trekte seg ut og brende Finnmark og Nord-Troms. (Ved Enare sjø har eg sett skorsteinar som stod att.)
Sovjet var elastisk i forhandlingane i 1939, og tilbodet til Finland før åtaket 30. november var 5329 kvadratkilometer land i Russisk Karelen mot å avstå 2761 på Det karelske neset, og byen Viborg var ikkje med her. So billig slapp ein ikkje etter fredsslutninga siste gongen.
Mannerheim sluttar minneorda sine slik: «I huru hög grad vårt land än må ha varit en bricka i stormakternas spel, kan man dock ej komma i från, att också vi själva ha vår dryga andel i det som övergått oss, i form av egna fejlgrepp och försummelser.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.