Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Opprør i SSB

| Den 27. januar 2017

Opprør i SSB

Ådne Cappelen. Arkivfoto: Erlend Aas / NTB scanpix

SSB lagar Noregs beste økonomiske prognosar. Likevel krev eit utval at dei skal endra modellane. Toppforskarane Ådne Cappelen og Erling Holmøy protesterer. 

Vi journalistar har det med å bruka sterke ord, til dømes «krigstilstandar» om mindre konfliktar, og «rase» om å gi mild kritikk. Men det som skjer i Statistisk sentralbyrå for tida, må det nesten vera lov å kalla trefningar. Førre helg kunne Finansavisen fortelja at forskingsavdelinga skulle kuttast sterkt ned og at metodegrunnlaget skulle bytast ut. Både NHO og LO og ein rekkje økonomar er motstandarar av omlegginga og hevdar at ei slik endring kunne setja det inntektspolitiske samarbeidet i fare. Teknisk beregningsutvalg, som lagar alle tala som utgjer grunnlaget for tariffoppgjeret, vert nemleg tradisjonelt leia av direktøren i SSB og er bygd på det metodegrunnlaget som no ser ut til å kunne verta fjerna. Dimed vert SSB noko heilt anna enn det har vore i heile etterkrigstida.

Dag og Tid har fått tilgang til to særs kritiske notat ført i pennen av det vi må kalla dei to storoksane i SSB: tidlegare forskingsleiar Erling Holmøy, og tidlegare forskingsdirektør Ådne Cappelen, som er leiar for Teknisk beregningsutvalg. Den nye direktøren i SSB, Christine Meyer, er den fyrste leiaren av SSB som ikkje er samfunnsøkonom, og ho bad Cappelen taka jobben som leiar av det inntektspolitiske samarbeidet.

Før vi ser på dei to notata, må vi sjå på bakgrunnen: I fjor sette Meyer ned eit hurtigarbeidande utval som skulle sjå nærare på forskingskvaliteten og metodegrunnlaget, modellane eller «maskinene» som SSB nyttar når dei skal seia noko om pensjonsreform, innvandring eller komande konjunkturar. Utvalet vart leidd av fagdirektør Torstein Bye og var sterk prega av økonomar som baserer forskinga si på likevektsmodellar og rasjonell aktør-teori – ei tenking som har University of Chicago (Milton Friedman) som sitt episenter. Mellom anna var Magne Mongstad, som er professor nett i Chicago, med i utvalet.

 

Best i test

Rapporten har også to vedlegg som i klare ordelag kritiserer metodane til SSB, førde i pennen av Kjetil Storesletten og Hilde Bjørnland, som båe høyrer til i likevekts- og rasjonell aktør-skulen. I vedlegga seier dei at dei ønsker at SSB skal gå bort frå dei tradisjonelle modellane og satsa meir på å utvikla mikroøkonomiske modellar og rasjonell aktør-tenking. SSBs modellar er meir bygde på empiri, nasjonalrekneskapen og på arven etter Keynes og økonometrien som Nobel-prisvinnaren Ragnar Frisch utvikla, og som det store talentet Leif Johansen vidareutvikla. Dette er store modellar som legg vekt på makro og som prøver å seia noko om kva som vil skje om til dømes kommunane får meir pengar eller finanspolitikken vert stramare.

Altfor forenkla kan vi seia at SSBs tradisjonell modellar legg meir vekt på finanspolitikk, medan Storesletten og Bjørnlands modellar meir har vorte utvikla på basis av nyare pengepolitikk. Storesletten og Bjørnland hevdar i vedlegga at SSBs modellar bomma grovt i 1970-åra, då inflasjonen gjekk i taket, og at modellane «ble sterkt kritisert og oppgitt av forskningen på 1970/80-tallet». Dei vil i staden ha likevektsmodellar baserte på eit mikroøkonomisk fundament bygd nedanfrå på basis av «rasjonelle aktørar» – såkalla DSGE-modellar – som dei kallar «moderne». Desse modellane nyttar mellom anna Noregs Bank, BI og fleire bankar. Problemet er berre at SSB som regel spår langt betre enn alle andre som spår om framtida. I fjor vart SSB på basis av eit moderne internasjonal rangeringssystem kåra til Noregs beste prognosemakar dei siste ti åra.

 

Fjerne 50 tilsette

Vel så dramatisk for dei tilsette i SSB som framlegget om metodeendring er sjølve hovudrapporten. For i den føreslår Bye og dei andre at forskingsavdelinga skal reduserast frå om lag 80 tilsette i dag til 25–35 i framtida, og framtida er no. Utvalet vil at endringa skal setjast i verk allereie i år. Reduksjonen vert grunngjeven med at det berre er mellom 25 og 35 som har høg nok internasjonal forskingsproduksjon til å kunna kallast forskarar. Dei andre driv stort sett med produksjon som er avgrensa til norske tilhøve og vert i liten grad utsett for løynd fagfellevurdering.

«For å sikre god kvalitet på analysene som gjennomføres i SSB, er det viktig at man legger seg så nært opptil den internasjonale forskningsfronten som mulig. Dette krever at SSBs forskere og deres arbeid jevnlig blir utsatt for kritikk og kvalitetssikres gjennom fagfellevurderinger i internasjonalt anerkjente tidsskrift», skriv utvalet. Dei som driv med produksjon på norsk, avgrensa til norske problemstillingar, skal overførast til dei andre avdelingar. Dei som vert att, skal sterkt opp i løn og få stadig større bonusar i takt med at dei publiserer stadig meir. Dei som ikkje publiserer nok under det nye systemet, skal suksessivt verta flytta til andre avdelingar. Stillingane vert altså ikkje faste.

Ja, så harde vert publiseringskrava at korkje Meyer, ektemannen hennar Victor Norman eller det store gross av norske professorar i samfunnsøkonomi vil vera kvalifiserte. Forskingsavdelinga vert med det ein internasjonal toppinstitusjon innan samfunnsøkonomisk forsking. Kvifor nett SSB skal ha ein internasjonal toppinstitusjon, vert ikkje grunngjeve av utvalet. Men det seier seg nesten sjølv at det vert vanskeleg å få publisert forsking som er avgrensa til norske tilhøve, til dømes frontfagmodellen, i amerikanske elitetidsskrift.

 

Fyrst Holmøy

Så til dei to notata: Den mest konkrete kritikken kjem frå Erling Holmøy, Birger Strøm, Nils Martin Stølen og Dennis Fredriksen. Desse var sentrale då konsekvensane av omlegginga av pensjonssystemet vart greidd ut. Dei nyttar sterke ord alt i overskrifta: «Grove feil i avsnitt 7.4 (Vedlegg D) i rapporten om forskningsstrategi». Vedlegg D er skrive av Storesletten som kritiserer bruken av modellar i utrekningane i samband med pensjonsreforma. Han hevdar at SSB berre nytta éin modell, den såkalla MSG-modellen. «Målet har vært å lage én stor modell som kan brukes til å besvare alle spørsmål», skriv Storesletten og hevdar at dei resultata SSB kom fram til i samband med pensjonsreforma, «er det liten grunn til å ta på alvor». SSBs analysar er ikkje heterogene, seier Storesletten.

Men SSB, seier Holmøy, nytta fleire modellar i sine analysar,  og dette «er den beste belysningen som man hittil har kunne gi av de langsiktige totaleffektene på offentlige finanser (…) Man trenger bare å lese abstractene i DP-ene for å vite at analysene baseres på kombinert modellebruk».

Holmøy listar i tilsvaret sitt opp ei rekkje feil som han meiner Storesletten har gjort og konkluderer med at «Modellsamarbeidet er for øvrig et eksempel på at SSB ikke har laget en stor modell som alene kan analysere politikkendringer som f. eks. pensjonsreformen.»

Så alvorleg meiner Holmøy og kollegaene at Storeslettens vedlegg er, at dei krev at leiinga i SSB korrigerer vedlegget og seier at det at leiinga har akseptert vedlegget, er «stigmatiserende». «Storeslettens kritikk er feilaktig og således grovt urimelig.» Holmøy vil ikkje lata seg intervjua, men Dag og Tid kjenner til at så langt har ikkje leiinga i SSB vore viljuge til å retta nokon feil. I ein e-post frå kommunikasjonsavdelinga skriv leiinga i SSB til Dag og Tid: «Rapporten er overlevert frå utvalet til administrerande direktør. Ho har bede om innspel, og ho har fått innspel frå fleire av forskarane i forskingsavdelinga. Alle innspela blir tekne med i vurderingane Meyer gjer før ho tek ei avgjerd.»

Storesletten på si side stiller seg nokså uforståande til kritikken mot han når Dag og Tid ringjer.

– I notatet eg skreiv, brukte eg arbeidet som dei har gjort med pensjonsreforma som eit døme på problema med dei langsiktige modellane i SSB. Eg avgrensa min kritikk til arbeidstilbodet. Eg meiner at modellen dei brukar for å rekna ut effekten på statsbudsjetta, er særs god, men når det gjeld arbeidstilbodet, nyttar dei ikkje ein modell, men skjønn eller i visse fall ein særs forenkla modell. Det er mange som har bygd modellar for å analysera effekten på arbeidstilbod og andre incentiv. Men det rammeverket har dei ikkje teke inn. Eg seier at dei bør utvida modellporteføljen til å inkludera arbeidstilbod. Brevet frå Holmøy får meg til å innsjå at på arbeidstilbodsanalyser står det verre til enn eg trudde. Holmøy vedgår der altså ope at dei har nytta eige skjønn.

 

Så Cappelen

Holmøy meiner å påvisa grove konkrete feil frå Storesletten, Ådne Cappelen avviser derimot sjølve tenkinga bak rapporten og vedlegga. I notatet går Cappelen gjennom mange år med samfunnsøkonomisk forsking, men han går særleg inn på det faktumet at utvalet vil at SSB skal nytta modellar som alt er i bruk i Noreg, mellom anna av Noregs Bank. Han forstår ikkje kvifor ein rapport som seier at SSB er for lite heterogen, skal munna ut i ein konklusjon som vil gjera dei offentlege prognosane samla sett mindre heterogene. Framlegget er «langt på vei en kopi av det Noregs Bank gjør», skriv Cappelen.

Han slår fast at SSB lagar betre prognosar enn Noregs Bank, sjølv om banken «bruker mye mer ressurser på dette enn noen andre». Han slår også fast at sida SSB bruker mykje mindre ressursar enn sentralbanken, er det «utenkelig» at SSB kan laga like gode analysar som Noregs Bank om dei må nytta dei same modellane som banken. Han konkluderer med at SSB ikkje bør endra modell:

«Når SSB klarer seg så godt i slike sammenligninger med bruk av mindre innsats, er det grunn til å tro at det skyldes en bedre modell fordi det er urimelig å tro at vi er flinkere økonomer enn ansatte i Noregs Bank.» Storesletten og Bjørnland nyttar mykje tid på å hevda modellane til SSB ikkje er «lukka nok», altså at dei har for mykje skjønn og er for lite vitskaplege. Cappelen trur lite på desse påstandane om at Noregs Bank har lukka modellar, og skriv ironisk: «Hvis det imidlertid faktisk er slik at Norges Banks prognoser genereres ‘ved å trykke på en knapp’ skjønner vi hvorfor Norges Bank ikke lager bedre prognoser.»

 

Mannen i Finansdepartementet

Men om SSB er så gode på å laga prognosar, kvifor kjem desse framlegga om endring? Her har Cappelen eit litt koda språk, han snakkar om ein hypotetisk person, som for dei innvigde likevel har likskap med ein konkret: «Hvis det kom inn en ny ekspedisjonssjef i Finansdepartementet» som hadde ei sterk tru på modellane som Noregs Bank bruker og som utvalet vil at SSB no skal nytta, meiner Cappelen, burde denne ekspedisjonssjefen etter kvart koma til ei forståing om at slike «modellar føyer data så dårlig at politikkråd basert på den ikke ville ha troverdighet i offentligheten».

Finst det så ein slik ekspedisjonssjef som er ny og til dømes kjem frå Noregs Bank, og der var svært glad i desse mikroøkonomisk likevektsmodellane? Ja, Amund Holmsen, som nett er utnemnt til leiar av den mektige økonomiavdelinga, passar perfekt med den hypotetiske personen til Cappelen. Og den same Holmsen har hatt fleire møte med Bye-utvalet, står det i rapporten deira.

Vi har spurt Holmsen om han kjenner seg råka av kritikken frå Cappelen. E-post-svaret hans kan vanskeleg seiast å vera klargjerande: «SSB er en uavhengig institusjonen for innsamling, bearbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge. SSB avgjør selv hvilke metoder som er egnet til å løse byråets oppdrag. Finansdepartementet bidrar til faglig diskusjon og utvikling innen økonomi og statistikk gjennom Modell- og metodeutvalget, som blant annet arrangerer seminarer. Finansdepartementet kan ikke gå inn i interne vurderinger hos SSB.»

For dei med hang til litt konspiratorisk tenking, kan det som skjer i SSB og Finansdepartementet, vera starten på Høgres lange marsj gjennom institusjonane. Ap har vore dyktige til å få sine folk og modellar inn i maktposisjonar, no er det kanskje Høgres tur. Meyer er tidlegare statssekretær for Høgre, Holmsen er gift med Julie Christiansen som i mange år var rådgjevar i Høgre og sat i ein periode på Stortinget. Ein kan vel òg seia at høgreorienterte er litt meir glade i likevektsmodellar og rasjonell aktør enn kva venstreorienterte er. Tradisjonelt har Noregs Bank vore sett på som lett høgreorientert og SSB lett venstreorientert. No går det kan henda mot at Thatcher-revolusjonen kjem til SSB nesten 40 år på overtid.

 

Fasit

Finst det så ein fasit? Som Finansavisen har peika på, har Oliver Blanchard, den tidlegare sjeføkonomen i IMF og ein av verdas mest respekterte økonomar, nett skrive at modellane som utvalet vil at SSB no skal nytta, er best eigna for å svara på akademiske spørsmål, og at dei bør vera konsentrerte om menneskeleg åtferd og firma og ikkje svara på alt.

Dei som nyttar modellane som SSB nyttar, seier han, bør akseptera at dei berre kan ha eit laust vitskapleg fundament, men at modellane bør nyttast til å sjå på slikt som finanspolitikk. Båe modellane trengst, seier han, men ingen av dei kan svara på alt. Og Noreg har altså båe modellane, men ikkje lenge – om utvalet får viljen sin.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa