Dag og Tid om Helseplattformen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Helse
I leiaren for Dag og Tid den 3. februar går redaktør Svein Gjerdåker sterkt i rette med helsebyråkratane i Trøndelag for at dei ser ut til å ha overkøyrt dei medisinske fagfolka når dei har utvikla journalsystemet Helseplattformen.
Det er uheldig for Dag og Tid at kritikken kjem same dag som det såkalla Bovim-utvalet kjem med sin NOU, som konkluderer med at det nåverande helsestellet brukar 20 prosent av den norske arbeidskrafta og ikkje kan veksa meir. Der er ikkje fleire folk å ta av dersom arbeidsstyrken skal auka. Helsestellet må i framtida ta seg av fleire pasientar for kvar tilsett. Helsestellet må reorganiserast. Arbeidskrafta må frigjerast frå byråkratisk plunder og heft til pasientnært arbeid. Helseplattformen er eit første norsk forsøk på å få til eit journalsystem for den nye tida.
All forandring møter motstand. Overgangen frå papiravis til e-avis gjekk ikkje utan problem heller. I helsestellet byrja ein med digitaliseringa av byråkratiet for 50–60 år sidan, utan spesielt hell. For første gong ser det nå ut til at ein kan få til eit system som kan fungera, trass i ein del veikskapar. Derfor bør arbeidet med Helseplattformen applauderast, ikkje kritiserast.
Pressa er rask til å ta opp kritikk. Eit godt råd er: Ikkje tru alt du høyrer på bygda!
Arne Sølvberg er professor emeritus ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Helse
I leiaren for Dag og Tid den 3. februar går redaktør Svein Gjerdåker sterkt i rette med helsebyråkratane i Trøndelag for at dei ser ut til å ha overkøyrt dei medisinske fagfolka når dei har utvikla journalsystemet Helseplattformen.
Det er uheldig for Dag og Tid at kritikken kjem same dag som det såkalla Bovim-utvalet kjem med sin NOU, som konkluderer med at det nåverande helsestellet brukar 20 prosent av den norske arbeidskrafta og ikkje kan veksa meir. Der er ikkje fleire folk å ta av dersom arbeidsstyrken skal auka. Helsestellet må i framtida ta seg av fleire pasientar for kvar tilsett. Helsestellet må reorganiserast. Arbeidskrafta må frigjerast frå byråkratisk plunder og heft til pasientnært arbeid. Helseplattformen er eit første norsk forsøk på å få til eit journalsystem for den nye tida.
All forandring møter motstand. Overgangen frå papiravis til e-avis gjekk ikkje utan problem heller. I helsestellet byrja ein med digitaliseringa av byråkratiet for 50–60 år sidan, utan spesielt hell. For første gong ser det nå ut til at ein kan få til eit system som kan fungera, trass i ein del veikskapar. Derfor bør arbeidet med Helseplattformen applauderast, ikkje kritiserast.
Pressa er rask til å ta opp kritikk. Eit godt råd er: Ikkje tru alt du høyrer på bygda!
Arne Sølvberg er professor emeritus ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU.
Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB